Planen med tilhøyrande saksdokument ligg på Servicetorget i Rådhuset, på biblioteket i Pyramiden, Gaupne og på www.luster.kommune.no.

Området er på ca. 6 daa. Formålet med omreguleringa er å leggje til rette for universell tilkomst til kyrkja og samstundes få fleire parkeringsplassar i Solvorn.

Har du merknader?
Merknader til planframlegget skal sendast til Luster kommune, Postboks 77, 6866 Gaupne, e-post: postmottak@luster.kommune.no eller elektronisk høyringsskjema innan 5. august 2020. Hugs å merke med plannamn, plan-ID og kva tilknyting du har til det regulerte området (grunneigar, nabo osv.).

Har du spørsmål?
Spørsmål knytta til planframlegget kan rettast til planleggjar Inger Handegård, tlf.: 57 68 55 91, E-post: inger.handegard@luster.kommune.no

Plandokument:

Handsaming:

Melding om oppstart av planarbeid. Frist for innspel er 23. februar 2019.

Detaljregulering for Solvorn kyrkje, plan-ID 2016001
Planen er i samsvar med Luster kommune sitt planleggingsprogram, vedteken 13.12.2018.

Føremålet med reguleringa
Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for universell utforma tilkomst til Solvorn kyrkje og nokre fleire parkeringsplassar. Det vert arbeida med to alternative løysingar for tilkomst og parkering til kyrkja, ein nord og ein sør for kyrkja.
Planlagde tiltak vert vurdert til å ikkje ha vesentlege verknadar for miljø og samfunn, og utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

 

Solvorn-kyrkje-heimeside.jpg

Planområdet
Planområdet er på ca. 11,5 daa, sjå kartutsnitt.
Planen omfattar heilt eller delvis gbnr. 168/1, 168/29, 168/28, 168/9, 168/10, 168/32, 176/7, 170/1, 168/8, 170/7.
Planområdet vil verte redusert når alternativ for endeleg plassering av tilkomst og parkeringsplassar er bestemt.
Aktuelle føremål i planen er forsamlingslokale for religionsutøving (kyrkje), grav- og urnelund, samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur (køyreveg, parkering, gangareal), og landbruk.


Gjeldande planar
I gjeldande kommuneplan, arealdel frå 2015, er tilkomst og parkering til kyrkja lagt sørover til Gamlevegen. Alternativ løysing med parkering og tilkomst frå nord er ikkje i samsvar med gjeldande kommuneplan.
Planområdet ligg innafor omsynssone for bandlegging etter lov om kulturminne. Kyrkja har ei 60 meter buffersone på alle kantar. Denne omsynssona vert innarbeida i planforslaget. Det er også faresoner skred i området som også må takast omsyn til og innarbeidast i planen. 
Planområdet er tidlegare regulert i reguleringsplan Løteigane, plan-ID 1986001. Delar av Gamlevegen inngår i reguleringsplanen for Borhaug, plan-ID 2005003 frå 2009, sak 2005/1348. Jordbruksarealet sør for kyrkja er ikkje tidlegare regulert.

Lenkje til gjeldande planar og planomriss i kommunekart

Har du innspel til planarbeidet?
Innspel kan sendast innan 23. februar 2019 til:

Luster kommune
Rådhusvegen 1
6868 Gaupne

eller på elektronisk høyringsskjema 

eller til postmottak@luster.kommune.no

Merk innspelet med plannamn, plan-ID og skriv kva tilknyting du har til det regulerte området (grunneigar, nabo osb.).

Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål til planarbeidet. Du kan kontakte planleggjar Inger Handegård på tlf. 57 68 55 91 eller på e-post inger.handegard@luster.kommune.no
Du kan òg ta kontakt med rådgjevar/trainee Susanne Støyle Alsaker på tlf. 57 68 55 89 eller på e-post ssa@luster.kommune.no.

Vidare saksgang
Etter at innspelfristen er gått ut, vil Luster kommune v/plan utarbeide eit planframlegg som skal handsamast i Plan- og forvaltningsstyret. Det vert i utgangspunktet ikkje sendt svar på innspel, men alle innspel vert kommentert i saksframlegget og ligg tilgjengeleg for politikarane, når planframlegget vert lagt fram for 1.gongs handsaming i Plan- og forvaltningsstyret.
Melding om offentleg ettersyn av planframlegget vert annonsert i Sogn avis. Planframlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker, de vil bli varsla ved brev også om dette. I denne perioden er det høve til å sende inn merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Aktuelt regelverk
• Melding om oppstart: Plan- og bygningslova § 12-8
• Plantype detaljregulering: Plan- og bygningslova § 12-3
• Planprogram: Plan- og bygningslova § 4-1
• Krav om konsekvensutgreiing: Forskrift om konsekvensutgreiing § 8 første ledd jf. § 10
• Reguleringsformål og omsynssone: Plan- og bygningslova §§ 12-5 og 12-6
• Handsaming av reguleringsplanframlegg: Plan- og bygningslova § 12-10