Reguleringsplan - kommunal

Kommunal reguleringsplan - planprosess og sakshandsaming frå oppstartsvedtak til planen er eigengodkjent.

Plan og bygningslova § 27
Vegledar for utarbeiding av reguleringsplan
 

Oppstartsvedtak:

    • Det faste utvalet for plansaker(formannskapet) gjer vedtak om at det skal setjast i gang reguleringsplanarbeid.
    • Vedtaket skal visast med avgrensing på kart og det skal stå kva formål kommunen har med reguleringa.


Kunngjering av oppstart - frist for å komma med innspel:

    • Vedtak om oppstart av reguleringsplanarbeidet, kartavgrensing og formål med reguleringa skalkunngjerastgjennom annonse i Sogn Avis samt i brev til grunneigarar og rettshavarar der dette er praktisk mogeleg.
    • Vedtak og oppstart skal også leggjast ut på kommunen si heimeside, på servicetorget og på hovudbilblioteket, samt det biblioteket området ligg i.
    • Der det er praktisk gjennomførleg skal også det innformerast om oppstartsvedtaket i Lustranytt.
    • Melding om oppstart skal også gå til fylkeskommunen samt til andre offentlege instansar der det er naturleg med eit samarbeid. Sjå adresseliste offentlege innstansar.
    • I kunngjeringa skal det setjast ein frist for å komma med innspel til planen. Denne fristen skal vera rimeleg.
    • Alle kan kome medinnspel til planarbeidet.


1. gongs handsaming:

    • På grunnlag av oppstartsvedtak og innspel vert planen utarbeida av ein fagkyndig person
    • Plankart med tekstdel og reguleringsføresegner skal handsamast av Det faste utvalet for plansaker (1. gongs handsaming av planen)
    • Det faste utvalet for plansaker vedtek offentleg utlegging av planen (offentleg høyring) på minst 30 dagar (kan vera kortare for små planar).


Utlegging til offentleg ettersyn

    • Ein reguleringsplan har ei offentleg høyring (utleggingstid) på minst 30 dagar.
    • Alle kan sende inn merknad til kommunen på det framlagde planforslaget innan ein gitt dato.
    • Vedtak om offentleg ettersyn og eit nedfotografert kart av planen skalkunngjerastgjennom annonse i Sogn Avis samt i brev til grunneigarar og rettshavarar der dette er praktisk mogeleg.
    • Vedtak om offentleg ettersyn, kart, tekstel og reguleringsføresegner skal også leggjast ut på kommunen si heimeside, på servicetorget og på hovudbilblioteket, samt det biblioteket området ligg i.
    • Der det er praktisk gjennomførleg skal også det innformerast om oppstartsvedtaket i Lustranytt.
    • 1. gongs handsaming og vedtak om offentleg ettersyn skal også sendast fylkeskommunen samt til andre offentlege instansar der det er naturleg med eit samarbeid. Sjå adresseliste offentlege innstansar.


2. gongs handsaming:

    • Alle innkomne merknader vert vurdert og lagt fram for Det faste utvalet for plansaker som har 2. gongs handsaming av planen.
    • Dersom Det faste utvalet for plansaker vedtek planen slik som utlagt til offentleg ettersyn, eller berre med mindre vesentlege endringar, går planen vidare til kommunestyret for eigengodkjenning.
    • Dersom det vert gjort vesentlege endringar med planforslaget etter at det har vore ute til offentleg ettersyn, må planforslaget leggjast ut til ny offentleg ettersyn før planen kan sendast kommunestyret for eigengodkjenning.


Eigengodkjenning av plan:

    • Vedteken plan skal kunngjerast gjennom annonse i Sogn Avis samt i brev til alle som har sendt inn merknader til planen. I brev skal det opplysast om klagerett og klagefrist som er 3 veker frå motteke varsling.
    • Vedteken og oppdatert plan og føresegner skal også leggjast ut på kommunen si heimeside, på servicetorget og på hovudbilblioteket, samt det biblioteket området ligg i.
    • Der det er praktisk gjennomførleg skal også det innformerast om vedteken plan i Lustranytt.
    • Kopi av vedteken og oppdatert plan og føresegner skal sendast fylkeskommunen og fykesmannen. Sjå adresseliste offentlege innstansar. Planen skal vera skrive ut på "arkivbestandig papir" eller godkjent digitalt arkivformat.
    • Kommunen skal arkivera endeleg vedteke plankart. Plankartet skal vera signert og datert, og vera på arkivbestandig papir. Eit signert og datert eksemplar av reguleringsføresegnene skal arkiverast saman med plankartet.
    • Dersom det kjem innsigelser mot planen frå fylkeskommune, nabokommune eller statleg fagmyndigheit, må plan som er eigengodkjent av kommunen sendast departementet som avgjer om planen skal stadfestast.


 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS