Utlegging til offentleg ettersyn

I samsvar med reglane i Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10 og 11, har det faste utvalet for plansaker i møte 04.12.2018 vedteke å leggja planen ut til offentleg ettersyn. Planframlegget med tilhøyrande saksdokument er lagt ut til ettersyn i tida frå 08.12. – 26.01.2019.

Spørsmål knytta til planframlegget kan rettast til planleggjar Susanne Støyle Alsaker, tlf.: 57 68 55 89, E-post: ssa@luster.kommune.no

Merknad til planframlegget kan sendast skriftleg innan 26. januar 2019 via høyringsskjema, på e-post til postmottak@luster.kommune.no  eller i post til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne.

Plandokument:

Handsaming:

 

Politisk handsaming Plan- og forvaltningsstyret 04.12.18

Plan- og forvaltningsstyret handsama saka i møte 4.12.18 sak 69/18

Melding om oppstart av reguleringsplanarbeid

Luster kommune melder med dette oppstart av planarbeid for Neshøgdi – omregulering

Frist for innspel er 19. november.

Plan-ID 2018003. Planområdet er tidlegare regulert i to detaljreguleringsplanar, Neshøgdi bustadfelt frå 2011 og Orrhaug, Nes frå 2005. Endring av reguleringsplan medfører ny planprosess.

Formålet med planarbeidet

Bakgrunnen for omreguleringa er å betre trafikktryggleiken ved å utvide gjeldande reguleringsplan for Neshøgdi bustadfelt til å omfatte areal for ei busslomme på sørsida av fylkesveg 55. I tillegg skal mindre endringar til gjeldande reguleringsplan teiknast inn i plankart for å syne eksisterande situasjon etter utbygging. Endringane gjeld plassering av poststativ og bossoppstilling, samt tilkomst til gbnr. 72/106 (Neshøgdi 2), gbnr. 72/96 (Neshøgdi 12) og snuhammar på vegen Neshøgdi (V1 på plankartet). I tillegg vert eit mindre areal i reguleringsplan for Orrhaug, Nes inkludert i planområdet for å syne eksisterande breidde på veg og avkøyrsel frå fv. 55.

Planarbeidet vert vurdert til å ikkje ha vesentlege verknadar for miljø og samfunn, og utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing.

Planområdet

Planområdet er på om lag 36 daa, sjå avgrensinga på kartutsnittet under. Planområdet kan verte redusert langs fv. 55 ved seinare høve når plassering av busslomme er fastsatt. Aktuelle formål i planen er

  • Bygg og anlegg (bustad, renovasjonsanlegg)
  • Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur (køyreveg, kollektivhaldeplass-busslomme, parkering, gangareal, anna veggrunn - grøntareal)
  • Grønstruktur (friområde)
  • LNF-område
  • Omsynssone (fornminne - gravhaug)

Gjeldane planar
Delar av planområdet er ikkje regulert.  Store delar av planområdet er regulert i reguleringsplan Neshøgdi bustadfelt, plan-ID 2010005, vedteke 16.06.2011, sak 10/2170. Eit areal nord i planavgrensinga er regulert gjennom reguleringsplan for Orrhaug, Nes, plan-ID 2004001, vedteke 17.11.2005, sak 2004/2959. I kommuneplanen sin arealdel frå 2015 er planområdet er sett av til LNF-område, bustader og friområde.

Heimeside_planavgrensing.JPG

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Har du merknader?
Eventuelle innspel og/eller merknader kan sendast Luster kommune v/plan, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne eller e-post: postmottak@luster.kommune.noinnan 19. november 2018.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Luster kommune, v/planleggjar
Susanne Støyle Alsaker, tlf. 57 68 55 89, e-post: ssa@luster.kommune.no.

Aktuelt regelverk

  • Melding om oppstart: Plan- og bygningslova § 12-8
  • Reguleringsformål og omsynssone: Plan- og bygningslova §§ 12-5 og 12-6
  • Endring av reguleringsplan: Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-14
  • Konsekvensutgreiing: Forskrift om konsekvensutgreiing § 6 punkt b