Rekruttering

Sjølvbetening

Statleg informasjon ikon

Rettleiing - Korleis søke på ledig stilling

For å søke på ledige stillingar må du nytte vårt elektroniske søknadsskjema.

NB!
Dersom du skal søke på fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling.

Utdanning og praksis må vere fullstendig utfylt for at søknaden skal verta handsama. Dette gjeld også for fast tilsette i Luster kommune som søkjer på interne stillingar.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad. 

Alle søkarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett
e-postadresse i søknaden.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør den nye offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Web levert av CustomPublish AS