Renovasjons- og slamgebyr

 Døme på dei mest vanlege gebyrsatsane eks. moms:

Betalingssatsar - renovasjon og slam 2012
Artikkel: Pris:
Renovasjon:  
Standardabonnement (pkt. 6.1) 2 658,-
Abonnement lik standard, men 240 liter dunk for restavfall i staden for 140 l 2 986,-
Minimumsgebyr (pkt. 6.2.1) 1 728,-
Abonnent som heimekomposterar (pkt. 6.2.3/6.3.1) 1 728,-
2 abonnentar som deler våtorganisk dunk, pr. abonnent (pkt. 6.2.2) 2 032,-
Hyttegebyr for dei abonnentane som leverer i felles container/dunk (pkt. 6.6) 1 063,-
   
Slam:  
Tømming av slamavskiljar kvart 2. år (pkt. 7.1) 896,-
Tømming av slamavskiljar kvart 4. år (pkt. 7.2) 477,-
 
 
(meir detaljert gebyrregulativ under)

Kap. 6: Renovasjonsgebyr

6.1 Utrekning av renovasjonsgebyr - 2012:
Eit standardabonnement vert definert som 1 stk 140 liter behaldar for våtorganisk avfall tømt kvar 14. dag, 1 stk 140 liter behaldar for papp/papir tømt kvar 4. veke og 1 stk 140 liter behaldar for restavfall tømt kvar 4. veke. I standardabonnementet er også medrekna at kvar abonnement har rett på 1 stk rull med plastknytesekkar årleg.
Ved bruk av 4.5 m3 container, 8 m3 container og 10 m3 m.m., vert prisen rekna ut med grunnlag i standardabonnementet.
Irekna i gebyra i kapittel 6 er kr 60,- pr. abonnent, som gjeld kommunen/SIMAS sin del med innkrevjing av gebyr, oppdatering av abonnementsregister m.m. Alle prisar er eks. mva.
Ved endring i sorteringsreglementet, jamfør ”Forskrift for innsamling av hushaldningsavfall og slamtøming”, §10, kan tekstdelen i kapittel 6 - renovasjonsgebyr, i denne forskrift, endrast av SIMAS.
Tabell 6.1 Satsar for renovasjonsgebyr - 2011
Satsar for renovasjonsgebyr - 2011
Storleiken på behaldar
Behaldar for våtorganisk avfall med hentefrekvens kvar 14. dag Behaldar for restvfall med hentefrekvens kvar 4. veke Behaldar for papp/papir med hentefrekvens kvar 4. veke
140 liter 1 252,- 813,- 593,-
240 liter   1 141,- 829,-
660 liter   3 260,- 2 369,-
4,5 m³ container   18 327,- 13 323,-
8,0 m³ container   31 543,- 23 683,-
10,0 m³ container   40 727,- 29 605,-
  • I tillegg kjem 25% meirverdiavgift.
 
 
Tabell 6.2 Satsar for heime- og samkompostering – 2011:
 
Satsar for heime- og samkompostering – 2011
Type kopostering Etter punkt 6.3.1 Etter punkt 6.3.2 Etter punkt 6.4
Heimekompostering 313,- 188,-  
Samkompostering     188,-
  • I tillegg kjem 25% meirverdiavgift.
 
 
6.2 Reduksjon i renovasjonsgebyret:
6.2.1 Etter grunngjeven søknad kan det gjevast ein gebyrreduksjon på maks 35% i høve eit standardabonnement, jamfør punkt 6.1, til einsleg person i eige husvære, som ikkje har høve til å levere i lag med andre.
 
6.2.2 Fleire abonnementeiningar kan gå saman om avfallsbehaldarar, og gebyret vert fastsett i samsvar med dei kombinasjonane som kjem fram ved samanstilling av volum.
 Abonnentar som kombinerer/deler behaldarar, vil kunne oppnå ein gebyrreduksjon på maks 35% i høve eit standardabonnement, jamfør punkt 6.1, pr. abonnementeining.
 6.2.3 Abonnentar som heimekomposterar eller samkomposterar, vil kunne oppnå ein gebyrreduksjon på maks 35% i høve eit standardabonnement, jamfør punkt 6.1, pr. abonnementeining. Ein føresetnad for dette, er imidlertid at reglane i punkt 6.3 vert etterfølgde.
 
 
6.3 Prisdifferensiering ved heimekompostering og samkompostering:
 Ved heimekompostering kan det differensierast på 2 måtar:
 
6.3.1 Dei som ynskjer å heimekompostere på stadar der renovatørbilen likevel køyrer forbi og hentar våtorganisk avfall, skal få eit tilskot til kjøp av godkjent kompostbinge med 25% av kostnaden, maks kr 500,- pr. kompost binge. I tillegg får abonnenten ein reduksjon i gebyret på 75 % for den våtorganiske delen, rekna ut frå ein 140 liter behaldar for våtorganisk avfall, jamfør tabell 6.1 og 6.2. For fraksjonane papp/papir og restavfall skal abonnenten betale etter storleiken på behaldarane, jamfør tabell 6.1. Opp til tre abonnementeiningar kan gå i lag og heimekompostere i same kompostbingen.
 
6.3.2 Dei som går med på å heimekompostere på stadar der kommunen på grunn av bruken
av bingen vil få ein reduksjon i transportkostnaden, vil få utlevert ein komposteringsbinge som abonnenten leiger på lik linje med ein standard dunk/behaldar. I tillegg får abonnenten ein reduksjon i gebyret på 85 % for den våtorganiske delen, rekna ut frå ein 140 liter behaldar for våtorganisk avfall, jamfør tabell 6.1 og 6.2. For fraksjonane papp/papir og restavfall skal abonnenten betale etter storleiken på behaldarane, jamfør tabell 6.1. Opp til tre abonnementeiningar kan gå i lag og heimekompostere i same kompostbingen.
 
For begge alternativa gjeld det vilkår at kvar abonnementeining skal gjennomføre eit kurs i heimekompostering/ha gjennomført eit kurs i heimekompostering godkjent av SIMAS, samt inngå ei skriftleg avtale med SIMAS om gjenvinning av avfallet og som regulerer type behandlingseining, eigedom, type avfall, økonomiske vilkår og sanksjonar ved brot på avtale.
6.3.3 Abonnentar som vert pålagd samkompostering av våtorganisk avfall, jamfør ”Forskrift for innsamling av hushaldningsavfall og slamtøming §3, 4. avsnitt”, vil få ein reduksjon i gebyret på 85 % for den våtorganiske delen, rekna ut frå ein 140 liter behaldar for våtorganisk avfall, jamfør tabell 6.1 og 6.2. For fraksjonane papp/papir og restavfall skal abonnenten betale etter storleiken på behaldarane, jamfør tabell 6.1.
For punkt 6.3.1, 6.3.2 og 6.3.3, gjeld likevel at ei abonnementeining uansett ikkje skal betale mindre enn det fastlagde gebyret under punkt 6.2.3. For punkt 6.3.1 og punkt 6.3.2, gjeld dette ikkje for dei som har meir enn 300 meter frå bustadhus til samleplass, jamfør punkt 4.1.2. For punkt 6.3.3 gjeld dette ikkje for dei bustadhusa som ligg meir enn 2 km frå tilvist stad for levering av våtorganisk avfall, jamfør punkt 4.1.3.
 
 
6.4 Tilleggsgebyr ved feilleveransar:
Dersom kontrollar utført av Kommunen, SIMAS, eller den som på vegne avKommunen/SIMAS hentar hushaldningsavfall, syner feilleveransar i høve punkt 6.3, vert abonnenten kravd for tilleggsgebyr for heile perioden vedkommande har hatt avtale omreduksjon, likevel avgrensa til 2 år. Tilleggsgebyret er kr 500,- pr abonnementeining pr. år.
Ved brot på sorteringsreglementet, jamfør §10 ”Forskrift for innsamling av hushaldningsavfall og slamtøming”, kan abonnenten ileggjast eit tilleggsgebyr på inntil kr 500,-, pr. tømming.
 
 
6.5 Prisdifferensiering ved levering av hushaldningsavfall i fellesbehaldarar:
Abonnentar som vert pålagd levering av hushaldningsavfall i fellesbehaldarar, jamfør ”Forskrift for innsamling av forbruksavfall og slamtøming §3, 5.avsnitt”, vil få ein reduksjon i det årlege renovasjonsgebyret på 30% rekna ut frå eit standardabonnement, jamfør punkt 6.1.
Dei av desse som ynskjer å heimekompostere, vil få tilskot som i punkt 6.3.1, men ikkje nokon ytterlegare reduksjon i gebyret.
 
 
6.6 Gebyr for hytte/fritidshus/fritidshusvære:
Eigarar/festarar av hytte/fritidshus/fritidshusvære vert ikkje pålagt å sortere avfallet. Desse vert enten tilvist å levere i behaldarar/containarar/bosbuer som vert sett opp på ulike stadar i kommunen, eller tilvist å levere i sekk på oppgjeven stad til gjevne tider. Dei som ynskjer det og har behov for det, kan i staden for få utlevert tre stk 140 liter behaldarar, ein for våtorganisk avfall, ein for restavfall og ein for papp/papir, som skal utsettast på oppgjeven stad til gjevne tider.

Renovasjonsgebyret for hytte/fritidshus/fritidshusvære vert fastsett til 40% av standardgebyret for dei som leverer avfallet sitt i felles behaldarar/containarar/bosbuer eller i sekk.
Renovasjonsgebyret for hyttefritidshus/fritidshusvære vert fastsett til 50% av standardgebyret for dei som leverer avfallet sitt i 3 stk 140 liter behaldarar (våtorganisk avfall, restavfall og papp/papir).
 
6.7 Gebyr for levering av avfall til SIMAS m.m.:
SIMAS fastset gebyret for deponering av avfall på fyllplassen i Festingdalen, deponering av slam/avvatna slam i slamlagune i Festingdalen og handsamingskostnaden for våtorganisk avfall/avvatna slam i det sentrale komposteringsanlegget.

SIMAS fastset prisar for levering av avfallsfraksjonar til Festingdalen Miljø- og Avfallsplass og til miljø- og avfallstasjonane ute i kommunane, som er ikkje er dekka inn av abonnementsgebyret.
Gebyra/handsamingskostnaden vert fastsett på grunnlag av vekt, volum, stk. pris eller anna utrekningsmåte.
 

Kap. 7 Slamgebyr

Tabell 7 Satsar for slamtømming - 2011:
Årleg gebyr for tøming etter oppsett tømeplan og varsling, eks mva:
1
Årleg gebyr/stk
Separate slamavskiljarar
0 - 4,5 m³, bustadar
Tøming kvart 2. år
2
Årleg gebyr/stk
Separate slamavskiljarar
0 – 4,5 m³, bustadar utan toalett tilknytta, samt
fritidshus med og
utan toalett
Tøming kvart 4. år
3
Pris pr m³, registr.
totalvolum tank
Felles/separat slamavskiljar
          4, 5 m³
 
Tøming kvart 2. år.
4
Pris pr m³, registr.
totalvolum tank
Felles/separat slamavskiljar
          4, 5 m³
 
Tøming 1 gang pr. år
5
Pris pr. stk
Tette oppsamlings-
tankar
0 - 4,5 m³,
Tøming etter behov i ordinær rute
6
Pris pr m³, registr.
totalvolum tank
Tette oppsamlings- tankar
          4, 5 m³
 
Tøming etter behov i ordinær rute
Kr 896,-
Kr 477,-
Kr 225,- pr. m³
registrert tankvolum
Kr 450,- pr. m³
registrert tankvolum
Kr 1770,-
Kr 450,- pr. m³
registrert tankvolum
Ekstratøming utanom oppsett tømeplan for dei ulike tankane – typane, eks mva:
1.1
Pris pr. stk. pr. gang
for ekstratøming
Separate slamavskiljarar
0 - 4,5 m³, bustadar
2.1
Pris pr. stk. pr. gang
for ekstratøming
Separate slamavskiljarar
0 – 4,5 m³, bustadar utan toalett tilknytta, samt fritidshus med og utan toalett
3.1
Pris pr m³, registr.
totalvolum tank for ekstratøming
Felles/separat slamavskiljar
          4, 5 m³
 
4.1
Pris pr m³, registr.
totalvolum tank for ekstratøming
Felles/separat slamavskiljar
          4, 5 m³
 
5.1
Pris pr. stk pr. gang for ekstratøming
Tette oppsamlings-
tankar
0 - 4,5 m³,
6.1
Pris pr m³,registr.
totalvolum tank for ekstratøming
          4, 5 m³
 
Kr 3212,- / gang
Kr 3212,-/ gang
Kr 714,- /m³ registrert tankvolum
Kr 714,-  / m³
registrert tankvolum
Kr 3759,- pr. gang
Kr 835,-  /pr.  m³
registrert tankvolum

Dersom tøminga ikkje kan skje grunna manglande klargjering frå abonnenten si side, vert tøminga rekna som utført og ny tilkøyring vert rekna som ekstratøming, jamfør §14 og §16 i ”Forskrift for innsamling av forbruksavfall og slamtøming.”
Gebyret skal krevjast inn årleg frå abonnentane.
Ekstratøming vert fakturert enkeltvis direkte til abonnenten frå kommunen/SIMAS.
 

Kap. 8: Betalingsreglar, justering m.v.

8.1 Prisane i regulativet er pr. 01.01.2012:
Dei einskilde gebyra under kapittel 6 og 7 skal årleg vedtakast i kommunen. Representantskapet til SIMAS gjev tilråding til kommunane om endring av gebyra.Om kommunane ynskjer å gje ekstra service til abonnentane utover det normale tilbodet i regionen frå SIMAS, skal kommunane dekkje dette sjølve, utanom gebyrsatsane gjevne i kapittel 6.
 
8.2 Renovasjonsgebyret og slamgebyret skal betalast i to terminar årleg med forfall 1. april og 1. oktober. Gebyret vert fordelt likt på dei to terminane.
 
8.3Ved registrering av nytt renovasjonsabonnement, eller ved endring av eksisterandeabonnement, vert nytt gebyr rekna frå den første i månaden etter at innflyttinga/endringa er meldt til kommunen. Tilsvarande vert gebyret rekna fram til den siste dagen i månaden der gebyrplikta vert avslutta. Ved nybygg og bruksendring skal renovasjonsgebyr betalast frå og med fyrste heile månad etter at innflytting skjer eller frå bruksløyve/mellombels bruksløyve//bruksendring vert gjeve.
 
8.4 Ved registrering av nytt slamabonnement, eller ved endring av eksisterande abonnement, vert slamgebyret rekna frå årsskiftet etter registrering. Ved avslutning av eit abonnement, skal det reknast gebyr fram til siste tømming av slamavskiljar/septiktank fullt ut er betalt.
 
8.5 Gebyra vert rekna fullt ut sjølv om huset periodevis står tomt, med unnatak av tilfelle som nemnd under punkt 3.1 og punkt 3.2 i denne forskrift.
8.6 Alle gebyr skal inntil vidare betalast til kommunen etter rekning.
Det kan fastsetjast eit purregebyr på kr 50,- pr. purring ved for sein betaling.

 

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS