Med 18 ungdomar, tilsette frå ulike tenester i kommunen; oppvekst, helsestasjon, NAV, kultur, folkehelse, barnevern og politi – samt representantar frå FAU var det ein flott og engasjert gjeng som deltok.

Ordførar Ivar Kvalen opna samlinga og viste til at denne undersøkinga er eit fint verktøy for politikarane i høve prioriteringar framover. 
Punkt ein kan ha med seg og vere obs på - drøfte vidare på skulane, foreldremøte m.m. er:
(Tal frå ungdomsskule gjeld både Hafslo barne- og ungdomsskule og Luster ungdomsskule)

  • Ungdommen søv mindre (Ungdomsskule: Søv 6 timar el mindre 18% gutar og 22% jenter) (5 – 7 klasse, eg har problem med å sove; jenter 29%)
  • Kvifor er det ein del som gruar seg til å gå på skulen? Gjeld også 5- 7 klasse.
  • Det er ein del ungdom som ikkje opplever at dei har nære venner (På ungdomsskule 19% jenter og 13% gutar).
  • Me ser ein utvikling i høve psykiske helseplager siste 10 åra nasjonalt (bekymring, føler seg einsom, føler seg anspent mm). Særskilt jenter scorar høgt på psykiske helseplager – høyrer dette med til ungdomstida no? Me ser også dette i 5 – 7 klasse. Kva legg ungdommen i desse punkta?  
  • Sosial ulikskap: Barn som opplever at føresette har dårleg råd trivst også dårligare på skulen. Ein ser og samanheng med at desse ungdommane drikk meir, er meir trist og deprimert. Kva tiltak har me?
  • Alkohol: Ungdommen i distrikta drikk meir enn byane. Når skal vi vere bekymra? Tala viser samanheng mellom alkoholbruk og reglar i heimen.
  • Fritidsaktivitetar: Ser nedgang i deltaking – truleg pga. pandemi. Viktig å få ungdommen inn att i desse aktivitetane. På denne arena får ein sosiale ferdigheitar, venner, opplever meistring, glede og bygger nettverk.
  • Dataspel:  Det er mykje bra med dataspel – ungdommen er med venner, får sosial ferdigheitar etc. Dette er ofte ein kjelde til ugreie i heimen. Men er føresette like flinke til å sette seg inn i spela, ser på og snakke med ungdommen? Slik som ein ofte gjer når dei er på fotballtrening? På youtube kan ein søke foreldreregulering og sjå video korleis regulere dataspel i heimen. Gutar scorar høgt på dataspel og jenter scorar høgt på sosiale media.
  • Hatefulle ytringar: Aktuelt tema å drøfte – gjeld spørsmål om du har opplevd å få kommentarar retta mot dine politiske meiningar, ditt kjønn, din seksuelle orientering religion, hudfarge  og etnisk bakgrunn.
  • Vold: Aktuelt tema å drøfte - gjeld spørsmål; har ein ungdom slått deg, sparka deg, rista deg hardt, lugga deg eller liknande (ungdomsskulane i Luster: jenter 23%, gutar 28%) Leikeslossing?

Sjå heile presentasjonen her.