Gamle ubebudde hus

Fleire ringer fordi dei har fått tilsendt faktura for renovasjon på gamle bustadhus som har vore ubebudde i mange år, aldri blir brukt til bustad meir, kanskje blir brukt til lager, eller er meir eller mindre til nedfalls. Det kan også gjelde gamle hytter/feriebustader. Årsaka til faktura på slike bygg, er at dei i matrikkelen er registret med bygningstype 111/113 einebustad/våningshus.

Kva kan du gjere for å sleppe renovasjonsgebyret på denne type bygg?

Du kan sende ein epost eller skrive eit brev til kommunen der du skriv litt om bygget, til dømes om der ikkje er straum, vatn eller bad. Du må legge ved ein bildedokumentasjon på tilstanden. Då kan kommunen som matrikkelførar endre bygningstypekode frå 111/113 einebustad/våningshus til 199 anna boligbygg. Den koden kan gjelde bygningar som står til nedfalls eller blir brukt til lager. Då har kommunen ein dokumentasjon frå eigar på kvifor kommunen som matrikkelførar gjer endringar i matrikkelen.

Heilårsbustad brukt som fritidsbustad

Det er også fleire som har kontakta kommunen fordi dei har fått full renovasjon på bustad som blir brukt som fritidsbustad. For å få endra slike gebyr i framtida, kan me endre bygningstypekode med bakgrunn i faktisk bruk ved at du sender e-post/brev der du beskriv faktisk bruk av huset. Då kan kommunen som matrikkelførar endre bygningstypekoden til 162/163 heilårsbustad/våningshus brukt til fritidsbustad. Renovasjonsgebyret blir då i kategori 1, kr. 3791,- i 2020.

Bygget vil fortsatt vera type B (bustad) ikkje type F (fritidsbustad).

Adresse:
postmottak@luster.kommune.no
Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne

Bruksendring frå bustad til fritidsbustad

Rein fritidsbustad har lågare gebyr enn heilårsbustad brukt som fritidsbustad.

Dersom bustaden skal endrast i matrikkelen til rein fritidsbustad, frå type B til F, må det søkast om bruksendring frå bustad til fritidsbustad. Ein slik søknad skal sendast inn av fagfolk på ordinære byggesøknadsskjema utarbeidd av Direktoratet for byggkvalitet.   
Det er viktig å vere merksam på at dersom huset etter ein slik søknad blir endra til fritidsbustad, vil det ikkje vere lov å bruke som bustadhus. Om det seinare skal brukast som bustadhus, må det søkjast om bruksendring igjen, og då vil tekniske krav til bustadhus på søknadstidspunktet gjelde. Slike bruksendringar kan bli kostbare.
Byggesakshandsamar er kontaktperson i slike saker.

Renovasjonsgebyra finn du informasjon om på Simas.no