A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Kort forklaring av prosedyrer, med lenker til utfyllande stoff

Retten til eit godt læringsmiljø

Korleis handterer skulen krenkjande handlingar?

Alle elevar har lovfesta rett til eit godt læringsmiljø jf §9a i Opplæringslova. Det å kjenne seg trygg på skulen er ein føresetnad for å kunne lære. Skulen jobbar gjennom "Olweus-standarden" systematisk med å førebygge mobbing og med å sikre at krenkjande handlingar blir tekne på alvor og stoppa før det vert alvorlege konfliktar av det. Ein føresetnad for dette arbeidet, er at lærarar og elevar har ei felles forståing av kva som er krenkjande handlingar, og kva som er konsekvensane ved krenkjande åtferd mot andre. Klassane, elevrådet og lærarane arbeida grundig med dette gjennom skuleåret 2012/2013 (sjå plakaten me laga HER), og arbeidet vert vidareført og gjenoppfriska dette skuleåret.

Likevel vil det alltid kunne oppstå situasjonar der elevar kjenner seg krenka av andre elevar (eller vaksne). Viss dette skjer, skal kjensla av å ha blitt krenka alltid bli teken alvorleg, og saka skal undersøkjast av aktuelle lærarar i samråd med rektor. Denne plikta til å undersøkje gjeld uansett om ein elev melder frå, om foreldre melder frå, om andre melder frå, eller om ein vaksen får mistanke sjølv. Viss foreldre eller elev melder frå om krenkjande handlingar, skal skulen v/rektor undersøkje saka, og ut frå undersøkinga fatte enkeltvedtak om at det har skjedd brot på retten til godt læringsmiljø eller at det etter skulen si meining ikkje har skjedd brot på denne retten. Føresette kan klage på enkeltvedtaket. Les meir om rettar i høve saksgang m.m. HER (Utdanningsdirektoratet sine sider).

"Undersøking" vil i mange høve tyde samtale med den "fornærma" i saka, deretter samtale med den eller dei som skal ha utført krenkjande handlingar. Ved denne typen samtalar vil føresette til alle involverte elevar bli varsla om saka per telefon, og evnt informert om tiltak som vert sett i verk (t.d. observasjon, typisk i ei eller to veker før ny samtale med fornærma). Andre gonger kan undersøkinga starte med systematisk observasjon (typisk viss mistanke om mistrivsel eller krenkjande handlingar ikkje kjem frå elevar/konflikt på skulen), og evnt samtalar som skissert over etter systematisk observasjon gjennom ei eller to veker.

Som ein del av det å vere "Olweus-sertifisert", har skulen ein plan for arbeid mot mobbing. Der står det meir om det systematiske arbeidet. Planen vert revidert årleg i lærarkollegiet, elevrådet og samarbeidsutvalet, og det er flott å få spørsmål og innspel til det som står der! HER er eit samledokumentet med viktige planar, skjema og prosedyrer i skulen sitt arbeid med læringsmiljøet.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS