Rettferdsvederlag
I Sogn og Fjordane er det oppretta ei kommunal oppreisingsordning for personar som har vore utsett for omsorgssvikt og/eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg og plassert i barneheim, institusjon, skuleheim, spesialskule eller fosterheim. Søknad om oppreising må vere fremja innan 01.01.2013
Personar som ved eigenerklæring og eventuell annan dokumentasjon sannsynleggjer at dei har vore utsette for overgrep og/eller omsorgssvikt medan dei var under kommunal omsorg før 1. januar 1993, vil få ei oppreising på inntil 725.000 kroner.
Søknad om oppreising blir avgjort av eit felles oppreisingsutval for Sogn og Fjordane.
Søknadsskjema og meir informasjon om ordninga.
2012-01-25

