Rusmiddelmisbruk

Tenesta omfattar mellom anna råd, rettleiing og hjelpetiltak slik at du kan komme deg bort fra rusmiddelavhengigheit og/eller andre avhengigheiter.

Pårørande til personar med rusproblem kan få råd og rettleiing.

Målgruppe

  • Du som er over 18 år og uroleg for eige rusmiddelbruk
  • Du som har utvikla ein rusmiddelavhengigheit
  • Du som er pårørande til ein person med rusproblem

Vilkår

Lover og retningsliner:

  • Lov om sosiale tjenester §§ 4 & 6
  • Kommunehelsetjenesteloven § 2
  • Pasientrettighetsloven § 2
  • Opptrappingsplanen for rusfeltet 

Pris

Tenesta er gratis

Søknadsfrist

Ingen søknadsfrist

Tenesta omfattar:

  • Utredning av behov for tenesta
  • Bistand til å søke om behandlingsplass i institusjon og i Legemiddel assistert behandling (LAR), samt mellombelse tiltak i ventetida
  • Pårørande får tilbod om støttesamtalar
  • Individuell oppfølging, forvern og ettervern
  • Etterverngruppe
  • Individuelle samtalar (råd, rettleiing, motivasjonssamtalar)
  • Tidleg identifisering og tidleg intervensjon
  • Behjelpeleg til utgreiing av somatisk helsetilstand og tannhelse
  • Utvikle Aktivitet(er)
  • Vere behjelpeleg til å søke eigen bustad
  • Oppfølging for barn av rusmiddelavhengige foreldre
  • Oppfølging for pårørande
  • Oppfølging før, under og etter innlegging i institusjon
  • Får bistand til å utarbeide individuell plan (ved behov)
  • Heimebesøk (praktisk bistand og opplæring)
  • Informasjon om dine rettigheiter til dømes i høve pasientrettigheitslova

 

Aktuelle linkar: 
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS