A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Saman om barn og unge

Nytt tilbod!

Saman om barn og unge i Luster

Kven kan hjelpe meg? Kva finst av hjelp? Kva gjer eg om eg vert bekymra for ein elev på skulen min? Kva gjer eg om eg ser at nabojenta har det vanskeleg? Dette er spørsmål som du får svar på i Luster kommune sin nye digitale modell som du finn under "Kommunale tenester" i venstre kolonne. Modellen skal vere til hjelp for alle innbyggjarane i Luster, samt tilsette som jobbar med barn og unge. Klikk på sirklane for å kome til dei ulike områda, og vidare på overskrifta som kjem opp.

Om modellen:
I Luster kommune har me som mål at alle barn og unge skal vekse opp i eit godt og trygt miljø. For å legga til rette for dette har me laga ein modell med utgangspunkt i eit tre. Treet viser at samarbeid på tvers av tenester og nivå i kommunen er avgjerande for at me saman skal fange opp og sikre ei god oppfølging av utsette barn og unge med deira familiar i ein tidleg fase​. Røtene på treet symbolisera kommunenivå, stammen einingsnivå, og trekruna individnivå. Trykker du på dei ulike ikona i trekruna vil du finna svar på ulike spørsmål, til dømes kven du kan kontakte og korleis du går fram om du er uroleg for eit barn eller ungdom. Her ligg det og aktuelle nettsider og filmar. Trykker du på ikona i stammen finn du m.a. informasjon om tenestetilbodet, tverrfaglege samarbeidsgrupper og planar for dei ulike tenestene. På ikona i røtene ligg det m.a. informasjon om kva rammer som gjeld og korleis me har valt å leggje til rette for dette arbeidet i vår kommune.  

Treet symbolisera at me alle har eit ansvar og er ein viktig del av barn og unge sitt liv.

Det er oppretta ei prosjektgruppe som består av tilsette i dei ulike tenestene: Oddbjørg Ese (pedagogisk konsulent) , Anne Helen Strandabø (helsestasjon), Linda Røhme (skule), Per Rune Joranger (barnehage), Trine Anita Systad (NAV), Randi Kalstad (psykisk helseteam), Ingunn Breili (barnevern), Anniken Meisterplass (ruskonsulent), Liv Endresen (flyktningtenesta), Anita Kjørlaug (frivilligsentralen) og Olfert Øvrebø (kommunepsykolog).

Modellen er under utvikling og me ynskjer innspel og tilbakemelding, så ikkje nøl med å ta kontakt med prosjektgruppa eller prosjektleiar Marte Kvisterø Krogstadmo. E-post: marte.krogstadmo@luster.kommune.no

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS