A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

Haustfest 2018

Elevane ved oppvekstsenteret har i nokre veker jobba tverrfagleg med eple- og potetprosjekt. Prosjektet skulle ende i ein hausfest, der produkt dei hadde laga skulle selgast til inntekt for Barnehjelp Afrika. Festen vart halden tysdag 6.november, og den gjekk over all forventning. 

På tampen hadde vi ein eple- og potetquiz, som elevane på mellomsteget hadde laga. Vinnarane (to delte 1.plassar) var dei som sat ved desse borda: (Eple-quiz): "Tordis" og "Høyum, Skjeldestad, Hilleren" og (Potet-quiz): "Svein Arve, Jan, Mette, Lars Arne, Gudny, Wenche" og "Torje, Kasper, Roger, Grete, May, Irene, Odd John og Britt". Bra jobba!!  :) 

. . . . . .

 

2018-11-16

Opning av Raudestova

Onsdag, i flott haustsol, markerte me at Raudestova er renovert. Dette gjekk til etter ein kjempeinnsats frå føresette og vaktmeistar i god dugnadsånd. Stova vart måla og fiksa etter alle kunstens reglar og er no like "god som ny"! Flott at så mange føresette tok turen til opninga. Det vart høgtideleg snorklypping av årets 7. klassingar, etter tale frå rektor. Etterpå kosa me oss med rykande varm kakao i grindaverket medan haustsola varma godt. Me gler oss til å ta denne flotte stova i bruk.

. . . . . . . . .

2019-08-27

Fine dagar

Våren er komen til Solvorn (iallefall nesten), og me har mange kjekke dagar her på skulen. Her kjem ei lita bildekavalkade over noko av det me har gjort på i vår. 

. .  .  .

.

2018-04-06

JAnuar :)

Tida går som oftast fort i januar, so også på skulen. Me skriv allerede veke 4, og me har fult opp med mange lærerike aktivitetar, både i timane og i friminutta. Snøen er ein viktig faktor for aktive friminutt der fart, morro og samspel står i fokus. Både elevar og lærarar krysser fingrar og tær for at den skal halde seg stabil i lang tid framover :) God veke til store og små frå oss på oppvekstsenteret. :)  

 

2018-01-21

Godt nytt år!

Me ynskjer godt nytt år til alle elevar og føresette ved Solvorn oppvekstsenter. Vonar de har hatt ei fredfull juleferie og er klare til nye skuledagar hjå oss.

Me takkar for eit godt samarbeid med dykk foresette og samarbeidspartnarar gjennom 2017. Me set stor pris på kvar og ein av dikka. 

Desember gjekk fort og me laga mange kjekke og lærerike minne saman. Me gler oss til å treffe alle att onsdag 4/1 2018 klokka 08.30. 

Julefest1_259x194.jpg Julefest2_259x194.jpg Julelunch1_202x269.jpg Luciafeiring_259x194.jpg Nissemarsj_274x365.jpg Peparkakeby2_259x194.jpg Peparkakeby_288x216.jpg

2018-01-02

Fantastisk start på nytt skuleår!!

Då var skuleåret 2017/18 godt i gong, og det ser ut som at alle tykkjer det er greit med gode skulekvardagar att. August og skulestart er nesten synonymt med gode værmelingar og strålande sol.. Dette fekk me merke på beste måte då me avslutta første skuleveka med ein fantastisk tur til Huarplassen. Elevane var særs flinke til å gå, og dei let vel omlag heile vegen. Me fekk også ei spennande oppleving på toppen, då me møtte på ein nokså stor (!!) og doven hoggorm, som låg og sola seg. Dette var både morosamt, men også litt skummelt. :) Turen gav iallefall meirsmak, og me vil nytte dette skuleåret til å urforske nærmiljøet vårt i flotte Solvorn. 

Alle klare til å reise på tur_559x419_259x194.jpg Huarplassen Huarplassen Huarplassen Huarplassen Huarplassen Huarplassen

2017-08-29

Aktivitetsplan våren 2017

Det er mykje som skjer på skulen vår framover. Her er ei liste over viktige dagar og hendingar fram mot sommarferien. :) 

Aktivitetar ved Solvorn oppvekstsenter sommar -17.pdf 

2017-05-15

Kommunal SFO-informasjon.

Kommunal SFO-informasjon finn De på www.luster.kommune.no

2014-05-27

test

2014-06-23

7. november

I samband med Haustmarknaden denne dagen vert det ei anna opningstid på SFO. SFO er open frå kl 08.30-13.30 denne dagen. Sjå ellers eige skriv som er utdelt.

2013-10-30
Powered by CustomPublish AS