På denne sida finn du informasjon om krav til søknad/løyve, kva ein kan gjere sjølv og kva som er unnateke krav om søknad/løyve:
- Aller først må du finne ut om byggearbeidet du ynskjer å utføre krev at du søkjer om løyve.
- Etter dei siste endringane i plan- og bygningslova er det no ikkje noko som heiter meldesaker. Enten er tiltaket søknadspliktig eller så er det ikkje krav til søknad.
- Punkta lenger ned seier noko om kva som blir kravd (løyve/søknad mm) ved ulike byggearbeid
- Er du i tvil, bør du kontakte Servicetorget.
Arbeid som ikkje krev søknad om løyve:
Arbeid som ikkje krev søknad om løyve - link
- Legg merke til at arbeid som er unnateke frå søknad må vere i samsvar med plan- og bygningslova og vilkåra gjeve i medhald av lova, bl.a. arealplanar (kommuneplan og reguleringsplan).
- Kommuneplan og reguleringsplanar finn ein på Sognekart.no. Servicetorget vil også kunne hjelpe til med å gi informasjon om kommuneplan/ reguleringsplanar.
Arbeid som krev søknad om løyve og som kan gjennomførast av tiltakshavar (byggherre):
Arbeid som krev søknad om løyve og som kan gjerast av tiltakshavar(byggherre) - link
- Ein del av dei tiltaka som tidlegare var meldesaker er no søknadspliktige, men byggesaka kan likevel fremjast av tiltakshavar utan særskilte krav til godkjenning for ansvarsrett.
- Der tilbygg også omfattar etablering av våtrom er våtrommet søknadspliktig med krav om ansvarlege føretak for søknad, prosjektering, utførelse og kontroll.
Anna arbeid som krev søknad om løyve:
Anna arbeid som krev søknad om løyve - link
- Søknaden må sendast inn, og arbeidet må utførast av føretak som kommunen kan godkjenne som ansvarleg søkjar, prosjekterande, kontrollerande og utførande.
- Generell informasjon og rettleiing om søknadsprosessane
Sjå tenesteomtalar i menyen til høgre.
Situasjonskart:
- Det blir stilt krav om situasjonskart i dei aller fleste sakene. Kart, planføresegner og naboliste får du ved å kontakte Servicetorget.
Søknaden:
Tidsfristar:
Byggearbeidet:
- Når du har fått løyve, kan byggearbeidet setjast i gang. Du sjølv og det føretaket som har søkt og fått ansvarsrett, er ansvarleg for at arbeidet blir utført i samsvar med krav gjeve i eller med heimel i plan- og bygningslova.
- Kommunen kontrollerer ikkje byggearbeidet, men gjer gjennom tilsyn stikkontroll i enkeltsaker. Kommunen fører primært tilsyn med føretaka med gjennomgang av system og rutinar.