Skoglova legg opp til at hogstflater skal ha tilfredstillande forynging, godkjent av den kommunale skogforvaltninga.  Dette for å sikre ein framtidig økonomisk drivverdig skog av god kvalitet. I praksis er dette avhengig av bonitet og kva som er naturleg for området i høve planting eller naturleg gjenvekst.

I hovudsak skal  hogst i granfelt  tilplantast med gran. Skogforvaltinga kan  i enkelte høve godkjenne naturleg gjenvekst av lauvtreslag. Skogeigar vert då oppmoda om å ta eit dagskurs i stell av lauvskog. Vel ein naturleg gjenvekst av delar og hogstfelta er det krav om at skogforvaltninga i samråd med skogeigar lager eit plankart som viser ulike tiltak og framtidig skjøtsel av feltet som skal foryngast.

På furumark bør det plantast med furu av lokal proveniens (herkomst) eller ved frøtrestilling.

Suppleringsplanting gir moglegheit for optimal skogproduksjon i felt der planter av ein eller annan grunn har gått ut. Dette gis det ekstra tilskot til.

Tilskot:

Oversikt over tilskotsordningar finn du her. I dei fleste høve er det eit statstilskot på 40 til 60 %.  I tillegg gjev Luster kommune tilskot til planting.

Tinging av skogplanter til skogbrukssjef Arne Kristian Borger, e-post  Arne.Kristian.Borger@luster.kommune.no tlf. 57 68 55 51