A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehagar opnar, og skular er gradvis blitt opna

Barnehagen, SFO og skule for 1-7 er open

Indre Hafslo barnehage opna 20. april. 27. april opna SFO og skulen for 1. - 4. steget. 11. mai var også 5. - 7. steget tilbake på skulen og vi er med det fulltallige att.

Det er innført tiltak i høve smittevern, i tråd med dei nasjonale føringane, og føresette er informert om dette i skriv som er sendt på e-post.  

Luster kommune har vedteke at samfunnshus-delen skal halde stengt inntil vidare. Uteområdet ved oppvekstsenteret kan nyttast utanom opningstid, dersom ein held seg til dei nasjonale smittevernreglane.  

Informasjonsskriv er sendt til føresette i skulen gjennom Visma Flyt, og som e-post til føresette for born i barnehagen.  

Siste utsende melding til føresette for born i barnehagen: fredag 29. mai.

Siste utsende melding til føresette for elevar i skulen: fredag 22. mai.  

 

For oppdatert informasjon har Luster kommune oppretta ei eiga informasjonsside om koronaviruset: 

http://luster.custompublish.com/informasjonsside-om-koronaviruset.6293352-525011.html

Dersom de har spørsmål, ta gjerne kontakt per telefon eller e-post.  

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS