A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
skulestart

Skulestart 2020 er måndag 17. august

Me ynskjer velkommen til skulestart måndag 17. august kl. 8.30! I år må me på grunn av koronasituasjonen dessverre gå vekk frå den tradisjonelle skulestarten der alle er samla i gymsalen.

Oppmøtestad vert fylgjande:

Oppmøte for 1., 2. 3. 4. og 6. klasse – UTE ved amfiet på nedsida av skulen. Her vil me ha ein offisiell start for kull 2014.

Oppmøte for 5. klasse  på skuleplassen ved mellomtrinnet.

Oppmøte for 7. klasse ved inngangen til naturfag.

Oppmøte for 8. klasse er administrasjonsinngangen.

Oppmøte for 9. klasse ved glasgangen mot vidaregåande.

Oppmøte for 10. klasse på nedsida av skulen ved inngang til garderobane.

 

Alle foreldra til 1. klassingane er velkomne til å følgje barnet sitt den dagen. Når elevane går til klasserommet sitt så kan dei føresette bli med inn og opphalde seg på Sfo rommet. Der vil det bli gitt litt informasjon om praktiske ting ved skulestart. Etter økta med informasjon så er det høve til å fotografere og det skjer ute på skuleplassen. Når ein er ferdig med å fotografere og elevane er i leik ute så kan de som foreldre reise. Men fint om de er tilgjengeleg på telefon i løpet av dagen viss behovet skulle oppstå. Skuledagen er ferdig kl. 13.20. Nokon vert henta, skal ta skulebuss eller på Sfo. Me ynskjer at de seier i frå til kontaktlærar kvar barnet skal etter skuleslutt. Alle elevane som vil ha skulemjølk får det fyrste veka. Dei som ikkje drikk mjølk, må ha med drikkeflaske. Hugs matpakke! 

 

 

VELMØTT TIL SKULESTART!

Mvh

alle tilsette ved HBUS

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS