Rett til barnehageplass har barnet ditt dersom det fyller 1 år innan utgangen av november, og du søkjer innan fristen for hovudopptaket 1. februar.


Heimekrins barnehage

Opptaksområda til dei kommunale barnehagane i Luster følgjer opptaksområda  til skulane. Dersom barnet ikkje får barnehageplass i heimekrinsen og får tildelt plass  i nabokrinsen, er barnehageplassen i nabokrinsen gjeldande for det gitte  barnehageåret. Ved neste hovudopptak vert barna automatisk førte over til heimekrinsen dersom det er ledig kapasitet og det samsvarar med prioriteringsrekkefølgje ved opptak. Søkjar sine ynske og behov skal tilleggjast stor vekt ved  sjølve opptaket, og rådmannen kan difor ved særlege omstende fråvika krinsregelen.  Siste året i barnehagen skal barnet som hovudregel gå i barnehage i heimekrinsen, dvs. skulekrinsen.   

Les Vedtektene for meir informasjon.


Prioritering 

Enkelte barn har rett til prioritet. Søkjer du om prioritering ved opptak må det leggjast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans som til dømes barnevern, helsestasjon, lege eller PPT. Vedlegg kan lastast opp i søknadsportalen eller sendast per post til : Luster kommune, Postboks 77, 6866 Gaupne


Hovudopptak og endring av barnehageplass, søknadsfrist er 1. februar.

med oppstart frå 15. august. 

Suppleringsopptak, endring og ny plass, søknadsfrist er 1. september

Søknadsfrist for suppleringsopptaket er 1. september med oppstart 1. januar. Opptak i suppleringsopptaket er avhengig av at det er ledig kapasitet. 

Løpande opptak

Det er løpande opptak for barn som har fylt eitt år i periodane 15.august – 1. november, og 1. januar – 1. mai dersom det er ledige plassar. 
Du kan søkje om barnehageplass heile året, og blir ståande på søkjarlista til du får tilbod om barnehageplass eller du sjølv slettar søknaden. Søknaden din ligg aktiv til det blir ledig plass, og du blir kontakta fyrst når ditt barn kan få eit tilbod om plass.

Tildeling av barnehageplass

Tilbod om barnehageplass vert sendt via Visma Flyt Barnehage.
Du svarar på tilbodet via søknadsportalen innan svarfristen.

Klage

Skriftleg klage må sendast kommunen ved Oppvekst. Klagefristen er tre veker frå når avslaget eller vedtaket vart gjort kjent for søkjar. 
Dersom kommunen ikkje gjev klagaren medhald, skal kommunen senda klagen vidare til kommunen sitt klageorgan, klagenemnda.  

Oppseiing av barnehageplassen 

Barnet ditt har barnehageplassen fram til det byrjar på skulen, eller til du seier opp plassen med 1 månaders oppseiingstid via søknadsportalen

Prisar

Foreldrebetaling for opphaldstid følgjer reglane for maksimalsatsar, jf. statsbudsjettet.
Frå 1. januar 2022 er makspris for heil barnehageplass kr 3000 per månad.
Kostpengar kjem i tillegg.

Søskenmoderasjon:

30% moderasjon for barn nr 2
Gratis barnehageplass for barn nr 3 og fleire

Hushaldningar med låg inntekt kan søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. Meir informasjon her