Søknaden skal ha nummererte vedlegg i pdf-format:
Vedlegg 1:
Dokumentasjon på godkjent tilgang til areal som t.d. matrikkelnr. for tinglyst eigedom, skriftleg avtale med grunneigarar for turstiar, eller avtale om disponering av off. eigd areal

Vedlegg 2:
Dokumentasjon kostnader og finansiering
A: Detaljert kostnadsoverslag utfylt i eige malskjema og med forklarande tekst, og
B: Finansieringsplan med bruk av eigenkapital og verdi av eige arbeid godkjent av
årsmøte, inkl. utskrift av protokoll. All finansiering skal dokumenterast

Vedlegg 3:
A: Plan for drift utfylt i eige malskjema, inkl. tekst som fortel korleis drifta er
organisert. Ev. delt driftsansvar skal dokumenterast med underskriven avtale
B: Årsmøtevedtak som syner kalkulerte kostnader for drift og vedlikehald pr. år
C: Skriftleg vurdering av behovet for anlegget særleg opp mot barn og unge

Vedlegg 4:
Dokumentasjon på miljøomsyn og korleis anlegget er tilpassa aktivitetar i nærleiken. Bruk kart og foto som syner situasjonar omtala i denne dokumentasjonen.

Vedlegg 5:
Teikningar som syner plassering i terrenget, og kommenter universell utforming.

Vedlegg 6: Kartplassering (situasjonsplan i 1:1000 eller 1: 500). Her skal søkar vise til kva område som er til disposisjon for anlegget, utvidingsreservar og om det er planlagt meir enn eitt byggesteg.

Vedlegg 7: Gjeld søknaden rehabilitering av eit anlegg skal dokumentasjonen syne «no-situasjonen». Grunngjevinga for omsøkt tiltak skal underskrivast av ein fagleg kompetent, og som stadfestar at tiltaket ikkje skuldast mangel på forsvarleg drift og vedlikehald.

Det kan søkjast om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd. Søknadsskjema er tilgjengeleg på anleggsregisteret.no
Søknadsfristen for nye søknader, for dei som fornyar søknaden sin, eller har ein gjenteken søknad er 1. oktober 2020.

Lokale søkarar må vera merksame på at anlegg det vert søkt tilskot til må vera registerte i nasjonalt anleggsregister og fått tildelt eit eige anleggsnummer, sjekk her.

Treng nokon hjelp med med arbeidet kan de kontakte Erling Bjørnetun e-post: erling.bjornetun@luster.kommune.no 


Plan på høyring: Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Luster kommune 2020 – 2032

Klatrepark Hafslo + nærmiljøanl.jpg