|
Du er her: Kultur, fritid > Kyrkjer
Kunstskatt tilbake i Urnes stavkyrkje
01.06.2003
Biletet: Kalvariegruppa/skulpturgruppa med Jesus på krossen, og med jomfru Maria og Johannes (t.h.) ved si side, er den eldste av sitt slag i Noreg.
Kalvariegruppa i Urnes stavkyrkje er datert til slutten av 1100-talet og vert rekna som det eldst bevarte kalvariegruppa i Noreg. Skulpturgruppa består av krusifikset på over to meter, samt Maria og Johannes som berre er litt over meteren høg. Nye granskingar viser at Kristusfiguren aldri har vorte målt over, medan krossen og sidefigurar fekk nye fargar og imitasjonsforgyllingar allereie på 1200-talet.
Over ein million kroner
Kalvariegruppa har vore i Oslo på NIKU sitt atelier frå september 2001 til mai 2003 for undersøking, dokumentasjon og behandling. Det har også vorte laga digitale rekonstruksjonar av gruppa, slik at vi kan sjå korleis ein trur den har sett ut i middelalderen. Restaureringa har kome på godt over ein million kroner. Utfordringa no blir å ta vare på den for framtida.
Det er forskar og målerikonservator Tine Føysaker som har hatt ansvaret for restaureringsarbeida, og ho var også med då kalvariegruppa kom tilbake til Urnes 30. mai i år. Her deltok også nestoren i den norske stavkyrkjeforskinga, Håkon Christie, og var omvisar i kyrkja. Dendrokronologiske undersøkingar fastslo for to år sidan at stavkyrkja er bygt tidleg på 1130-talet.
Den eldste kyrkja funnen på Ornes
Den eldste kyrkja vi kjenner til her i landet vart oppdaga ved ei arkeologisk utgraving under golvet i kyrkja på Ornes. Her vart det påvist spor etter ei trekyrkje med veggstolpar sett ned i hol i jorda. Seinare vart det reist ei anna trekyrkje med fine og rikt dekorerte veggmaterialar. Ein stor del av desse materialane vart brukt om igjen i stavkyrkja som står på Ornes i dag, då ho vart oppført i 1130-åra.
Urnes stavkyrkje vert rekna for å vere den eldste og rikaste utstyrde av stavkyrkjene våre. Stavkyrkja er også ei av fire norske kulturminne som har plass på UNESCO si Word Hertage List over dei fremste kulturminna i verda. Det er Fortidsminneforeningen som eig Urnes stavkyrkje.
 | . |
Forskar og målerikonservator Tine Frøysaker synte
og fortalde om dei digitale rekonstruksjonane som er gjorde av kalvariegruppa. | Nestoren i norsk stavkyrkjeforskning, Håkon Christie, visste kva han snakka om då han var omvisar i kyrkja. Det er også han som leia arbeidet med å fastsetja den endelege dateringa av Urnes stavkyrkje. |
Sist uppdatert av Torodd Joranger,
09.12.2004
|