|
Du er her: Kultur, fritid > Idrett og friluftsliv
Fiske i Luster
I Luster kommune er det over 100 gode fiskevatn og elvar. Det er organisert sal av fiskekort frå grunneigarlag, elveeigarlag og fjellstyre. I dei områda som ikkje kjem inn under fiskekortordninga må du ha løyve frå den einskilde grunneigar for å kunna fiska. I fjorden kan alle fiska fritt med stang og handsnøre, men i fredningstida for laks og sjøaure i det enkelte vassdrag er det ikkje tillete å fiske nærare grense elv/sjø (elvemunninga) enn 100 meter.
Fisketrygdavgift
Frå 1. januar 2002 skal det ikkje betalast fisketrygdavgift for fiske etter innlandsfisk og kreps. For fiske i lakseførande vassdrag, og etter laks/sjøaure med fastståande reiskap i sjøen, skal det framleis betalast fisketrygdavgift. Innbetaling på postkontoret.
Sone 1: Fortun grunneigarlag, Fjellstyret for Luster austre statsallmenning
Reglar: Ein kan driva sportsfiske med oter, stang og handsnøre i denne sona. Unntak er dei lakseførande elvane samt Berdalsvatnet og eigendommen Ormelid (Gnr.1/Bnr. 1). Fastbuande i Fortun sokn kan også fiska med garn.
Kort: 3-døgnskort NOK 150. Vekekort: NOK 200. Sesongkort : NOK 300.
Fjellstyret har garnkort til sal for utanbygdsbuande for fire vatn i Statsallmenningen. Dette kortet får de kjøpt på Skjolden og Fortun bensinstasjonar.
Sal av kort: www.inatur.no, Shell-stasjonen, Fortun. Statoilstasjonen,Skjolden.
Sone 2: Skjolden grunneigarlag
Reglar: Sona er open for oter- og stangfiske frå vatna er isfri. I Åsetevatnet er det ope for garnfiske - 3 garn i døgnet pr. fiskekort.
Kort: Dagskort: NOK 50. 3-døgnskort: NOK 100. Sesongkort: NOK 150.
Sal av kort: Bolstad camping, Nymoen camping og Turistinformasjon, Skjolden.
Sone 3: Sørheim utmarkslag, Mordalen, Sørheim og Feigedalsfjelli
Reglar: Det er tillete å fiska med stang og oter.
Kort: 3-døgnskort: NOK 100. Vekekort: NOK 200. Sesongkort: NOK 300.
Sal av kort: Nymoen camping og Turistinformasjonen Skjolden.
Vassbakken camping, Fortun. Melchior Sørheim og Jens Døsen, Sørheim.
Sone 4: Tunsbergdalsvatnet
Reglar: Fiske med stang frå land.
Kort: Dagskort: NOK 20. Vekekort: NOK 70. Sesongkort: NOK 150.
Sal av kort: Sjølvbetjening ved vegbommen inn til Tunsbergdalsvatnet. Bomavgift på anleggsvegen kr. 15.-.
Sone 5: Hafslovatnet og fram til Sundholmane
Reglar: Stang og oterfiske frå 15. mai til 30. september.
Kort: Døgnkort: NOK 80. Vekeskort: NOK 250. Sesongkort: NOK 400. Weekend-kort (frå kl.17 fred.-kl.24 sønd.): NOK 150.
Sal av kort: Eikum hotell, Lyngmo, Kvamshaugen Herberge og Hytter, Luster Sparebank avd. Hafslo, Hafslo.
Sone 6, 7 og 8: Røneid, Gaupne og Alsmo
Reglar: Fiske etter sjøaure og laks frå 1. juli til 15. september. Grensa elv/sjø er merka med skilt.
Kort: Døgnkort: Gaupne og Alsmo NOK 50. Røneid NOK 75. Sesongkort: Røneid: NOK 450. Alsmo: NOK 200. Gaupne: NOK 250.
Sal av kort: Alsmo: Norvald Teigen og Kristen Alsmo. Gaupne: Pyramiden Storkiosk.
Sone 9 Mørkridselva
Reglar: Laks er mellombels freda. Sjøaure kan fiskast i tida 15. juli til 15. september. Grensa elv/sjø er merka med skilt.
Kort: Døgnkort: NOK 100.
Sal av kort: Hauge fiskeutleige v/ Per Hauge, Per Flohaug, Edin Bolstad, Jostein Bolstad, Hallvard J. Bolstad. Skjolden.
Sone 10 Fortunselva
Reglar: Laks er mellombels freda. Sjøaure kan fiskast i tida 15. juli til 15. september. Grensa elv/sjø er merka med skilt.
Kort: Dagskort: NOK 80. Vekekort: NOK 200. Sesongkort: NOK 800.
Sal av kort: Nymoen camping, Vassbakken Camping, Skjolden.
Sone 11 Vanndalen sameige
Reglar: Oter, stang og handsnøre som fiskereiskap.
Kort: Døgnkort: NOK 50. 3-døgnskort: NOK 75. Vekekort: NOK 100. Sesongkort: NOK 300.
Sal av kort: Jostedal Hotell, sjølvbetjening ved vegbom.
Sone 12 Jostedalen
Reglar: Oter, stang og handsnøre som fiskereiskap. Opna for garnfiske i Bakkedalsvatnet (maksimal maskevidde 28 mm) for alle som løyser fiskekort.
Kort: 3-døgnskort: NOK 40. Sesongkort: NOK 150.
Sal av kort: Jostedal Hotell.
Sist oppdatert av Torodd Joranger,
07.07.2006
|