Gå direkte til innhold
Luster kommune
Feigumsfossen Kraftutbygging Fiske i Luster Bærdyrking Urnes stavkyrkje Molden - Om Luster Skagastølstindane Bergsetbreen Kart
Postliste Kunngjeringar Ledige stillingar Kart Kontakt oss
Urnesdyret frå Urnes stavkyrkje  
Du er her: Kultur, fritid > Kulturhistorie > Lokalhistorie

Modvo

Vestlandet og Sogn opplevde ei ekspansjonstid på tre- og firehundretalet der ei rad nye gardar vart rydda og busette. Denne tida utgjer den delen av forhistoria vår som vert kalla folkevandringstida (ca. 400 - 550 e. Kr.).
Då reiste store folkegrupper ikring i landet vårt og busette seg på stader der det tidlegare ikkje hadde vore busetnad. Dei bygde opp gardsanlegg og nydyrka jorda. På dette viset dyrka dei korn og dreiv husdyrhald. Eit mangfald av ressursar vart då utnytta frå stranda nede ved fjorden og opp til høgfjellet.
Eit av dei lokalhistoriske skrifta som finst ved kultur- og administrasjonsavdelinga er heftet om audegarden Modvo som ligg ved Heggmyrane mellom Indre og Ytre Hafslo. Utgravingar i nyare tid har synt at garden vart bygd i folkevandringstida og at han seinare vart lagt aude. Heftet fortel oss om kvardagen på ein jernaldergard på 400-talet og om korleis eit gardsanlegg såg ut i denne førhistoriske perioden. Me får greie på oppbygginga av anlegget og bakgrunnen for at det vart bygd på ein slik stad. Vidare fortel heftet oss om korleis folk innreia stova si på den tida og korleis dei dreiv jordbruk og husdyrhald.
Når folk på gardane døydde på denne tida, vart generasjon etter generasjon lagt i ein gravhaug i nærleiken av garden. Den siste delen av heftet tek soleis føre seg gravskikkane som var vanlege på denne tida. Det vert og skrive om korleis ein tenkjer seg den vidare skjebna til garden på Modvo.
På midtsida finst eit kart med ei framstilling av korleis Modvo ser ut i dag. Ein kan difor sjølv besøke og finne ut korleis dette gardsanlegget var oppbygd. På same tid kan ein samanlikne det opphavelege anlegget med utsjånaden i dag. Heftet er og laga med tanke på dei mange turistane som årleg besøker Luster. Difor har heftet tysk og engelsk tekst i tillegg til den norske.
Heftet er på 16 sider og har fargebilete og fargeillustrasjonar. Prisen er kr. 50,- pr. stk.
Send tinging til
Luster kommune, 6866 Gaupne
TLF. (+47) 57 68 55 00. FAX: (+47) 57 68 55 01 E-post


Sist uppdatert av Else Kalhagen, 13.01.2005


Nettstadskart