Gå direkte til innhold
Luster kommune
Feigumsfossen Kraftutbygging Fiske i Luster Bærdyrking Urnes stavkyrkje Molden - Om Luster Skagastølstindane Bergsetbreen Kart
Postliste Kunngjeringar Ledige stillingar Kart Kontakt oss
Urnesdyret frå Urnes stavkyrkje  
Du er her: Ledige stillingar > 2010

Årdal søkjer etter Rekneskapskontrollør

Det er inngått eit samarbeid om felles arbeidsgjevarkontroll mellom ni kommunar i Indre Sogn (Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal) Det er Årdal kommune som administrerar ordninga, og
kontorstad vert i Årdal. Ordninga består i dag av to 100% stillingar og den som vert tilsett må kunne jobbe i team. Søknadsfrist 22. februar 2010.
Rekneskapskontrollør i Årdal
Me har ledig 100% stilling som rekneskapskontrollør.

Skatteoppkrevjaren i kvar kommune har ansvar for å kontrollere at arbeidsgjevarane utfører lovpålagde oppgåver i samsvar med lover og regelverk.

Det er inngått eit samarbeid om felles arbeidsgjevarkontroll mellom ni kommunar i Indre Sogn (Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal) Det er Årdal kommune som administrerar ordninga, og kontorstad vert i Årdal. Ordninga består i dag av to 100% stillingar og den som vert tilsett må kunne jobbe i team.

Stillinga inneber litt reising, og den som blir tilbydt jobben må disponere eigen bil ( blir godtgjort)

Arbeidsoppgåver
- Bokettersyn og kontroll av skattetrekk og arbeidsgjevaravgift hjå firma i dei samarbeidande kommunane.
- Utarbeidning av rapportar.
- Intern og ekstern rettleiing om regelverk.

Kvalifikasjonskrav
- Høgare økonomisk utdanning vert føretrekt
- God rekneskapsforståing
- Relevant erfaring innan rekneskaps- og lønsarbeid kan kompensere for høgare utdanning
- God skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og fleksibel
- Systematisk og strukturert
- Evne til å arbeida målretta og sjølvstendig, men og i team

Løn og tilsetjingsvilkår
- Løn etter avtale
- Må disponera eigen bil
- 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
- Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
- Ein spennande jobb med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstidsordning

Andre opplysningar
Fleire opplysningar om stillinga får du av leiar for Økonomistaben, Wenche Clausen ( tlf 57665035), eller
Skatteoppkrevjar i Årdal kommune, Ann Kristin Fjeldstad( 57665033).

Søknadsprosedyre
Du går til ledige stillingar under heimesida til Årdal kommune, www.ardal.kommune.no og loggar deg inn der.
Når du har logga deg inn vil du nest på stillingsannonsen ha valet "Søk stilling".
Bruk dette valet og gjennomfør dei 5 hovudpunkta før du sender søknaden ved hjelp av det siste punktet.

Søknadsfrist22.02.2010

Kontaktpersoner
Wenche Clausen, Leiar økonomistab, tlf 57665035, wcla@ardal.kommune.no
Ann Kristin Fjeldstad, tlf 57665033, akfj@ardal.kommune.no


Sist endra av Torodd Joranger, 05.02.2010


Nettstadskart