|
Du er her: Nyhende > 2009
Influensavaksineringa i Luster
Dei som no ikkje er vaksinerte kan ta kontakt med fastlegen sin dersom dei ynskjer vaksinering.
Kommuneoverlege Knut Cotta Schønberg informerer:
Info 11.02.2010
Luster kommune sluttar no å legge ut aktiv informasjon om pandemien.
Dersom konkrete spørsmål, kan ein ta kontakt med kommuneoverlegen. Bruk gjerne epost.
Info 08.01.2010
57% har vaksinert seg
Luster kommune har no vaksinert 2829 personar. Dette utgjer 57% av befolkninga. Vi har med dette oppnådd høg vaksinedekning og plasserer oss godt i høve til andre kommunar i fylket og i landet.
Vi planlegg ein siste vaksinasjonsdag fredag 05.02.2010. Stad: Luster helsestasjon på Helsesenteret kl 12-16.
Målgruppe er dei som skal ta vaksinedose nr 2, dei med nedsett immunforsvar, bruk av cellegift m.m. samt andre som av ulike grunnar ikkje har fått vaksinen.
Det vil bli annonsert i avisa veka før.
**
Info 21.12.2009:
Pandemiinformasjon frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet pr. 21. desember 2009 (pdf-fil):

**
Info 18.12.2009:
Førebels rapport om influensavaksinering influensa A (H1N1).
Luster kommune har no vaksinert 2752 personar. Dette utgjer 56% av befolkninga. Av barn frå 6 månader til 16 år har vi vaksinert 71% av denne gruppe. Dette er bra, og kommuneoverlegen er godt nøgd med resultatet så langt. Vi merker oss store forskjellar i kommunen. Jostedal skule toppar med 93% vaksinedekning, medan Hafslo ungdomsskule ligg lågast med 36%. Ein tolkar dette som uttrykk for ulike haldningar. Vi har besøkt alle skular og barnehagar med unntak av Veitastrond.
Det vil bli laga ein endeleg rapport seinare.
Vi held fram med vaksinering 22/12 på Helsestasjonen kl 12-14.
**
Info 14.12.2009:
Opplegget for vaksineringa vidare
Vi har no vaksinert 2177 personar som er 44% av befolkninga i Luster. Det har vore godt oppmøte på vaksinasjonane.
Vi prøvde ut massevaksinasjon i stort omfang 9. desember. Det var lagt vekt på god avvikling av kø med god hjelp av frivillige. Vi vaksinerte litt meir en 500 utan køar.
Skular og barnehagar er besøkte. Vi har att Luster vidaregåande skule som får tilbod på skulen tysdag 15/12 kl 09-11.
Vidare vaksinering vil skje slik:
Torsdag 17/12: Luster helsestasjon på Helsesenteret kl 12.00 - 18.00.
Tysdag 22/12: Luster helsestasjon på Helsesenteret kl 12.00 - 14.00.
Vaksinering deretter kan skje på Luster legekontor. Ta kontakt med fastlegen.
**
Info 04.12.2009:
Massevaksineringa startar onsdag 9. desember
Luster kommune har no vaksinert 1482 lustringar. Det tilsvarar 30% av befolkninga.
Denne veka har vi vore på besøk til alle barnehagar og skular med unnatak av Veitastrond.
4/12 vaksinerar vi på ungdomsskulene.
Vaksinasjonane har gått greitt, og vi opplevar høg deltaking. Dette er viktig for å stoppe smittespreiing. Vi ser at folk tenkjer solidaritet når dei kjem for vaksinering.
Ingen alvorlege vaksineproblem til no.
Vi startar massevaksineringa i veke 50. Vi vil då utføre vaksinasjon i gymsalen ved Luster ungdomsskule. Inngang ved badebassenget. For å gje tilbod til dei som er på arbeid vil vi vaksinere på dag- og kveldstid.
Onsdag 9/12 og fredag 11/12 begge dagar kl 12.00 - 18.00.
Vi ber om at ein nyttar vanlege parkeringsplassar i sentrum. Vis ekstra aktsemd i opningstida til skulen. Det blir mogleg å køyre heilt fram for dei som treng det. Vil bli skilta.
Vaksina koster kr 50,-
Vaksinering er den beste hjelpa mot influensa. Ver solidarisk, høg vaksinedekning beskyttar
alle!
**
Info 26.11.2009:
Tilbod om vaksinasjon av barn frå 6 månader til og med 10. klasse
I samband med vaksinering mot influensa A(H1N1) (svineinfluensa), vil vi i veke 49 reise rundt til barnehagar og skular og tilby vaksinasjon der.
Foreldra møter med borna sine til oppsette tider på dei ulike vaksinasjonsstadane.
Foreldre må fylle ut eit samtykkeskjema før vaksinering. Dette får dei tilsendt på førehand og tek med ferdig utfylt på vaksinasjonsdagen.
Vaksinasjon er frivillig. Vaksinen vert anbefalt til alle, også til dei som har hatt influensaliknande sjukdom. Ikkje til dei som har fått påvist at dei har hatt influensa A(H1N1)
Barn som ikkje går i barnehage kan møte i barnehagen dei soknar til i oppgjeve tidsrom.
Vaksinen kostar kr.50.-
| Onsdag 2/12: |  |
| Solvorn barnehage og skule: | 08.30-10.00 |
| Gamlestova barnehage: | 11.00-13.30 |
| Hafslo barnehage: | 14.30-15.30 Samfunnsbygget Hafslo |
| Hafslo barneskule: | 15.30-18.00 Samfunnsbygget Hafslo |
| Veitastrand barnehage og skule: | 15.30-18.00 Samfunnsbygget Hafslo |
| Skjolden barnehage og skule: | 08.30-11.00 |
| Luster barnehage: | 12.00-14.00 |
| Dale skule: | 12.00-14.00 |
| Torsdag 3/12: |  |
| Jostedal barnehage og skule: | 08.30-10.30 |
| Indre Hafslo barnehage og skule: | 12.00-14.00 |
| Grandmo barnehage: | 08.30-10.30 |
| Gaupne barnehage: | 11.30-13.00 |
| Gaupne skule: | 14.00-17.00 |
| Fredag 4/12: |  |
| Hafslo ungdomsskule | 08.30-10.30 |
| Luster ungdomsskule | 12.00- 14.00 |
Luster kommune planlegg massevaksinering onsdag 9/12 kl 12 - 18 i gymsalen ved Luster ungdomsskule.
Vi er lova ny vaksineforsyning i veke 49 og kan då gå i gang med vaksinering av alle. Vi vil annonsere dette nærare.
Luster kommune informerer om influensa A (H1N1) (svineinfluensa) via heimesida til Luster kommune, via Luster Radio kvar fredag og via annonsar i Sogn avis.
**
Info 20.11.2009:
Luster kommune har no vaksinert 811 lustringar
Alle i risikogruppene i alle aldrar har fått tilbod om vaksine, helsepersonell og andre grupper som nasjonale helsemyndigheiter gir råd om skal ha prioritet.
Det vil alltid vere nokon som enno ikkje har fått vaksinert seg i målgruppene, og vi har derfor ein oppsamlingsdag:
Vaksinering mot ny influensa (svineinfluensa) ved Luster Helsestasjon onsdag 25. november kl 09.00 -14.00.
Målgruppe:
Dei i risikogruppene som enno ikkje har fått vaksine
Husstandsmedlem / nærkontaktar til
- personar i risikogruppa som er fråråda å ta vaksine
- spedbarn under 6 månader
- gravide i første 12 veker av svangerskap
Vi vil få ny vaksinedosar i slutten av veke 48. Prioritert gruppe blir barn og unge.
Det blir planlagd massevaksinering av barn og unge i veke 49, dette vil bli kunngjort seinare.
*
Info 13.11.2009:
Vi startar opp att vaksineringa måndag 16. november
Vi har motteke ny forsyning av vaksiner mot svineinfluensa, og kan difor starte opp att vaksineringa. Målgruppa blir:
Måndag 16. og onsdag 18. november:
Alle i risikogruppa uansett alder, også dei med kols og astma som har periodevis behandling og som tidlegare har måtte vente på vaksine.
Med risikogruppe meinast alle med auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp:
- gravide i 2. og 3. trimester.
- kroniske luftvegssjukdommar.
- kronisk hjarte/kar sjukdommar, spesielt hjartesvikt. Ikkje berre høgt blodtrykk.
- sukkersjuke.
- nedsett forsvar mot infeksjonar.
- kronisk nyre- og leversvikt.
- kronisk nevrologisk sjukdom.
- svært alvorleg fedme, dvs BMI >40.
*
Torsdag 19. november:
Helse- og omsorgspersonale som tidlegare ikkje har fått vaksine.
*
Stad og tid: Helsestasjonen, Gaupne, kl 09.00 - 14.00.
-----
Info 11.11.2009:
10% av lustringane er vaksinerte
Vi har no vaksinert 490 lustringar. Dei fleste i risikogruppe vart vaksinerte 4/11 - 6/11. Det blei ein del kø, men kommuneoverlegen vil rose dei oppmøtte for å vere tolmodige og hjelpa til å gjennomføre vaksinasjonen på ein verdig måte. Vi hadde diverre forlite vaksinedosar i denne omgang og kunne ikkje vaksinere alle.
Vi har no vaksinert ca 10% av befolkninga. Det er lægst i Sogn og skuldast for låg tildeling av vaksinar. Vi er lova nye vaksinar denne veka, men desse er ikkje komne til landet enno.
Vi vil opplyse på denne sida så fort vi har fått vaksinane i hus. Vi vil og informere via annonse i Sogn Avis.
Info 06.11.2009:
Tomt for svineinfluensavaksine
På føremiddagen fredag 6. november vart det tomt for svineinfluensavaksine i Luster. NY FORSYNING er venta å koma neste veke (veke 46). Når den kjem, og det er klart for å fortsetje vaksinering, vil det bli kunngjort her på denne sida, i aviser og radio.
Det vil då fortsatt vere risikogruppa - 65 år og eldre - som vil ha førsteprioritet.
Info 04.11.2009:
Opnar for vaksinering av risikogruppa 65 år og eldre
Frå fredag 6. november kl 09.00 opnar vi for vaksinasjon av risikogruppa 65 år og eldre.
OBS! Avgrensa tal vaksinar igjen!
Info 29.10.2009:
Aktuelt om vaksinering av risikogruppa
Utviklinga av pandemien i landet viser at det er aldersgruppa 2-64 år som er klart hardast råka og det er denne gruppa som skal prioriterast først for vaksinasjon.
Luster kommune har ikkje fått nok vaksine og vi vil ikkje ha tilstrekkjeleg med vaksinar til å dekkje alle i våre risikogrupper.
Vi ber om at personar som er 65år og eldre IKKJE møtar til vaksinasjon 4/11 og 5/11. Vi må diverre avvise dei om dei kjem. Vi skal vaksinere gravide og dei mellom 3-64 år med risikosjukdommar.
Luster kommune vil ikkje få ny forsyning av vaksine før tidlegast i veke 46. Det gjer at Luster kommune er dårlegast stilt i Sogn i augneblinken. Vi ber derfor at folk viser ansvar og lar dei prioriterte får møte.
Vi vil gå ut med informasjon så fort vi vet meir om forsyninga av vaksinar. Vi har stort håp om at alle i risikogruppene vil få vaksine anten i veke 46 eller 47.
Så fort vi får nok vaksine til alle innbyggjarar vil vi starte massevaksinasjon. Dette vil vi informere tydeleg om. Det vil og vere informasjon på Luster Radio.
-----
Info 22.10.2009:
Pandemivaksinen
Luster kommune har no motteke første dose av pandemivaksinen - 500 dosar, og vil starte vaksinasjon av målgruppa.
I første omgang vil vi vaksinere helsepersonell, det skjer i veke 44. Risikogruppene vil bli vaksinert i veke 45. Det er sett av 3 dagar på Helsestasjonen til dette; 4/11, 5/11 og 6/11. Alle dagar kl 09-14.
Vaksinen kostar kr 50.
Det vil bli annonsert i Sogn avis 2/11.
Desse bør vaksinerast:
1.
- Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester etter avtale med fastlegen.
2.
- Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforlaup i alder 3 - 64 år
- Kroniske luftevessjukdomar
- Kroniske hjerte/kar sjukdomar spesielt hjertesvikt
- Nedsett forsvar mot infeksjonar
- Diabetes/sukkersjuke
- Kronisk nyre og lversvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom
- Alvorleg fedme (BMI >40)
3.
- Personar med risiko for alvorleg sjukdomforlaup i alder 65år og eldre.
Vi vil vaksinere målgruppene etter anbefaling frå sentrale helsemyndigheiter. Det er pr i dag uklart om ein vil seinare vil anbefale vaksine til heile befolkninga. Vi vil då få tilsendt eit større tal vaksinar.
For videre spørsmål og svar om vakisna kan ein gå til denne linken; http://www.fhi.no/dav/afb9c6cae6.pdf

---------- Info 15.10.2009:
Den vanlege influensavaksineringa:
Den årlege sesongvaksinen for influensa er no klar og vi vil vaksinere på disse steder:
- Onsdag 21. oktober kl 09.00 - 14.00 Luster Helsestasjon, Helsesenteret
- Fredag 23. oktober kl 10.30 - 14.00 Hafslo Omsorgssenter
- Måndag 26. oktober kl 09.00 - 14.00 Luster Helsestasjon, Helsesenteret
NB! Det er ynskjeleg at alle som vil vaksinere seg nyttar seg av datoane ovanfor.
Vaksinen kostar i år kr 50,-.
Målgruppa er som før:
- Alle personar over 65 år
- Barn over 3 år og vaksne opp til 65 år som har kroniske sjukdommar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp: kroniske lungesjukdommar som krev behandling, kroniske hjartesjukdommar som t.d. hjartesvikt, nedsett immunforsvar, sukkersjuke, nyre og leversvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade og svært alvorleg fedme.
****
Vaksinasjon mot ny influensa A (H1N1), også kalla svineinfluensa:
Luster kommune har ikkje motteke vaksine enno, og vi vil forvente å få vaksine i slutten av oktober. Vi vil først få vaksine til ein del av befolkninga. Dette er kalla målgruppa. Vi vil seinare få vaksine til dei andre. Vaksinasjonen vil derfor gå i fleire omgangar. Dette gjer at vi ikkje kan vaksinere på mange stadar i kommunen. Når kommunen får vaksinen mot ny influensa A, vil vi informere i avisa, på Luster nærradio og på heimesida.
Målgruppa for vaksinering mot ny influensa er:
- Gravide, 2. og 3. del av svangerskapet. 1. del av svangerskapet etter eigen vurdering.
- Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp i alder 3-64 år. ; kroniske lungesjukdommar som krev behandling, kroniske hjartesjukdommar som t.d. hjartesvikt, nedsett immunforsvar, sukkersjuke, nyre og leversvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade og svært alvorleg fedme
- Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp i alderen 65 år og eldre.
Vaksinen vil koste kr 50,-.
I tillegg vil helsepersonell som skal ta seg av dei sjuke bli prioritert.
Spørsmål om influensa, eige telefonnummer: 478 08 260
Luster kommune etablerar eige telefonnummer for spørsmål om influensa. Telefonen blir svara i vanleg arbeidstid.
Tlf. 478 08 260
Her finn du meir info om svineinfluensaen:
Sist endra av Anita Bjørk Ruud,
11.02.2010
|