Gå direkte til innhold
Luster kommune
Feigumsfossen Kraftutbygging Fiske i Luster Bærdyrking Urnes stavkyrkje Molden - Om Luster Skagastølstindane Bergsetbreen Kart
Postliste Kunngjeringar Ledige stillingar Kart Kontakt oss
Urnesdyret frå Urnes stavkyrkje  
Du er her: Kultur, fritid > Kulturhistorie > Lokalhistorie

Skulesoge for Luster

Framside Skulesoge for Luster kommuneDet er sikkert mange av dykk som har venta på at dette verket skulle komme ut. Boka er ført i pennen av Kåre Øvregard som frå 1994 har arbeidd med skulesoga. Soga er svært omfattande og er skriven om lustringar og for alle som på ein eller annan måte har tilknyting til Luster. Ho er såleis rik på stoff både om den generelle skulesoga for Luster, men inneheld og mange detaljar og einskildhendingar
Målet med soga er at så langt som mogeleg skal alle skulekrinsar få ei samla framstilling av korleis folkeskulen har vakse fram. Det er lagt stor vekt på å bruke ei enkel, lettlese og for ein stor del generell framstilling av soga.
Detaljar og einskildhendingar er og teke med for å gje boka «liv» og lokal tilknyting. Dei mange døma frå livet i skulen gjev oss og eit innblikk og innleving i korleis folk levde før i tida.

Boka er delt inn i to bolkar som dekkjer tida frå Magnus Lagabøte si landslov og biskop Jon Raude sin kristenrett frå 1270-åra fram til vår tid. Hovudvekta er likevel lagt til tida frå innføringa av skulelova i 1739 ogåfram til våre dagar. Den fyrste bolken tek med stoff knytta direkte til lover og regelverk og som gjeld alle skulane i Luster kommune fram gjennom tidene. I tillegg er det i denne bolken teke med soga om det «vidaregåande» skuletilbodet i Luster, altså skuletilbodet utover folkeskulen. Døme her er kveldsskulane, arbeidsskulane, framhaldsskulane, realskuletida i Gaupne, yrkesskule-tilbodet i Kinsedal, «husmorskulen» i Kroken og det vidaregåande skuletilbodet på Hafslo og i Gaupne. Det er og teke med litt om privatskuletilbodet i Luster.

Den andre bolken går inn på framvoksteren av skulen i dei ulike kyrkjesoknene. Forfattaren har valt å dele soga opp i bolkar som geografisk mest mogeleg samsvarar med kyrkjesoknene i kommunen. Dette svarar stort sett til den krinsinndelinga me har i dag. Bakgrunnen for denne oppdelinga er at skulen like frå fyrste opphav var så nær knytta til kyrkja og kyrkjelege ordningar. Til slutt i omtalen av dei ulike skulane i kvart kyrkjesokn har Kåre Øvregard teke med ei liste over lærarar som har vore tilsette ved skulane i vedkomande sokn.
Skulelova av 1739 hadde sett store krav til utbygginga av skuleverket i landet vårt og det var kyrkja med si sterke stilling som sto bak den fyrste ålmenne skuleopplæringa i landet vårt. I Luster var det difor kyrkja sine representantar saman med fogden for Indre Sogn som kalla inn til det store skulemøtet i Solvorn i dagane 16., 17. og 18. oktober 1741. Her møtte det representantar frå Hafslo, Jostedal og Luster for å drøfte utbygginga av skulestellet i bygdene våre. Dette er eit utdrag frå skulesoga om vedtak som vart fatta på dette skulemøtet:

Skuleåret, - etter dei oppsette retningslinjene -, «tager aarlig sin begyndelse ved Michaeli og continuerer til Paaske.»

-Mikkelsmesse er 29. September.
Borna hadde ei viktig rolle i alt innhaustingsarbeid rundt om på gardane,- og dette var nok viktigaste årsaka til at skuleåret starta så pass seint på hausten.
Skulemøtet i Solvorn bestemde også løna til klokkarane og til dei andre «skoleholderne» i prestegjeldet.
Klokkarane var tildelt ekstra ansvar, - og fekk også ofte ekstra plikter i samband med å halda skulehus-, så det er nok største årsaka til den store skilnaden på løna klokkarane vart tildelte og det dei vanlege lærarane måtte ta til takke med -! Både i Hafslo og i Luster der det var både ei hovedkyrkje og fleire «annex-kyrkjer», - måtte det tilsetjast fleire lærarar i tillegg til klokkaren.
Løna vart fastsett til 10 Rdl for klokkaren, - og 2 Rdl for kvar av dei andre lærarane. I tillegg vart det bestemt at det skulle kunna nyttast inn til 2 Rdl til kjøp av «fornødne lærebøger for fattige børn». Desse utgiftene vart utlikna på bøndene i grendene,- men også tenestejenter og drenger måtte yta sin skjerv til «skulekassa».
I Jostedal var det berre ei kyrkje,- og dermed grunnlag for berre ein lærar, - og det vart sjølvsagt klokkaren.
Opplegget som vart vedteke på skulemøtet i Solvorn er omlag likt i dei tre områda. På Hafslo og i Dale vart det oppretta ei form for fastskule ved bustadene til klokkarane,- men elles vart det omgangsskule i alle grender. I lang tid føregjekk såleis omlag all undervisning rundt om i dei ulike heimane.
Skulemøtet bestemde at ein organiserte skulen i prestegjeldet som omgangsskule. Krinsane i gamle Luster kommune vart inndelte i mindre omgangsskuleroder der kvar lærar fekk ansvar for opplæringa rundt om på dei einskilde gardane og i dei einskilde rodene. Skulen måtte no halde til i det husværet som den einskilde bonden hadde evne til å tilby. Seinare kom det nokre nye skulelover utover på midten av 1800 -talet, men det var skulelova av 1860 som hadde mest å seie for skulen. Den nye lova bestemte at det skulle vere fast skule, altså ikkje omgangsskule, i alle krinsar der det var meir enn 30 elevar. I tillegg kom det nye fag til.
Det kom og fleire skulelover utover på 1800 - talet, der skulen meir vart ei folkeskule for alle. I 1959 vart grunnsteinen for ein 9-årig einskapsskule lagt. Eit forslag til ny krins- og skuleskipnad vart lagt fram her i kommunen på byrjinga av 1960-talet og ein har bygt på desse krinsane fram til i dag. Skulesoga er oppdatert for alle krinsane sitt vedkomande.
Skulesoga er utgjeven av Luster kommune og er trykt i A4 - format. Ho inneheld nær 200 bilete frå eldre tid og fram til vår tid.Fleire av bileta er prenta i fargar. Boka er på 500 sider og kostar kr. 400,- pr. stk. Du kan kjøpe skulesoga gjennom Luster kommune, Servicetorget på Rådhuset. På grunn av forseinkingar på trykkeriet vil dette første bandet av kultursoga for Luster kommune først bli lansert medio januar 1997.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Namn:....................................................................................................................

Adresse:...............................................................................................................

Postnummer/ stad:.................................................................................................
Send tinging til:
Luster kommune, Rådhuset, 6868 Gaupne
TLF. (+47) 57 68 55 00. FAX: (+47) 57 68 55 01 E-post




Sist uppdatert av Else Kalhagen, 13.01.2005


Nettstadskart