|
Du er her: Kultur, fritid > Kulturhistorie > Lokalhistorie
Lustrafjell
Visste du at Luster har 43 fjelltoppar høgare enn 2000 meter over havet, og heile 63 toppar høgare enn 1900? Visste du at den største breen på det europeiske fastlandet ligg i Luster, og strekkjer sine kalde istunger ned i bygdene i Jostedalen og Veitastrond?
LUSTRAFJELL (1994) fortel deg kvifor og korleis naturen har endra seg gjennom millionar av år. Korleis dalar, fjordar og fjell har vorte forma til det landskapet vi i dag kjenner, og er så glade i.
Det var til lustrafjelli dei fyrste fjellklatrarane kom då klatringa kom til Noreg, og i Hurrungane hadde dei rikeleg med tumleplass. Denne delen av fjellhistoria er sentral i boki, mellom anna med nytt stoff om William Cecil Slingsby.
Sterke tradisjonar innan jakt og fangst, drift av fjellhytter, drifteferdsle og stølsbruk, er og historiske og særdrag i Lustrafjelli. Dette blir gjort levande gjennom sterke og nærgåande portrettintervju med folk som veit kva dei snakkar om - folk som sjølve var ein del av livet i fjellet.
I vår tid er lustrafjelli ein nasjonal arena for friluftsliv. Det er ikkje tilfeldig at DNT ser på Luster som sitt kjerneområde. LUSTRAFJELL forklarar kvifor, i ord og bilete. Stikkord er mangfald og variasjon, og unik fjellnatur, opplevd året rundt.
LUSTRAFJELL er utgitt av Luster Turlag, eit lag som sidan 1972 år har vore aktivt i lustrafjelli. Eit lag som og har sett i stand eit gamalt steinsel på Fivla, og bygt ei ny hytte på same staden, der du kan ha nokre dagar i fred og ro, langt borte frå kvardagens larm. Bli og med på laget sine fellesturar, og du vil snart lære lustrafjelli å kjenne på nært hald! Denne boki er berre ein forsiktig start…..
Luster Turlag vart skipa 10. mai 1972. Leiar 2002: Stein Næss, tlf. 58 68 65 00.
Sist uppdatert av Else Kalhagen,
13.01.2005
|