|
Du er her: Kultur, fritid > Kulturhistorie > Lokalhistorie
Lokalhistorisk årbok 5
I samband med 100 års markeringa for Luster Sanatorium den 2. november nytta dei 3 sogelaga i Luster kommune å "sleppa" den 5. årboka fri for sal. Tidspunktet var ikkje tilfeldig! På dagen 100 år etter den offisielle opninga av Luster Sanatorium, med ein hovedartikkel på 75 velskrivne sider av Hans Lavoll, og med ein fullsett festsal i samfunnshuset ved Dale skule vart ramma heilt optimal. Hans Lavoll har arbeidt godt med arkivmateriale og minnestoff som tidlegare pasientar og arbeidstakarar ved tidlegare Luster Sanatorium har medverka med.
Biletmaterialet er også imponerande rikt. Fotografi frå den tidlege starten først på dette hundreåret og frametter gir eit godt inntrykk av korleis det var å bu, leva og veksa opp på denne spesielle staden i Luster kommune. Fleire av fotografia syner arbeidssituasjonar, pasientar under behandling og i feststemning. I tillegg er nytta som illustrasjonar songar og dikt som har tilknytning til institusjonen.
For alle som i dag veks opp i kommunen vår er dette eit viktig materiale både til å bli oppdatert av, men også for å forstå den enorme betydningen Luster Sanatorium har hatt opp gjennom dette århundre - som staden for det største medisinske eksperiment i Noreg.
Lokalhistorisk årbok har meir å by på også. Magnar Høyum har gjennom eit intervju med Margit Høyum Dahl trekt fram noko av det som prega arbeidet til ei jordmor i perioden frå 1934 til 1975. Avslutningsvis er også med tekstar frå Sogn Folkemuseum si utstilling om temaet. Mellom anna: Tru og overtru i tilknyting til fødselen, og fødselen som fenomen fram til vår tid.
Redaktøren for Lokalhistorisk årbok, kultursjef Erling Bjørnetun, har teke føre seg Trafikplankomiteen av 1919 og det som særleg tek føre seg Jostedalen. Her er også med oversiktar over lokalt næringsliv og produksjon i tida rundt 1920.
Alfred Espe tek føre seg eit interessant tema for alle dei som har interesse for namnetradisjonar og data omkring Trond Benkestokk som både sette spor etter seg i Noregs historia og som i nokre generasjonar var knytta til garden Joranger. TRond Benkestokk var mellom dei høgaste embetsmennene i landet, og er nemnd som medlem av det norske riksrådet på midten av 1400-talet.
Urnes stavkyrkje vert omtala i høve Nordisk Verdsarvmøte på Ornes 15. juni i år. Det må også nemnast eit oppslag med foto frå ulike bygder i kommunen. Fotoglimt frå Luster er tittelen, og innheld 11 avfotograferte flyfoto frå flyfotograferinga til Fjellanger Widerøe frå 1950 -åri.
Kulturprisvinnarane Luster Turlag v/ Stein Næss (2000) og Harald Bruflat (2001) vert presenterte gjennom to lengre intervju, og til slutt får lesarane innblikk i det arbeidet sogelaga i kommunen står for, og det rike lokalhistoriske materialet som er tilgjengeleg i kommunen.
Lokalhistorisk årbok vil bli selt til husstandane i Luster kommune gjennom elevar frå nokre av skulane som samarbeidar med sogelaga om distribusjonen, og for andre kan du få den tilsendt ved å klikke deg inn på hovedtema: Kultur og fritid, deretter går du til emnet Lokalhistorie og web-sida: Oversyn og tingingskupong.
INNHALD:
2002, året for ei internasjonal satsing på
kultur-arv. | Føreord av kultursjef
og redaktør
Erling Bjørnetun |
Lyster Sanatorium,
historia til eitt av dei første tuberkulose-
sanatoria i Noreg. | av Hans Lavoll |
Trafikplankomiteen av 1919,
med vekt på skildringa av Jostedal herrad. | av Erling Bjørnetun |
Trond Benkestokk og Trond-namnet på Hafslo.
- Ei kort innføring i kven denne slekta
Benkestokk var, og namnetradisjonen med
Trond namnet. | av Alfred Espe |
Gamle-jordmora i arbeid.
Jordmora Margit Høyum Dahl fortel frå arbeidet sitt som
jordmor. Artikkelen er illustrert med foto og tekstar frå
utslillinga på Sogn Folkemuseum. | av Magnar Høyum |
Utfordringar og praktisk vern av Urnes stavkirke.
Innleiing i samband med Nordisk Verdsarvmøte på Ornes
15.juni 2002. | av Eli-Sofie Thorne |
Prosjektarbeid på Ornes
Kontinuitet og endringar i eit kulturlandskap. Ein studie av
Urnes i Luster, Sogn og Fjordane.Innleiing i samband
med Nordisk Verdsarvmøte på Ornes 15. juni 2002. | av Erling Bjørnetun |
Kulturprisen 2000
Intervju med kulturprisvinnaren Stein Næss som leiar i
Luster Turlag. |  |
Kulturprisen 2001
Intervju med kulturprisvinnaren Harald Bruflat. |  |
Fotoglimt frå Luster
Fly-fotografi frå ulike stader i Luster kommune tekne av
Fjellanger Widerøe perioden 1957 - 1963 |  |
Presentasjon av sogelaga:
Luster sogelag
Hafslo sogelag
Jostedal historielag |  |
Lokalhistorisk litteratur
Presentasjon av skulesoga, bygdebøkene og lokal-
historiske årbøker utgjevne i Luster kommune. |  |
Lokalhistorie på internett
Tips til den som nyttar internett til å leite fram aktuell
lokalhistorisk informasjon. |  |
Sist uppdatert av Else Kalhagen,
13.01.2005
|