|
Du er her: Nyhende > 2010
Målprisen til Luster Sparebank
Oddmund L Hoel overrekte prisen til banksjefen i Luster Sparebank, Oddstein Haugen.
Luster mållag deler for åttande gong ut Målprisen.
Prisen skal gå til verksemder, institusjonar, organisasjonar eller personar med tilknyting til Luster
som nyttar nynorsk på eit felt der målet i utgangspunktet ikkje står så sterkt
som syner nynorsken fram til særleg utsette eller viktige grupper, til dømes ungdom og ungar
som òg brukar nynorsk i møte med bokmålsbrukarar, i eller utanfor lokalsamfunnet
som syner særleg interesse for målodling og god nynorsk
Jury for prisen er styret i Luster mållag.
Målprisen for 2010 går til Luster Sparebank.

Oddmund L Hoel i Luster Mållag og Oddstein Haugen i Luster Sparebank.
Kunstnar er Arvid Elvekrok. Motiv: Bjønnstegane i Jostedal.
Gjennom fleire mannsaldrar har sparebankane i Luster vore nynorskbastionar i Sogn og i fylket. I dag er det Luster Sparebank som forvaltar den språklege arven etter dei tre tidlegare sparebankane i kommunen. Det gjer banken på ein framifrå måte. På nettsidene og i anna marknadsføring brukar Luster Sparebank ein god nynorsk som vitnar om eit klart språkleg medvit.
Sett med lokale auge er det kanskje lite oppsiktsvekkjande at ein institusjon som Luster Sparebank nyttar nynorsk. Men ser ein vidare på det, er det ikkje like sjølvsagt. Innanfor næringslivet er bokmålsdominansen lagt sterkare enn på mange andre samfunnsområde, og innanfor finansnæringa er bokmålstradisjonen, for ikkje å seie riksmålstradisjonen, særleg sterk. Det er difor særs viktig for nynorsken som språk at det finst solide finansinstitusjonar med eit godt omdøme som held nynorsken i hevd som forretningsspråk, reklamespråk og finansspråk.
Det er utfordrande å vere ein sjølvstendig lokal sparebank med alle dei tunge sentraliserte datasystema bankane er heilt avhengige av i dag. Dette er også ei stor språkleg utfordring for ein nynorskbank. Me vonar målprisen kan inspirere Luster Sparebank til å stå på vidare for å gje oss best mogleg nynorske banktenester også i framtida.
I år som før er prisen ein akvarell av Arvid Elvekrok.
Til lukke med Målprisen 2010!
Gaupne, 12. juni 2010
Styret i Luster mållag
Oddmund L. Hoel
leiar
Stein Næss Ann Kristin Sperle Marit Aakre Tennø Eldbjørg H. Fossøy
Sist endra av Anita Bjørk Ruud,
12.06.2010
|