|
Du er her: Kultur, fritid > Kulturhistorie > Lokalhistorie
Lokalhistorisk årbok 3
Dei 3 sogelaga i Luster og Luster kommune, kulturkontoret har gått saman om eit banebrytande prosjekt. Ein tek sikte på å gje ut ei lokalhistorisk årbok der målet er å tilby interessant lesestoff til bygdefolk og andre interesserte, og håpar å kunna stimulera sogeintressa hjå folk flest.
Årboka har i år fleire interessante hovudemne som alle er knytt til tidlegare levevis og livsvilkår i kommunen.Emnet stølsdrift er omhandla i artiklar av Alfred Espe, Helga og Trygve Skjolden, Melchior Sørheim og Olav Kjell Lomheim.
Verksemda til smørlaga her i Luster kommune er emnet i ein artikkel som er skriven av Hermund Kleppa. Han går nærare inn på kva for kjeldemateriale vi har om dei smørlaga som var i drift kring i kommunen vår.
Terje M. Hasle Joranger har skrive om garden Ytre Kroken og den kulturelle rolla den spelte både nasjonalt og lokalt. I Kulturminneåret 1997 vart Munthehuset i Ytre Kroken prioritert som Luster kommune sitt kulturminne.
Ingebjørg Strand Heiberg har skrive om husmannsvesenet i Luster og Jostedal medan Oddrun Marie Dyrdal har skildra husmannslivet i Skjolden og Fortun på nært hald.
Susanna Solem har skrive om Kristoffer Alme og Hafslo Ungdomslag og arbeidet i laget i brytningstida kring århundraskiftet.
I tillegg kan vi lesa om berteninga til norsk-amerikanaren Russell L. Hanson då han og familien besøkte fjellgarden Fuglesteg i Fortun.
Sagbruksnæringa i Luster på 1600-tallet er emne i ein annan artikkel der Arne Kviterud behandlar utviklinga av næringa og drifta ved dei ulike sagene i kommunen vår.
Avslutningsvis er det ein presentasjon av kulturprisvinnaren i 1996 som var Bjørg Hovland, og Hafslo sogelag, Jostedal historielag og Luster sogelag.
INNHALD:
| Truleg kom kulturminneåret altfor seint..... | Føreord av Erling Bjørnetun |
| Stølar i Luster. | |
| Geisdalen | Av Alfred Espe |
| Stølsdrift i Lustr. | Av Helga og Trygve Skjolden |
| Stølsdrift i Feigedalen | Av Melchior Sørheim fortalt til
Helga K. Skjolden |
| Stølsminne frå Berrsetno på Hafslo | Av Olav Kjell Lomheim |
| Smørlaga i Luster | Av Hermund Kleppa |
| Kultursenteret Ytre Kroken | Av Terje Mikael Hasle Joranger |
| Frå Wisconsin til Fuglesteg | Av Russell L. Hanson |
| Sagbruksnæringa i Luster på 1600-tallet | Av Arne Kvitrud |
| Husmannsvesnet i Luster og Jostedal | Av Ingebjørg Strand Heiberg |
| Husmannslivet i Skjolden og Fortun | Av Oddrun Marie Dyrdal |
| Hafslo Ungdomslag | Av Susanna Solem |
| Kulturprisvinnaren 1996 Bjørg Hovland | Av Erling Bjørnetun og
Terje Hasle Joranger. |
| Presentasjon av sogelaga i Luster kommune | |
| Hafslo Sogelag | |
| Jostedal Historielag | |
| Luster Sogelag | |
| Lokalhistorisk litteratur | |
| Skulesoga for Luster kommune | |
| Bygdebok, Gards- og ættesoga | |
| Lokalhistoriske årbøker for Luster Kommune | |
| Lokalhistorie på internett | |
Sist uppdatert av Else Kalhagen,
13.01.2005
|