Gå direkte til innhold
Luster kommune
Feigumsfossen Kraftutbygging Fiske i Luster Bærdyrking Urnes stavkyrkje Molden - Om Luster Skagastølstindane Bergsetbreen Kart
Postliste Kunngjeringar Ledige stillingar Kart Kontakt oss
Urnesdyret frå Urnes stavkyrkje  
Du er her: Nyhende > 2010

Mål om auka aktivitet i skogen i Luster i 2010

Skogforvaltninga i Luster vil ha auka aktivitet i skogen framover. Sjølv om det er planting og hogst de fleste tenker på når det gjeld skog, er det og trong for aktivitet mellom desse stadia.

Det kan vere t.d. suppleringsplanting, rydding av overgrodde plantefelt, avstandsregulering, og mekanisk rydding. Arbeid i skogen er betre økonomi, investering i framtida, gode naturopplevingar, meiningsfullt arbeid og gjev i tillegg fysisk aktivitet. Tilskotsordningane er gode i Luster, med mogelegheit for både kommunale og statlege løyvingar. Dette kombinert med bruk av skogfondordninga gjer at ein kan ha ein brukbar timeløn ved å utføre tiltak som er ramsa opp ovanfor.

Skogfondordninga er ein skattemessig gulrot som altfor få er klar over. Hogg du virke som vert omsett må ein setje av pengar til skogfond. Dette er ein konto utan rente som høyrer til skogeigedomen din. Ein kan setje av mellom 4 og 40% av bruttoverdien på tømmeret. Beløpet ein set av kan nyttast til aktivitet i skogen og ein slepp skatt på 85% av beløpet !
Til dømes hogg ein tømmer for kr. 100.000 på ein eigedom. Ein vel å setje av høgste sats (40%) til skogfond, det vil seie kr. 40.000. Du slepp skatt på kr 34.000 av desse om du nyttar dei til plantekjøp, dekking av løn til planting, seinare mekanisk rydding, bygging av ein vegstubb osv.

Trong for hogst ?
Marknaden ser ut til å etterspørje meir virke, og prisene er på veg oppover. Om du har hogstmoden skog bør du tenke på å ta denne ut. Luster kommune kan hjelpe deg med korleis du går fram i ein slik situasjon. I dag er det tilskot for hogst i bratt terreng (taubanedrifter), som skal dekke meirkostnaden ved slike driftar.

Vegar
Mange stader manglar vegar for å få hogstvirke ut av skogen. Representantar for kommunen, Sogn og Fjordane Skogeigarlag, Fylkesmannen og Prosjekt Kystskogbruket har hatt møte og utarbeidd kart med framlegg til framtidige skogsbilvegtrasear i kommunen. I område med t.d. store samanhengande granfelt vil det vere rasjonelt å løyse ut skogen gjennom fellesveg. Slike vegar vil lettare løyse ut tilskotsmidlar. Det er Fylkesmannen som forvaltar tilskotsordninga for skogsvegar.

Tilskot til produksjon av skogflisråstoff
Energiflishogst er eit nytt omgrep der virke ( frå tynning, hogstavfall, lauvskoghogst, ungskogpleie m.m.) vert hogd til energiproduksjon og flis. Det må føreliggje leveransekontrakt. Det er tilskotsordning for dette, arealtilskot og driftstilskot. Fylkesmannen godkjenner prosjekt, men kommunen er sakshandsamar. I praksis konkurrerar ein del av denne ordninga med virke som går til vedproduksjon og massevirke. Ordninga er relativt ny og vi har ikkje sett ho i bruk enno. Tilskotsordninga dekker altså ikkje utdrift av skogsvirke til vedproduksjon.

Kva skal du gjere ?
Mange av eigedommane i Luster har nye skogbruksplanar. Av dei går det fram kva som bør gjerast på skogeigedommen. Ta denne fram og ta ein tur oppom kontoret mitt på kommunehuset i Gaupne så kan vi ta ein skogprat.

Arne Kristian Borger
Skogbrukssjef
Tlf. 57 68 55 84
e-post: Arne.Kristian.Borger@luster.kommune.no


Sist endra av Torodd Joranger, 03.02.2010


Nettstadskart