Gå direkte til innhold
Luster kommune
Feigumsfossen Kraftutbygging Fiske i Luster Bærdyrking Urnes stavkyrkje Molden - Om Luster Skagastølstindane Bergsetbreen Kart
Postliste Kunngjeringar Ledige stillingar Kart Kontakt oss
Urnesdyret frå Urnes stavkyrkje  
Du er her:

Hjort 2004

Kommunen har no motteke fellingsrapport frå samtlege 89 vald og sett-hjort opplysningar frå heile 55 vald. Resultata syner at det vart felt 305 dyr i år, noko som er tett oppunder rekorden på 306 dyr i 2001.
Link til Lover og forskrifter som ein jeger må ha kjennskap til.
På grunn av den gode tilbakeleveringa av sett-hjort skjema, har me for fyrste gong kunne lage gode statistikkar på kjønns- og aldersamansetning i ulike område, slaktevektar, tettleik og bestandstorleik. Desse opplysningane vert tilgjengeleg på kommunen sine nettsider og dei vil verte lagd fram på sonemøter som vert arrangert utover vinteren.

Nedafor er ein del av statistikken me har vedrørande hjorteforvaltninga diskutert, og det er lagd inn linkar til statistikk for ulike tema og område. Oversikt over alle valda, og råmaterialet til alle opplysningane ligg som ei excel fil ein kan få opp ved å trykkje på følgjande link.
Hjort 2004 -.pdf

Jaktoppsynet
Kommunen sin oppsynsmann melder om stort sett god og forsvarleg jaktutøving. Det er blitt rapportert om nokre tilfeller av jakt frå bil og jakt i uforsvarleg lite lys som er overlevert politiet, men stort sett er oppsynsmannen godt nøgd med jaktutøvinga i kommunen.

Vald, hjortesoner og minsteareal
Kommunen har 89 vald inndelt i åtte hjortesoner. To av desse er storvald og får tildelt frie fellingsløyve over ein treårsperiode på bakgrunn av utarbeidd bestandsplan. Det er ein overvekt av små vald på mellom to og fire tusen dekar, sjølv om kommunen også har heile femten vald over ti tusen dekar. Minstearealet per løyve er ved forskrift sett til 1000 dekar i Luster kommune. Dette kan ein i fylgje viltlova fråvike med inntil 50% opp eller ned. Veitastrond, Gaupne, Jostedal og Skjolden/Fortun har eit generelt minsteareal på 1000 dekar, medan Hafslo / Solvorn, Nes / Luster, og Sørsida har eit generelt minsteareal på 750 dekar per løyve og Indre-Hafslo / Marifjøra har no 500 dekar minsteareal per løyve. Internt i sonene har ein og i mindre grad ulikt minsteareal. For ein kommune med geografisk struktur som Luster, er det svært nødvendig at det er ulike minsteareal i dei ulike områda i samsvar med ulik hjortetettleik og ulikt nivå av beiteskadar.

Sett hjort registreringane
Luster kommune starta i haust med ”sett – hjort” registreringar. 55 vald har levert inn skjema, noko som me er godt nøgde med sidan dette er fyrste gong ein har slike registreringar i Luster. I sum har ein nytta sett hjort skjema i over 15 000 jegertimar og ein har observert over 1 600 dyr. Med så mange observasjonar har ein ganske sikre grunnlagsdata for å lage statistikk dei ulike sonene og dette nyttar me i hjorteforvaltninga. For meir informasjon om sett hjort metoden kan ein trykke følgjande link.
Informasjon om sett hjort skjema.pdf

Avskyting og fellingsprosent totalt i kommunen
Luster kommune har totalt sett ein fellingsprosent på 46 noko som er lavt dersom ein ser på fellingsprosenten isolert. Årsakene til den lave prosenten er den svært lave avskytinga i dei store områda Veitastrond, Jostedalen, Gaupne og Skjolden / Fortun. Her er det stort sett dårlege forhold for hjorten og me har ein naturleg tynn bestand. I tillegg til vanskelege jaktforhold fører dette til ein lav fellingsprosent i desse områda og dette trekker ned snittet for kommunen. For å ha ein god hjorteforvaltning er det mykje meir relevant å studere kjønns- og aldersamansetning i uttake.
Samanlikning av kjønns- og aldersamansetning.pdf

Tabellen syner at ein jamt over har ein noko høg avskyting av eldre bukk i kommunen, med Skjolden/Fortun og Sørsida som heiderlege unntak, som bort imot har ein ideell avskytning. For maksimal avkastning av kjøt og ein stabil bestand tilrår viltforskarane ein avskyting tilsvarande 60% 11/2 åring og kalv, 20% eldre bukk og 20% eldre kolle. Dette har me lagd til grunn når me tilrår ”ideell” avskytning. Samanliknar me avskytingsfordelinga med kva jegerane observerer på jakt, ser me heilt tydeleg at jegerane i stor grad bevist føretrekk å skyte eldre bukk. Dette vil for enkelte område vere litt uheldig og det kan føre til forseinka brunst for kollene, dårlegare kalveoverleving og kondisjon, og at færre 11/2 års kolle får kalv, noko som også reduserer den potensielle ”avkastninga” av hjortebestanden. Skeivheita i uttaket er i Luster kommune ikkje så stor at ein kan forvente noko dramatiske endringar i bestanden, men ein bør vere klar over at avkastninga av hjorten har eit forbetringspotensiale ved å redusere uttaket av dei eldste bukkane og heller skyte fleire 11/2 åringar og kalv. Sett hjort registreringane har synt at det er ein overvekt av koller i bestanden på ca 4 %. Dette er som forventa sidan ein tok ut 88 fleire hannar enn hodyr i 2003.

Bestandstorleik, tettleik og jakteffektivitet
Det er ulike måtar å rekne ut storleiken på den bestanden ein har i kommunen. Den beste metoden forutset ein stabil bestand, avskyting og jaktinnsats. Dette ser det ut som me har i kommunen og dermed er det mogleg å rekne seg fram til storleiken av bestanden noko me har gjort under. Det må likevel poengterast at slike anslag er usikre.

Me har ein stabil bestand med årleg felling av 300 dyr, og bestanden har i fylgje sett hjort registreringane ein kalveandel på 25 %. 1/5 av kalvane døyr fyrste året, og den naturlege dødelegheita utanom jakt er 7-8% for eldre dyr (jfr forskninga til Langvatn). 13% av bestanden vil då tilsvare jaktutaket som er 300 dyr og dette gir oss ein totalbestand på ca 2300 dyr.


Tettleiken av dyr varierar stort i Luster kommune etter næringsforhold og årstid. Sett hjort per innsats gir ein god peikepinn på korleis tettleiken varierar med områda noko som fylgjande diagram syner.
Tettleik.pdf

Samla for kommunen vart det observert 0.075 dyr per jakttime i utmark og 0.291 dyr per jakttime på innmark. Det vil seie at ein i snitt må jakte i 13 timer i utmark og 3,5 timer på innmark for å sjå eit dyr.

Slaktevekter
Me har fått inn slaktevektene til rundt halvparten av dei dyra som er felt og dette gir gode data på kondisjonen til dyra. Slaktevektene er som forventa gode i kommunen, og det bør dei også vere med tanke på den geografiske plasseringa av kommunen. Sjå link til tabell.
Slaktevekter.pdf

Veitastrond
Veitastrond har fellingsprosent på 41 noko som er som forventa men lav. Det er likevel ein klar betring frå 2003 der Veitastrond hadde ein fellingsprosent på 29. Med 15 felte eldre bukk har Veitastrond ein bukkefelling på 50% noko som er 9 dyr fleire enn det ”ideelle”. Det vert observert ein god del bukk på Veitastrond (38%) men likevel tek ein ut fleire enn forventa. Ein bør freiste å styre avskytinga frå eldre bukk til kalv og 11/2 åringar. Det er tydeleg at den høge bukkeandelen på Veitastrond er i samsvar med den høge kolleandelen i området Hafslo/Solvorn. Dette tyder som forventa på at dyra på Veitastrond tilhøyrer same bestand som Hafslo/Solvorn og truleg til ein viss grad Indre-Hafslo/Marifjøra. Det er dei eldste bukkane som reiser lengst og desse dreg til Veitastrond på sommarbeite. Høg avskyting av bukk på Veitastrond får då konsekvensar for bukk/kolle forholdet i Hafslo/Solvorn området. Sjå link til data frå Veitastrond.
Veitastrond.pdf

Hafslo – Solvorn
Sona har litt lav fellingsprosent og består av for mange små vald. Ein bør arbeide for valdsamanslåing i sona. Fellingsprosenten er som fjoråret litt lav. Kjønnsforholdet i uttaket er bra, noko som truleg kjem frå at ein observerar mykje meir eldre kolle enn bukk. Spesielt gjeld dette i allmenningen der ein har kolle / bukk forhold på 3,5 / 1. Ein bør likevel ta ut færre eldre dyr samstundes som ein aukar avskytinga av kalv og 11/2 åringar. Sjå omtale av data frå Veitastrond for meir informasjon om bestanden. Sjå link til data frå Hafslo / Solvorn.
Hafslo-Solvorn.pdf

Indre Hafslo og Gaupne Vestside
For å betre statistikkgrunnlaget har me slått data frå Indre-Hafslo saman med data frå Gaupne sona vest for Jostedøla. Dette er også same bestand så ein samanslåing er heilt naturleg.
Sona har ein god fellingsprosent, noko som er gledeleg sett i lys av at me i år reduserte minstearealet på Indre-Hafslo til 500 daa. Det er i sona litt for mange små vald og ein bør dermed arbeide for valdsamanslåing. Kjønnsforholdet i uttaket er bra, noko som i likheit Hafslo / Solvornområdet truleg kjem frå at ein observerar mykje meir eldre kolle enn bukk. Ein bør likevel ta ut færre eldre dyr samstundes som ein aukar avskytinga av kalv og 11/2 åringar. Sjå link til data frå Indre-Hafslo og Gaupne vestside.
Indre Hafslo og Gaupne vest.pdf

Jostedalen
Jostedalen har som i fjor kommunens dårlegaste avskyting med ein fellingsprosent på 29. Dette er likevel som forventa med tynn hjortebestand og at hjorten trekker ut av området tidleg. Ein bør nok vurdere å auka minstearealet for å forbetre fellingsstatistikken. Som nemnt over er det likevel kjønns- og aldersfordelinga i uttaket som er viktig. Det vert i Jostedalen teke ut litt mykje hanndyr samstundes som ein også bør auke kalveandelen i uttaket. Jostedalen har også dårleg tilbakelevering av sett hjort skjema, noko som er viktig for å kunne ha eit godt forvaltningsgrunnlag. Sjå link til data frå Jostedalen.
Jostedal.pdf

Nes – Luster og Gaupne austside
Området har litt mange små vald og ein bør arbeide for samanslåing. Uttaket av vaksne koller er bra, men det vert teke ut for mykje eldre bukk. Avskytinga bør dreiast frå eldre bukk og over på 11/2 åring og kalv. Det er ein overvekt av koller observert i området og dette kjem truleg i hovudsak frå den skeive avskytinga. Sjå link til data frå Nes – Luster og Gaupne austside.
Nes-Luster og Gaupne aust.pdf

Skjolden – Fortun
Området har ein lav fellingsprosent, men avskytingsfordelinga er i likheit med Sørsida ganske god, og det er kjønns- og aldersamansetninga i uttaket som er viktig for å optimalisere avkastninga. Både Fortunsdalen og Mørkridsdalen har ein form som egnar seg for å danne eit eller to felles storvald med bestandsplan, og dette bør ein i denne sona arbeide mot. Sjå link til data frå Skjolden - Fortun.
Skjolden - Fortun.pdf

Sørsida
Sørsida er det einaste området som frå 2004 får frie løyver i samsvar med utarbeid bestandsplan og Sørsida er faktisk også det området der kjønns- og aldersfordelinga i utaket under jakta var bortimot optimalt med tanke på arbeide mot maksimal avkastning og ein sunn og stabil bestand. Fellingsprosenten er likevel litt lav med 43 %. Med meir samarbeid mellom jaktsonene vil denne auke, og me vil dermed tilrå at ein arbeidar mot auka samarbeid under jakta. Sjå link til data frå Sørsida.
Sørsida.pdf


Sist uppdatert av Torodd Joranger, 20.01.2005


Nettstadskart