Gå direkte til innhold
Luster kommune
Feigumsfossen Kraftutbygging Fiske i Luster Bærdyrking Urnes stavkyrkje Molden - Om Luster Skagastølstindane Bergsetbreen Kart
Postliste Kunngjeringar Ledige stillingar Kart Kontakt oss
Urnesdyret frå Urnes stavkyrkje  
Du er her: Næring

Stimuleringstiltak til næringslivet

Illustrajson: Pengane renn ned i sekkenLuster kommune satsar medvite for å vere konstruktiv medspelar for å utvikle eit næringsliv som er framtidsretta og som gjev den naudsynte sysselsetjinga for å oppretthalde folkesetnaden i kommunen. Kommunen har fleire verkemiddel i forhold til både det etablerte næringslivet og eventuelle nyetablerarar.
Skriv ein søknad som fortel om satsinga du planlegg.
Link til eige søknadsskjema

Snakk gjerne med næringssjef Olav Grov,
tlf. 57 68 55 08, under vegs.

Lån og tilskot
Kommunen har eit eige næringsfond, og kan gjennom det gje både lån og tilskot.
Lån vert gitt til fysiske inveseringar: Bygg og utstyr. Låna kan gjevast med rente- og avdragsfri periode på inntil 3 år. Rentefoten er no 4%.

Tilskot
vert gitt til utviklingstiltak slik som oppstarting, planlegging og prosjektering, undersøking, produktutvikling, marknadsundersøking og marknadsføring, samt opplæring /kompetanseoppbygging.

Sakshandsaming i næringssaker
Grunnlag for næringsarbeidet - vedteke av Luster kommunestyre 18.06.2009, sak 74/09.

Innovasjon Norge
Bedriftene i Luster kan og nytte Innovasjon Norge sitt verkemiddelapparat. Både tilskot og lån kan ytast til bedrifter i Luster frå Innovasjon Norge. Innovasjon Norge kan òg yte finansiering til tiltak med utgangspunkt i landbruksnæringa.

Luster kommune har og fleire støttetiltak i høve landbruket, sjå side 17 i dokumentet grunnlag for næringsarbeid.

Areal og lokale
Luster kommune har byggeklare næringsområde både i Gaupne og Hafslo. Det er og ledige næringslokale i kommunen, lokale som er høvelege både til lettare industri og servicetiltak.

Næringsfellesskap
Næringsfellesskapet er lokalisert i Pyramiden. Det er eit samarbeid mellom Pyramiden AS som byggeigar og Luster kommune som har fått i gang tiltaket. Deltakarane i fellesskapet får eige kontor, dei får i tillegg tilgang til felles ete- og pauseområde og eit godt utstyrt møterom. Breiband er og tilgjengeleg. Tilbodet skal vere økonomisk overkommeleg, også for nystarta bedrifter.

Ta kontakt med senterleiaren på Pyramiden for ev. leige: Svein Norberg, tlf. 99 43 83 33.

Næringssjef Olav Grov, tlf. 57 68 55 08 gjev råd og rettleiing og er diskusjonspartnar for næringslivet.

Nyttige web-sider:

Sist endra av Anita Bjørk Ruud, 21.01.2010


Nettstadskart