Gå direkte til innhold
Luster kommune
Feigumsfossen Kraftutbygging Fiske i Luster Bærdyrking Urnes stavkyrkje Molden - Om Luster Skagastølstindane Bergsetbreen Kart
Postliste Kunngjeringar Ledige stillingar Kart Kontakt oss
Urnesdyret frå Urnes stavkyrkje  
Du er her: Kultur, fritid > Kulturhistorie > Lokalhistorie

Lokalhistorisk årbok 1

Dei 3 sogelaga i Luster og Luster kommune, kulturkontoret har gått saman om eit banebrytande prosjekt! For kvart sogelag, både i Hafslo,Jostedal og Luster, har ønskjet om ei årbok stått sentralt i lenger tid. Arbeidet med den så vidgjetne gards- og ættesoge har derimot drege av med dei fleste ressursane og såleis har kultursoge kome i andre rekke.
I år, knytt opp mot utvandrarjubileet, slår dei 3 laga til med den første av vonleg ein serie årbøker.

Forfattarane til den første boka er:
Kristian Helland, leiar av Pedagogisk Senter ved Norsk Lærarakademi i Bergen som skriv om; Mathilde frå Solvorn - eit lagnadsfylt ungdomsopprør.
Terje Mikael Hasle Joranger, assisterande bygdebokskrivar i Luster kommune, har teke føre seg utvandringa frå Luster i artikkelen Utvandringa frå Luster til Amerika.
Alfred Espe, bygdebokskrivar i Lærdal, har i sin artikkel teke føre seg eit avgrensa område i midt-vesten, og skildra livet og folki som slo seg ned der, i artikkelen Sogningar i Greenwood Township, Vernon County, Wisconsin.
Aud Marit Hilleren og Anne M. Grefsrud, aktive lokalhistorikarar på Veitastrond, skriv om; Veitastrond 1894 - 1994, om 100 års jubileet for «oppdaginga» av Austerdalsbreen.
Til slutt, men ikkje minst, kan lesarane få grundig innføring i byggjeskikken i Luster kommune, studert og analysert i ei hovudfagsoppgåve som Paal Mork har utført i 1993. Paal Mork er i dag tilsett som informasjonssjef ved Norsk Folkemuseum.

INNHALD
Røter i Luster? Føreord av Erling Bjørnetun
Utvandring. Av Lars E. Øyane
Utvandringa frå Luster til Amerika. Av Terje Mikael Hasle Joranger
Mathilde frå Solvorn
- eit lagnadsfylt ungdomsopprør.
Av Kristian Helland
Soga om Sogne-settlementet Greenwood
i Vernon Co., Wisconsin.
Av Alfred Espe
Veitastrond 1894 - 1994. Av Aud Marit Hilleren og
Anne M. Grefsrud
Byggjeskikken i Luster. Av Paal Mork


Sist uppdatert av Else Kalhagen, 13.01.2005


Nettstadskart