|
Du er her: Natur, vilt og fiske > Vilt
Utvida jakttid gav rekordfelling av hjort i 2005
I 2005 vart det gjeve i alt 615 fellingsløyve på hjort i Luster kommune. Totalt vart det under jakta felt 367 dyr. Avskytinga i kommunen har dermed sett ny rekord med 60 fleire dyr enn rekordåra i 2001 og 2005.
Januar 2006
Luster kommune har for andre året på rad samla inn slaktevekter og sett hjort skjema i tillegg til fellingsrapportane. Fellingsrapportane gir oss vissheit i kva slags dyr som vert tekne ut av bestanden, men seier lite om korleis bestanden eigentleg er. Det er dermed viktig å samanfatte fellingsrapportane med dei observasjonane jegerane gjer når dei er på jakt slik at ein over tid kan studere endringar i tettleik og i bestandssamansetning. Dette vert gjort ved at jegrane registrerer kor lenge dei er på jakt og kor mange og kva type dyr dei ser. I tillegg er det viktig at ein gjev opp slaktevekter på felte dyr. Under jakta i 2005 brukte jegrane ”sett-hjort” skjema i 14 918 jegertimar, og dei registrerte då i alt 1787 ulike hjortar. Det vart samstundes oppgitt slaktevekter på i alt 258 felte dyr. Sjølv om det er endringar over år som gir det beste biletet av bestanden, har me likevel eit godt grunnlag for å seie litt om stoda nå. Under er viktig statistikk over hjortestamma i Luster kommune presentert, og statistikken er prøvd tolka.
Avskyting og tilvekst
I 2005 vart det gjeve i alt 615 fellingsløyve på hjort i Luster kommune. Totalt vart det under jakta felt 367 dyr. Avskytinga i kommunen har dermed satt ny rekord med 60 fleire dyr enn rekordåra i 2001 og 2005. Fellingsprosenten er samtidig auka til 60 i kommunen. Ein ser av fellingsdatoane på slaktevektskjemaa at 16,4% av dyra er skotne i den utvida jaktperioden (14 dg frå 15-29 november, veke nr 46-48), noko som truleg forklarer at det vart skote rundt 60 fleire dyr i år enn i fjor.
Figur 1, Syner kor mange dyr felt veke for veke frå veke 36 til 48. Det er kun dei som det er oppgitt slaktevekter på som inngår i dette materialet.,
Ser ein bort i frå dei dyra som er skotne i den utvida jaktperioden i år, har dermed avskytinga vore nokolunde stabil på rundt 300 dyr dei siste 5 åra.
Figur 2. Oversikt som syner felte dyr frå 1979 til 2005. Kjelde Fylkesmannen
Eit uttak på rundt 300 dyr er omtrent i samsvar med tilveksten i hjortestamma, kanskje noko i underkant. Ein kan dermed forvente at stamma vil ha ein utflating eller svak nedgang på grunn av at ein i år tok ut heile 367 dyr. Sidan ein har utvida jakt også i 2006, er det også truleg at denne trenden vil fortsette. Dette er likevel vanskeleg å vite sikkert sidan ein ikkje tek høgde for varierande naturleg dødlegheit og inn-/utvandring.
Avskytingsfordeling og bestandssamansetning
Fordelt på alder og kjønn vart det under jakta i 2005 felt 136 eldre bukkar, 59 1,5 år hann, 42 hannkalvar, 66 eldre koller, 26 1,5 års kolle og 38 hokalvar. Prosentfordelinga i uttaket fordelt på kjønn og alder vert dermed denne; 37% eldre hann, 16% 1,5 år hann, 11 % hannkalv, 18% eldre ho, 7 % 1,5 års kolle og 10% hokalv. For kommunen totalt er dette noko avvik frå målsettinga til forvaltninga som er på 20 % eldre hann, 20 % eldre ho, og resten (60%) kalv og 1,5 åringar, sjølv om nokre område isolert sett har hatt ein god fordeling på avskytinga.
Figur 3. Diagram som syner avskytingsfordeling i ulike område i kommunen. Totalt vart det teke ut 367 dyr.
64 prosent av dei dyra tekne ut under jakta er dermed hanndyr og dette er ein tendens som har vore gjeldande i fleire år (65 % hanndyr i 2003 og 59 % hanndyr i 2004). Ein kan dermed forvente at ein vil observere fleire hodyr enn handyr i bestanden og det ser ein frå ”sett-hjort” registreringane at ein faktisk gjer.
Figur 4. Syner observasjonar av bukk, kolle og kalv i prosent. 1717 observasjonar inngår i datagrunnlaget.
Ein kunne likevel forvente at grunna den skeive avskytinga ville me sjå ein større dreiing i kjønnssamansetninga enn det me registrerer. Årsak til at me ikkje registrerer større ulikskapar i kjønnssamansetninga kan være at ein større del av dei som vert registrert på registreringsskjemaet som ”ukjent” faktisk er hodyr enn dei som faktisk er hanndyr. Ein er meir sikker på kva ein observerar når ein ser eit hanndyr med gevir, enn eit hodyr utan. Det kan også være ulikskapar i aktivitet som gjer at ein oftare observerer hanndyr. Ein viktig faktor er likevel at det jamnt over vert fødde fleire hanndyr enn hodyr. Sidan ein ikkje ser forskjell på hann- og hokalv (heller omtrent ikkje nokon forskjell i vekt) vil kjønnsforholdet i uttaket av kalv gjenspegle kjønnsforholdet på fødde kalvar. Uttaket av kalv i Luster er for lite til at ein kan seie noko sikkert ut i frå hann/hokalvfordelinga, men det kan likevel vere interessante data. I Luster kommune var 52,5 % av felte kalvar i 2005 hannar. I dei siste fem åra er 53 % av felte kalvar i kommunen hannar (totalt felt 309 kalvar i perioden). I Noreg i 1990, var 56,3 % av felte kalvar hannar medan andelen var redusert til 52,2 % i 2001. I kommunen har hann/hokalvfordelinga variert årleg sidan ein byrja å samle statistikk, noko som truleg skuldast tilfeldigheiter grunna lågt uttak av kalvar. Sidan ein byrja å samle fellingsdata i 1980 er 54,5 prosent av felte kalvar hannar.
Figur 5. Syner variasjon i hann/hokalvfordelinga frå 1980 og fram til i dag.
I fylgje forskarane Meisingseth og Langvatn er andelen hannkalvar skotne i Sogn og Fjordane snautt 70 % ved låg bestandstettleik, men søkk til ca 50% ved høg bestandstettleik. Årsaka er at koller med nedsett kondisjon oftare får hokalvar enn dei med høg kondisjon. Dette skuldast at det krevst mindre energi å fostre opp ein hokalv enn ein hannkalv, pluss at ei vaksen ho i dårleg kondisjon vil ha større moglegheit til å føre sine gener vidare enn ein tilsvarande vaksen hann. Låg hannkalvandel kan dermed vere eit signal på at bestanden ikkje bør auke.
Den viktigaste årsaka til at me ikkje registrerer større forskjell i kjønnssamansetninga kan likevel vere at bestanden har vore i litt vekst kvart år. Ein bestand i nedgang vil derimot endre kjønnssamansetninga mykje raskare dersom avskytinga er skeiv. Dette er utfordrande for framtida i og med at me no forventar ei utflating/svak bestandsnedgang.
Kalv per kolle
Tal kalv per kolle har gått ned frå 0,64 kalv per kolle i 2004 til 0,53 i 2005. Nedgangen er spesielt høg i områda Hafslo og Indre Hafslo. Dette kan skuldast større tap av kalv til gaupe i 2005 enn tidlegare. Skadedokumentasjon av sau drepne av gaupe i same område er med på å underbygge dette. Naturleg dødlegheit på kalv før jakta er vanskeleg å talfeste, men estimat frå Skottland tilseier rundt 9 %. Dette vil likevel variere stort frå år til år.
Figur 6. Syner kalv per kolle observert i ulike område og totalt. 603 koller og 314 kalvar er totalt observert.
Sett hjort per jaktdag
Sedde dyr per jaktdag (7,5t) i utmark varierar stort i dei ulike områda, men ikkje uventa ser ein flest dyr på Indre Hafslo og i området Nes-Luster.
Figur 7. Observerte dyr per jaktdag (7,5 t) i utmark. Jegerane har i utmark registrert hjort i tilsaman 12110 timar, og dei har då sett 1109 dyr.
Observerte dyr i utmark har samtidig auka frå 0,58 dyr per dag i 2004 til 0,68 dyr per dag i 2005. Observerte dyr på innmark har hatt ein tilsvarande auke, sjølv om ein må ta med at feilmarginane er større på innmark. Frå dette er det sjølvsagt nærliggjande å tru at bestanden har auka frå 2004 til 2005. Noko av auken i observerte dyr kan kanskje også forklarast med forandringar i trekk og val av område. Tilbakemeldingar til kommunen går ofte på at hjorten dei seinare åra har blitt mykje meir knytt til innmark og område i nærleiken til innmark. Dette vil igjen vere mest naturleg å forklare med redusert beitekvalitet der tettleik av hjort er høg. Fleire dyr i og i nærleiken til innmarka vil dermed truleg auke observasjonane under jakt.
Slaktevekter
På bakgrunn av resultata over vert det svært interessant å studere slaktevektene og eventuelle endringar i desse. Alle resultata frå både ”sett-hjort” og slaktevektskjema er sjølvsagt til ein viss grad usikre, men utfordringa må vere å få så mange observasjonar at usikkerheita vert minst mogleg. Sjølvsagt vil variasjon på vektene frå år til år og utover i jaktsesongen vere svært avhengig av værforholda både summar og vinterstid, men jamt over vil likevel slaktevektene være eit godt mål på korleis kvaliteten er på dyra i vårt område samanlikna med andre område. Kommunen har etter jakta motteke slaktevekter frå heile 258 dyr og dette er ein svært nøgd med.
Figur 8. Slaktevekter i 2004 og 2005. N = tal observasjonar som inngår i datagrunnlaget.
Snittvektene for kalv var 29,3 kg for hannkalv og 27 kg for hokalv. Dette er omtrent som i fjor. Snittvektene på landsbasis er 25-29 kg for kalvar felt under jakta. Vektene på 1,5 år hann (spissbukk) er 57,9 kg medan 1,5 år hodyr er 50 kg. Dette er også omtrent som i fjor. Me trur at den reelle slaktevekta på 1,5 år hodyr er noko under 50 kg sidan det truleg er nokre små eldre koller som vert registrerte som 1,5 års kolle. Vektene på 1,5 års koller er likevel svært viktige for rekrutteringa til hjortestamma. Undersøkingar har synt at dersom vekta er 45 kg, vil berre 25 % av kollene få kalv medan 55 kg slaktevekt vil medføre at heile 80 % av dei får kalv. Våre vekter ligg omtrent på snittet frå resten av Noreg for 1,5 års dyr.
Sidan me ikkje har alderen på dyra skotne som vaksne, vil det vere vanskeleg å samanlikne våre vekter med vekter registrert i andre delar av landet. Til ein viss grad kan ein likevel seie på bakgrunn av det store utvalet (87 eldre bukkar) at dei som vert skotne gjenspeglar ”gjennomsnittbukken” i vekt felt midt i sesongen. Vert beitegrunnlaget dårlegare og vert det meir sjukdom, skulle ein forvente at vektene gjekk ned. Likeeins med eldre koller. Våre data syner noko auke i vektene av eldre hann og noko reduksjon i eldre ho. Vektene for eldre ho syner å være omtrent som for landet elles. For eldre hann er dette vanskeleg å seie noko om av di det er vanskeleg å finne samaliknbare data når det ikkje er spesifisert for alder. Det kunne dermed ha vore svært interessant å oppmode jegerane i 2006 om å sende inn kjevar frå eldre hanndyr for å finne alderen og kondisjonen til desse dyra. For ein kommune med geografisk plassering som Luster, bør ein likevel forvente og ha som målsetjing, at ein skal ha hjort som er blant dei største i landet.
Sidan me har både slaktevekt og fellingsdato for dyra kan det vere interessant å sjå korleis vektene varierer utover sesongen.
Figur 9. Syner korleis gjennomsnittleg slaktevekt er utover sesongen. Linjene er brotne der det mangler informasjon.
Ein ser at med unntak av eldre bukk er det små endringar utover sesongen. Ein må då også ta med at hausten 2005 truleg var ganske god for hjorten. Eldre bukk har også stor innbyrdes variasjon som skuldast som diskutert over at me ikkje har alderen til desse.
Oppsummering
Luster kommune har lagd bak seg endå ein rekordsesong med 367 felte dyr. Sjølv om auken frå i fjor på rundt 60 dyr stort sett skuldast utvida jakttid, er det likevel grunn til å tru at tettleiken av hjort i kommunen var større under jakta i 2005 enn den har vore nokon gong tidlegare. Data frå sedde dyr per jaktdag er med på å underbyggje dette. Samtidig ser ein at andel fødde hannkalvar ser ut til å nærme seg 50 % som kan tyde på at tettleiken av dyr er høg nok, sjølv om ein må vere varsam med å trekkje konklusjonar frå eit så tunt datagrunnlag.
Me har ei skeiv avskyting med klar overvekt av hanndyr og spesielt eldre hanndyr i uttaket. Likevel er ikkje samansetninga i bestanden spesielt dårleg. Sjølv om det kan finnast mange årsaker til dette, bør ein ikkje sjå bort frå at det kan skuldast at bestanden hittil har vore i vekst, (med ein svakare vekst siste åra). Med ei forventa utflating eller svak bestandsnedgang grunna utvida jakt, vil skeiv avskyting truleg gje større verknader på bestandsamansetninga enn tidlegare. Forenkla vil ei av dei største utfordringane for framtida vere å få jegrane til å spare dei eldste og beste bukkane.
Slaktevektane i kommunen er ikkje spesielt urovekkjande, men det er viktig å ta med at dette er vektar etter ein svært god beitesesong. Om ein kan registrere ”trendar” i slaktevektene, vil ein først sjå etter nokre år. For raskare å få innblikk i kondisjonen til dyra kan det vere aktuelt at me under jakta i 2006 oppmodar jegrane om å sende inn underkjevar av eldre hanndyr. Ved å studere lengda av kjeven, alderen (ved å måle årringar på tverrsnitt av tann) og slaktevekta, kan fagfolk seie mykje om kondisjonen (kvaliteten) til dyra. I så fall vil dei som leverer inn kjeve få tilbakemeldingar på kvaliteten og alderen til ”sine” dyr.
Til slutt vil viltforvaltninga i kommunen takke alle som pliktoppfyllande har fylt ut sett –hjort skjema og innrapportert slaktevekter. Statistikken me har utarbeida kan sjølvsagt tolkast på mange måtar, og me er dermed takknemleg for å få innspel om tolkinga dersom det er ting me ikkje har oppdaga. I så fall er det berre å ta kontakt.
Sist oppdatert av Torodd Joranger,
10.02.2006
|