|
Du er her:
Sjå etter rovdyrspor
Etter kvart som dagane vert lengre og mildare er det sikkert mange som tek seg ein skitur i fjellet. Fjelloppsynsmann Einar Fortun (tlf. 58 68 55 81/976 22 053) er interessert i å få inn observasjonar på rovdyrspor som de måtte koma over. Spor i snøen er lette å sjå, men kanskje ikkje like lett å vite kva dyr spora stammar frå. Vi vil difor her gi nokre tips om kva som er viktig å legge merke til.

Her ser de fotavtrykk av dei fire største rovdyra. HF = Høgre framfot. HB= Høgre bakfot. VB = Venstre bakfot. VF = Venstre framfot.
 | Ulven
Avtrykka viser fire tær. Framfot: 9,5 - 12 cm langt, 9,0 - 11 cm breitt. Bakfot: 8,5 cm langt, 7,5 - 9 cm breitt. Ulven går mest i trav. Sporrekka rett rettlinja og går målbevisst i terrenget. Ulven nyttar høgdedrag og følgjer ofte skogsbilvegar. For å unngå menneske og for å smyga seg inn på byttetedyr, kan ulven nytta grøfter og låge drag i terrenget.
Feiltolkingar: Sporteikn etter rev, gaupe og hund blir ofte feiltolka som ulv. Ulv og hund kan ikkje skiljast berre på poteavtrykka åleine. |
Gaupe
Avtrykket viser fire tær, men ikkje kloavtrykk. Framfot: 6,3 - 11 cm langt, 5,5 - 13 cm breitt. Bakfot: 5,5 - 10 cm langt, 6,0 - 12 cm breitt. Gaupa går mest i skrittgang, men trav er også vanleg. Gaupa held seg ofte i vanskeleg terreng der ho utnyttar høgdedrag og åskantar. Spora går målbevisst i terrenget.
Viktige sporteikn: Gaupa utmerkar seg ved at ho lett bevegar seg i vanskeleg terreng. Ho kjem lett over høge skrentar, klatrar i tre og balanserer langs liggjande tre osv.
Forvekslingar: Gaupe og ulvespor kan lett forvekslast, men gaupa er ikkje så tung som ulven og ber difor lettare i laus snø. Gaupa har større poteavtrykk enn rev.
Gaupa har ei skulderhøgd på 60 - 75 cm. Kropps lengda er 120 - 140 cm. Vekt hann: 15 - 25 kg, ho: 12 - 20 kg. Farge: Raudgrå til gulbrun med få eller mange svarte prikkar. Kvit underside og svart haletupp. Øyro har 3 - 4 cm lange svarte hårduskar.
 |  |
Gaupespor
 | Jerv
Det spesielle med jerven er at han har fem potar, og at spora syner også ofte kloa. Framfot: 9 - 18 cm langt, 7- 14 cm breitt. Bakfot: 8 - 12 cm langt, 6 - 14 cm breitt.
Viktige sporteikn er at spora fører til snøholer, under kantar på snøbrear eller i ur. Jerven går også målbevisst i terrenget, og galopp (tre spor) er den mest vanlege framkomsten. Dei fleste hia plasserer han i snøfenner som vert laga under overhengjande bergskrentar.
Jerven har ei skulderhøgd på 35 - 45 cm. Kroppslengda er 70 - 90 cm. Vekt hann: 12 - 18 kg, ho: 8 - 13 kg. Farge: Oversida er mørkebrun til brunsvart. Gulbrunt band over panna, skuldre og langs sidne, og over fremste del av halen. Undersida og føtene er brunsvarte. |
Bjørn
Sjølv om det vart sett bjørn ved Berge i Fortun i forfjor, treng vi ikkje rekne med å treffe på han, eller sjå spor av han på denne tida av året. Men vi kan no gjengi måla på spora etter føtene hans likevel. Framfot: 10 - 16 cm langt, 11 - 17 cm breitt. Bakfot: 12 - 26 cm langt, 11 - 17 cm breitt. | 
Jervespor i galopp |
Sist endra av Sentralbordet Luster,
23.12.2005
|