Gå direkte til innhold
Luster kommune
Feigumsfossen Kraftutbygging Fiske i Luster Bærdyrking Urnes stavkyrkje Molden - Om Luster Skagastølstindane Bergsetbreen Kart
Postliste Kunngjeringar Ledige stillingar Kart Kontakt oss
Urnesdyret frå Urnes stavkyrkje  
Du er her: Nyhende > 2010

Sogn Regionråd med stand på Framtidsfylket si karrieremesse i Oslo

Sogn Regionråd hadde stand på karrieremessa i Oslo no måndag den 1. februar. Det var ordførar og regionrådsleiar Jarle Aarvoll, ordførar Torodd Urnes og næringssjef Olav Grov som representerte Sogn i Oslo.

Kven kan stå i mot slike slike seljarar av Sogn? Frå venstre: Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal, Torodd Urnes, ordførar i Luster, og næringssjef i Luster. Olav Grov.

I Trondheim den 11.2. og Bergen den 16.2. vil det vere andre kommunar som er tilstades på den felles standen for Sogn.

Det kom omlag 180 ungdommar med røter frå eller interesse for Sogn og Fjordane på messa i Oslo. Det var og mange frå Sogn. Dei som vitjar messa har litt ulikt utgangspunkt. Somme er nett i gang med ei høgare utdanning, andre er omlag ferdige medan nokre er i sin fyrste jobb etter fullførd utdanning. Ein del er konkret på utkik etter arbeid i heimfylket og vurderer seriøst å flytte heim, medan andre har eit noko meir langsiktig perspektiv på det.
Inntrykket er at dei som kjem på arrangementet tykkjer det er fint at heimfylket "bryr seg".

Standen til Sogn Regionråd var lokalisert tett inntil tunge offentlege verksemder i regionen vår som er i vekst; DIFI, Statens Vegvesen, Høgskulen og Vestlandsforsking. Dette er arbeidsgjevarar som er interessante for mange med høgare utdanning.

Både private bedrifter og sentrale offentlege verksemder var representerte på standane. Det var også mange andre å treffe; ordførarar, fylkesordførar, stortingsrepresentant frå fylket og kommunalministaren.

Ein viktig programpost var eit talkshow der fylket sine mulegheiter vart fokuserte, og etterpå var det sjølvsagt god mat.

Det er tredje året næringssjefen i Luster har vore på messa i Oslo, og han veit at fleire han har møtt på stand dei to førre åra, no har flytt heim eller er på veg til å flytte heim.


Fylkesordføraren legg ut om "framtidsfylket".


Sist endra av Torodd Joranger, 03.02.2010


Nettstadskart