|
Du er her: Kultur, fritid > Kulturhistorie > Lokalhistorie
Lokalhistorisk årbok 4
Lokalhistorisk Årbok for Luster nr. 4-2000 er no utgjeven. Det er dei tre sogelaga i kommunen, Hafslo Sogelag, Jostedal Historielag og Luster Sogelag, som i lag med Luster kommune ved Kulturkontoret har gått saman om det banebrytande prosjektet. Den første årboka kom ut i 1994, og erfaringane frå denne og seinare produksjon har gitt meirsmak. Målet er å tilby godt lokalhistorisk lesestoff til bygdafolk og andre interesserte, og å kunne stimulere sogeinteressa hos folk flest. Med denne fjerde årboka i serien av årbøker for Luster kommune, vil redaksjonen på nytt opne noko av det skattkammeret som har si rot i kommunen. Innhaldet vil minne om kvalitetar og emne som er å rekne for unike og framifrå spennande både i regional og nasjonal samanheng. Luster kommune har eit rikt kulturliv og eit stort og innhaldsrikt utval av kulturminne i nærmiljøa, noko som gjev eit uvanleg tilfang av dokumentasjon i form av lokalhistoriske artiklar.
Mange har kan hende høyrt ordtaket om at ein må kjenne til fortida for å forstå notida. Det er ikkje tome ord. Som menneske er me prega av historiske utviklingsliner både lokalt og sentralt i samfunnet over tid, men i det moderne informasjons- og forbrukarsamfunnet ved inngangen til eit nytt årtusen vert linene fleire over kortare tid. Det kjem av at me heile tida vert påverka frå mange kantar i kvardagen vår. For mange er den lokalhistoriske litteraturen sin dokumentasjon av fortida med på å spreie kunnskap om det kjende, om nærmiljøet. Her kjem me inn på siktemålet med Lokalhistorisk Årbok for Luster; å nøre opp under den lokalhistoriske interessa, noko som i sin tur kan skape ein lustra-identitet blant folk, både i kommunen, blant utflytte lustringar og andre interesserte.
Årboka har, i likskap med dei føregåande årbøkene, eit variert innhald med eit hovudemne. Denne gongen er det soga om Espegrendi i Jostedal som er hovudemnet i årboka. Forfattaren av artikkelen er Alfred Espe, og han gjev oss eit innblikk i soga om ei grend i ei av lustrabygdene. Artikkelen inneheld soga om gardar og plassar som høyrde til matrikkelgarden Espe, men forfattaren dreg også inn kultursoga til grendi. Her får me vite meir om arbeidslivet på garden, i utmarka og i åkeren, om sosiale tilhøve på gardar og plassar, om transportmåtar i eldre tid m.m. Artikkelen inneheld mange bilete og illustrasjonar som er laga av forfattaren sjølv.
Årboka femnar over ei lang tidsperiode. Janicke Åstveit fortell oss soga om garden Ormelid i Fortun gjennom 4000 år. Arkeologiske utgravingar har gjeve oss mykje ny kunnskap om korleis jordbruket i dalen utvikla seg gjennom denne tidsepoken.
Hermund Kleppa, Snorre D. Øvrebø og Terje H. Joranger har skrive ein artikkel om isproduksjonen i Eidsvatnet inst i Lustrafjorden kring 1900. Mange eldre bilete gjev oss eit godt inntrykk av denne sesongbetonte verksemda som berre varte i nokre få tiår før den vart nedlagt.
Vidare har Terje H. Joranger skrive om Marie Sandvik, ein misjonær som virka i det kriminelle miljøet i slummen i storbyen Minneapolis i Minnesota, USA. Me følgjer henne gjennom oppveksten i Luster til eit misjonskall blant menneska på livet si skuggeside.
Per E. Hunshamar har skrive opp ei rad eldre ord og uttrykk som har vore nytta i Luster, og som er i ferd med å verte gløymde. Han har og teke føre seg bruken av preposisjonane i/på føre stadnamn, og gjev oss døme på korleis dei har vore nytta.
Elles inneheld årboka intervju med kulturprisvinnarane for dei tre siste åra; ekteparet Sigrid og Olav Kjos-Wenjum (1997), Trygve Ormberg (1998) og sogelaga i Luster kommune (1999) ved leiarane Sigbjørg Sperle, Jostedal, Olav Lomheim, Hafslo og Trygve Skjolden, Luster.
Den lokalhistoriske årboka er på 145 sider, og har ei rad illustrasjonar og bilete. Ansvarleg redaktør for boka er Erling Bjørnetun.
Boka vert å få kjøpt ved forretningar rundt om i Luster kommune.
INNHALD:
| Gratulere med kulturprisen! | Føreord av Erling Bjørnetun |
EI LANG SOGE
jordbruket i Fortun gjennom 4000 år | Av Janicke Åstveit |
EIT IS-EVENTYR INST I LUSTRAFJORDEN
soga om A/S Sogns Iskompagni og isproduksjonen i Skjolden | Av Hermund Kleppa,
Snorre D. Øvrebø
og Terje H. Joranger |
ESPE GRENDI
eit døme på skriving av kultur- og slektssoge til ei lustra-grend | Av Alfred Espe |
MARIE SANDVIK
soga om den miskunnsame samaritanen i Minneapolis-slummen | Av Terje M. Hasle Joranger |
LITT TIL ETTERTANKE
dikt | Av Olav Kjell Lomheim |
EI LITI ORDLISTA
over eldre ord og uttrykk nytta i Luster kommune | Av Per E. Hunshamar |
KULTURPRISVINNARANE
1997: Sigrid og Olav Kjos-Wenjum
1998: Trygve Ormberg
1999: Hafslo sogelag, Jostedal historielag og Luster Sogelag | |
| Presentasjon av sogelaga i Luster kommune | |
| Hafslo Sogelag | |
| Jostedal Historielag | |
| Luster Sogelag | |
| LOKALHISTORISK LITTERATUR | |
| LOKALHISTORIE PÅ INTERNETT | |
Sist uppdatert av Else Kalhagen,
13.01.2005
|