|
Du er her: Kultur, fritid > Kulturhistorie > Lokalhistorie
Lokalhistorisk årbok 2
Dei 3 sogelaga i Luster og Luster kommune, kulturkontoret har gått saman om eit banebrytande prosjekt. Ein tek sikte på å gje ut ei lokalhistorisk årbok der målet er å tilby godt lesestoff til bygdefolk og andre interesserte, og ein håpar å kunna stimulera sogeinteressa hjå folk flest. Den første årboka kom ut i 1994, og erfaringane frå denne produksjonen har gitt meirsmak.
Dette året har ein markert at det er tusen år sidan Noreg vart kristna, og i dette høvet har kyrkjehistorikken i Luster fått ein sentral plass i årboka. Marit Bøen har skrive om Urnes stavkyrkje, og Oddrun Marie Dyrdal har funne fram stoff om dei andre kyrkjene og religiøse møtestader i kommunen, Her får du lesa både om kapellet i Engjadalen, Svarvarstolen - preikestolen i stupbratte fjellet og gravplassen ved Kyradammen på garden Lille Høyum på Høyheimsvik.
Eit emne som er lite omtala og omskrive er det som har med kle og klesskikkar å gjera. Interessa for bunaden har auka sterkt dei siste åra, og Bjørg Hovland har gått nøye inn på grunnlaget for bunaden slik som han ser ut i dag. Kva er gamal tradisjon og kva er nyskaping?
I vårt hundreår har levemåten endra seg mykje. Arbeidsmåtane, bruken av reiskap og ressursutnyttinga er heilt anleis i dag enn for berre 50 år sidan. Lars Stølen tek for seg lauvinga i Jostedalen. Han gør nøye inn på treslaga, utstyret arbeidskarane hadde, organiseringa av arbeidet osb.
Johannes Kroken ser på korleis ressursane vart utnytta på eit lite gardsbruk under krigen. Alle råvarer og alt som hadde den minste verdi vart utnytta til siste trevl.
Johannes Kroken har òg ein kort artikkel om stålproduksjon i Fortun kring 1920.
For femti år sidan var fjorden den viktigaste vegen både i Luster og i Sogn. Marifjøra og dei andre stadene der det var kai og dampskipsekspedisjon spelte ein sentral rolle i bygdebiletet. Henny Eikum Roterud og Mai Svangstu har skrive om livet i Marifjøra frå slutten av 1800-talet og framover mot vår tid.
Avslutningsvis er det ein presentasjon av kulturprisvinnaren i 1994 som var Tomas Kjørlaug, og Hafslo sogelag, Jostedal historielag og Luster sogelag.
INNHALD:
| Føreord | Av. Erling Bjørnetun |
| Urnes stavkyrkje og 1000-årsjubileet. | Av Marit Bøen |
| Kyrkjehistorie for Luster kommune | Av Oddrun Marie Dyrdal |
| Noko om den gamle klesskikken i Luster | Av Bjørg Hovland |
| Lauving i Jostedalen | Av Lars Stølen |
| Arbeids- og levemåte på eit småbruk under krigen | Av Johannes Kroken |
| Strandstaden Marifjøra | Av Henny Eikum Roterud og
Mai Svangstu |
| Stålverket i Fortun | Av Johannes Kroken |
| "Justedalens kortelige Beskrivelse - anno 1750" | Av Mathias Foss |
| Kulturprisvinnaren 1994: Tomas Kjørlaug | Av Erling Bjørnetun |
Sist uppdatert av Else Kalhagen,
13.01.2005
|