|
Du er her: Om Luster
Velkommen til Luster kommune
Der Europas lengste fjord, Sognefjorden, strekkjer seg innover i landet i møte med Jostedalsbreen og Jotunheimen, ligg Luster kommune. Ein stor kommune, som i ei utstrekning på 2702 km2 er mellom dei største kommunane i Sør-Noreg. Her finn de også store delar av Breheimen, Jostedalsbreen, Jotunheimen og indre del av Sognefjorden: Lustrafjorden.
Biletet: Utsikt frå Molden (1114 moh) med utsyn innover mot Skjolden. På venstre side av fjorden ligg Nes nærast, deretter Luster-bygda. På høgre side ligg Kroken og Sørheim.
Bygder med særpreg
Luster kommune har mange bygdesamfunn med kvar sine særpreg. Gaupne er kommunesenteret med gode servicetilbod. Mellom dei andre vakre, opplevingsrike bygdene i kommune må nemnast: Veitastrond, ei rik jordbruksbygd med geitehald som spesialitet. Bygda er også kjent for å ha fått luftputebåt, framkomstmiddel om vegen vert stengd av snøras. Solvorn med sitt kjende strandsitjarmiljø er ei av dei best bevarte fjordbygder - med eit bygningsmiljø som er meir omtala og berømt utanfor kommunen. Marifjøra vart til liks med Solvorn bygt opp i ei tid med sjøvegen som kommunikasjonskanal, og har også eit svært verdifullt bygningsmiljø.
Bygda Luster ligg også ved fjorden, med Dale kyrkje, den vakre steinkyrkja frå 1240-talet. For mange er bygda også kjend for Luster Sanatorium, tuberkulosesanatoriet som var i drift frå 1902 til 1958. Bygningane har seinare vorte brukt til psykiatrisk sjukeheim og asylmottak, men dei siste åra har dei stått tome. Vidare har vi Skjolden, endepunktet på Sognefjorden, og Fortun sjølvsagt, med starten på Sognefjellsvegen - Nord-Europas høgste fjellovergang, og Noregs første nasjonale turistveg som går mellom Luster og Lom.
På Ornes finn du Urnes stavkyrkje, verdas eldste, og som står på UNESCO si liste over dei mest verneverdige kulturminna i heile verda. Andre bygder som må nemnast er Jostedal med sine brearmar og Hafslo, jordbruksbygda som minner mykje om ei austlandsbygd med slake hall ned mot Hafslovatnet som er rik på aure. Tek de ein tur opp på Heggmyrane vil de finne Sogn sitt flottaste skianlegg, Sogn Skisenter.
Kulturlivet står sterkt
Kulturlivet i Luster har alltid stått sterkt. Sett i historisk samanheng vart Luster tidleg valt som senter for både nasjonal og internasjonal aktivitet. Heilt attende til 1300-talet er Luster omtala som sete for kongen sitt private sendebod til Island. I fleire hundreår vart Luster og særleg Kroken eit senter for gjester og besøkande.
Næringsliv
Jordbruk har tradisjonelt vore den viktigaste næringa i kommunen med mykje kjøt og mjølkeproduksjon. I dag er Luster den største sauekommunen i Sogn og Fjordane. Fruktdyrkinga har minka, men til gjengjeld har jordbær og bringebærproduksjonen auka sterkt. Luster er i dag den kommunen som leverer mest bringebær i landet, og dessertbæra som vart servert ved Kronpins Håkon og Mette-Marit sitt bryllaup i 2001 kom frå Ornes.
For natur- og kulturinteresserte er Luster eit eldorado. Reiselivet er difor vorte ei viktig næring, med godt utbygde hotell, gjesteheimar, pensjonat, campinganlegg og hytteutleige.
Luster satsar også på å bygge opp industri i kommunen, og har lagt til rette med industriareal. I tillegg kan etablerarane nyte godt av Næringsfondet som vart bygt opp etter dei mange og store kraftutbyggingane i kommunen.
Sist endra av Sentralbordet Luster,
22.08.2008
|