Gå direkte til innhold
Luster kommune
Feigumsfossen Kraftutbygging Fiske i Luster Bærdyrking Urnes stavkyrkje Molden - Om Luster Skagastølstindane Bergsetbreen Kart
Postliste Kunngjeringar Ledige stillingar Kart Kontakt oss
Urnesdyret frå Urnes stavkyrkje  
Du er her: Kultur, fritid > Kulturhistorie > Lokalhistorie

Luster vidaregåande skule 125 år

Framside Luster vidaregåande skule 125 år- frå praktisk jenteskule til regionalt kompetansesenter
Det vart tidleg klart at når den eldste offentlege jenteskulen i landet skulle markera 125-årsjubileum, så måttte det skrivast ei jubileumssoge. Som skriftstyre vart oppnemnt kultursjef Erling Bjørnetun frå Luster kommune og rektor Per Jørgen Loen.

Som forfattar av denne spesielle skulesoga vart Kjell Bergfjord frå Vik engasjert. Han kjem frå Lindås kommune der han vart fødd i 1947. Han utdanna seg ved Universitetet i Bergen og var ferdig lektor med faga norsk, tysk og historie i 1975. Same året tok han til i stilling i Vik, først i grunnskulen og sidan på den vidaregåande skulen fram til 1996 der han var rektor i om lag 15 år. Han var kultursjef i Vik i 1980-81 og kom attende som assisterande rådmann med ansvar for skule, kultur og oppvekst, ei stilling han sit i framleis men no med tittelen rådgjevar.
br> Ved sida av arbeidet i kommunen og fylkeskommunen har Kjell Bergfjord i mange år arbeidd med lokalhistorie og allmenne kultursaker. Han har skrive artiklar i blad og tidsskrift i tillegg til at han har teke på seg arbeidet med å skriva bøker med emne innanfor det lokalhistoriske området. Såleis laga han 150-årsjubileumsboka til Vik Sparebank i 1996, bok om gamalost- ysteriet i Vik (1997) og om etableringa og drifta av Sogn og Fjordane Meieri (2000).

Forfattaren har på ein levande og gripande måte skildra utviklinga av skulen frå den starta som praktisk jenteskule i Holmedal 1.mars 1877 og fram til det kunnskaps- og kompetanse-senter skulen er i dag. Skulen hadde eit kort tilhold på Svanøy frå 1891-96, men lengste tida heldt den til i Kroken i Luster, og omgrepet ”Krokaskulen” er nok levande blant mange av den eldre generasjon.

Ei jubileumssoge som denne er naturleg nok fokusert omkring ei utvikling som har fått prega dette skuleslaget. Skildringa er i seg sjølv ei oppleving av å reise gjennom ein utfordrande tidsepoke i norsk historie. Men utviklinga kan ikkje stanse med ei 125 årig historie. Dagens utfordringar og morgondagens krav til kompetanse handlar om å skapa ein skule for si tid. Difor vil det alltid forbli ei viktig oppgåve for skuleeigaren saman med skuleleiinga å sjå til at skulen fyller oppgåva si og samstundes tek dei nødvendige stega til å vera i forkant av den forventa utviklinga. Det at Luster vidaregåande skule i dag framstår som eit regionalt kompetansesenter føyer seg på ein måte naturleg inn i framskrivinga av den kronologiske utviklinga til skulen, samtidig som det også fortel om fornying og tilpasning.

Boka er rikt illustrert med bilete frå nær sagt heile den 125-årige tidsepoken. Mange vil nok finne att seg sjølve, mødre, bestemødre, eller jamvel oldemødre på bileta i boka.

Skriftstyret vil rette ei stor takk til alle som har medverka med opplysningar, fotografi og anna materiale som i sum har gjort boka til eit praktstykke.


Sist uppdatert av Else Kalhagen, 13.01.2005


Nettstadskart