|
Du er her: Næring
Bærdyrking

Luster er landets leiande bringebærkommune
I ei årrekkje har landets syltetøyprodusentar ynskt ein større produksjon av norske bringebær. Med bakgrunn i dette starta kommunen i 1989 eit prosjekt som tok sikte på å auka bærproduksjonen i Luster. Sidan har bringebærproduksjonen i Luster kommune auka frå 45 tonn til over 400 tonn i 2004.
Biletet: Kjetil Høyheim i Høyheimsvik satsar på bringebær. Han starta med ca. 8 mål i 1994. I dag har han ca. 13 mål med ulike bringebærsortar til industri og konsum. Han sysselset ca 15 plukkarar i ein hektisk haustesesong som varer frå midten av juli til september.
I 2004 vart det produsert ca. 1200 tonn industribringebær på landsbasis. Dette betyr at Luster står for ca. 30% av Noregs bringebærproduksjonen til industri.
Signala tyder på at marknaden for Norsk bringebærråstoff til industrilevering er no metta. Med ei målsetjing at norsk syltetøy skal innehalda rundt 50% norske råvarer, er det ikkje lenger plass for ei auka satsing på bringebærproduksjon til industrien. Det er no viktig for bærnæringa å finne nye bruksområder for dette flotte produktet.
Jordbær
Jordbærproduksjon til industri er framleis ein av få sektorane i jordbruket der det er etterspurnad etter ein større produksjon.
Frå 1989 til 1995 auka jordbærproduksjonen i Luster kommune frå under 3 tonn til over 100 tonn. I 1996 og 2001 gjekk produksjonen dramatisk ned, hovudsakleg på grunn av to katastrofale frostvintrar. På nytt er produksjonen på veg opp att. I 2004 produserte Luster ca. 130 tonn jordbær. Forbruk av desse bæra fordelte seg likt mellom konsum og industrien. Framleis er berre 25% av industrien sitt behov for norske jordbær dekka.
Biletet: Hans Herman Kalhagen frå Gaupne satsar stort på bær. I dag driv han med 17 mål bringebær og 26 mål jordbær.
Kommunen satsar på bær
I 1989 vart det sett i gang ein bæraksjon i Luster kommune. Blant anna gav kommunen eit etableringstilskot til dei som starta opp med bærdyrking. Sidan har bærdyrking vakse til ein av dei viktigaste næringsgreinene i Lustra-landbruket. I dag har kommunen eit komplett tilbod til nye bærdyrkarar:
- kommunalt etableringstilskot for jordbærfelt
- opplæring og kurs
- lett tilgjengeleg fagleg kompetanse, både lokalt og nasjonalt
- innarbeidde rutinar for organisering av både norsk og utanlandsk plukkehjelp
- sikker inntransport, mottak og bearbeiding av varene ved lokale anlegg
Biletet: Fagsamling/markvandring hjå Odd John Bugge frå Ornes (til høgre). Til venstre Ringleiar Sørum frå Indre Sogn Forsøksring.
Fagmiljøet gjer det mogleg for Luster å vera med i forsøksdyrking og utprøving av nye bærslag
8 bønder frå Luster har vore med i utprøving av fleire sortar av amerikanske hageblåbær. I tillegg har 11 dyrkarar vore med i eit landsomfattande forsøk med dyrking av nye bringebærsortar. Desse svært haldbare sortane er dyrka til konsummarknaden og vert marknadsført som ”delikatessebær”. I 2004 produserte bærdyrkarar i Luster ca 40% av Noregs ”delikatessebær” til konsum og singelfrysing.
Biletet: Innhausting av sorten ”Glen Moy” i 250 gram korg til konsummarknaden.
Sist uppdatert av Torodd Joranger,
09.12.2004
|