Særleg betydeleg er nordportalen. Inne er kyrkja prega av den varme fargetonen i det århundre gamle furutrevirke. Frå middelalderen stammar mellom anna bispestolen i koret, lysestakane og treskulpturen av Jesus, Maria og Johannes. Reformasjonsårhundret har etterlete sine tydlege spor; benkane, dei lukka kyrkjestolane og dekorasjonane. Altertavla og preikestolen er ifrå det 17. århundret. Den lukka kyrkjestolen til familien Munthe representerer eit grovt inngrep i kyrkja sin konstruksjon. Då den blei bygd, måtte to av bæresøylene (stavane) fjernast, og det blei nødvendig med andre støttetiltak. Urnes stavkyrkje er mellom dei viktigaste kulturminne i Norge og er ført opp på UNESCO si liste over særleg verneverdige kulturminnesmerke saman med Bryggen i Bergen og Bergstaden i Røros ("World Heritage List"). Der er kyrkja i det aller beste selskap - saman med pyramidane i Egypt og slottet i Versailles.