Lover og forskrifter som ein jeger må ha kjennskap til
Lover:

- Lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet (Viltlova).
- Lov av 6. september 1961 nr. 01 om skytevåpen og
ammunisjon (Våpenlova).
- Lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og
vassdrag (Motorferdsellova)
- Lov av 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (Hundelova).

Forskrifter:

Viltlova:
- Forskrift om utøving av jakt og fangst.
- Forskrift om jakt og fangstider.
- Forskrift om forvaltning av hjortevilt.

Våpenlova:
- Forskrift om skytevåpen, våpendeler og ammunisjon.

Motorferdsellova:
- Nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og islagde vassdrag.

Hundelova:
- Ikkje forskrift til denne tid.

Meir om kvar enkelt lov og forskrift.

Offentleg regelverk pålegg den enkelte jeger å bruka bestemde våpen og reidskap, kjenna til viktige reglar om utøving av jakt og fangst, kven som har retten til jakt og fangst og om hundar – bandtvang m. m.
Den enkelte jeger har eit ansvar som krev kunnskap og erfaring.

Viltlova:
Denne lov sin paragraf 1 er formålsparagrafen og lyder slik:

Viltet og viltet sitt leveområde skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom vert teken vare på.

Paragraf 19 i same lov lyder slik: Jakt og fangst skal utøvast på ein slik måte at viltet ikkje vert utsett for unødig liding og slik at det ikkje oppstår skade på folk eller husdyr eller skade på eigedom.

Desse to paragrafane dannar grunnlaget for all jakt og fangst i Noreg.

Paragraf 2 omhandlar lova sitt virkeområde. Med vilt meiner ein i denne lov alle viltlevande pattedyr og fuglar, amfibier og krypdyr.

Paragraf 3 omhandlar fredingsprinsippet. Det vil sei at i utgangspunktet er alt vilt freda, men det er opna for jakt på og fastsett jakttider for ein del artar.

Paragraf 10 omhandlar dagar med jaktforbod.

24. desember til 31. desember og langfredag, påskeaftan og påskedag er det ikkje lov å driva jakt eller fangst.

Paragraf 11 er den såkalla naudvergeparagrafen.
Vilt kan fellast utan omsyn til freding når det er naudsynt for å fjerna ein fare for skade på person.
På same måte kan eigar, eller nokon som opptrer på eigar sine vegne, fella vilt under direkte angrep på bufe og tamrein.

Melding til kommune og politi.

Paragraf 16 omhandlar fellingsløyve på hjortevilt og minsteareal.
Kommunen fastset forskrift om opning for jakt på elg, hjort og rådyr. Kommunen fastset også minsteareal for same artane. Vis forskrifta.

Paragraf 19 om human jakt. Jakt og fangst skal utøvast på ein slik måte at viltet ikkje vert utsett for unødig liding og slik at det ikkje oppstår fare for folk eller husdyr eller skade på eigedom.

Paragraf 20 om bruk av våpen under jakt.
Til jakt er bruk av hagle for meir enn 2 skot og heilautomatisk rifle forbode.
Det same gjeld bruk av kunstig lys i jaktsamanheng, med unntak av åtejakt på rev når lampen er fastmontert på vegg.

Paragraf 21 omhandlar bruk av motordreve framkomstmiddel under jakt.
Det er forbode under jakt:
A - å løysa skot på eller over offentleg veg eller jarnbane.
B – å bruka luftfartøy eller motorkøyretøy til forfølging av
vilt eller til avleding av viltet si merksemd frå jeger.
C – å bruka luftfartøy eller motorkøyretøy utanfor veg til
å lokalisera vilt.
D – å løysa skot frå luftfartøy eller motorkøyretøy.

Paragraf 22 om symjande dyr. Symjande hjortevilt må ikkje jagast eller avlivast med mindre det vert ettersøkt som skada.

Paragraf 27 omhandlar grunneigar sin einerett til jakt med nokre innskrenkingar.

Paragraf 34 omhandlar forfølgingsretten.
Den som på lovleg grunn sårar hjortevilt, har rett til å forfølgja og tileigna seg dyret også på andre sin grunn der ein annan har jaktretten. Forfølgingsretten opphøyre ved utgangen av den dagen viltet kom inn på annan sin grunn. Jegeren er den som må bevisa at han driv lovleg forfølging.
Jegeren skal snarast mogleg gje grunneigar og kommunen melding om overgangen og utfallet.

Grunneigar har ikkje rett til å jaga eller fanga vilt som vert lovleg forfølgt på hans grunn. Han kan avliva dyret på forfølgjaren sine vegne når omsynet til dyret tilseier det.

Den som utøve forfølgingsretten må ikkje løysa skot i andre sin hage eller gardstun. Jeger pliktar å erstatta skade som forfølging påfører andre sin eigedom.

Paragraf 40 og 41 omhandlar jegeravgift og fellingsavgift.
2 prisar på jegeravgift. For tida ei generell avgift på kr. 240,- og for å jakta på elg og hjort må det betalast eit tillegg på kr. 60,-.
Fellingsavgift i ettertid.

Paragraf 45 omhandlar ferdsel med våpen på annan manns grunn.
Ferdsel med skytevåpen er forbode i utmark der ein annan har jaktretten, med mindre det skjer i lovleg ærend og våpenet skal då vera ulada.
Ferdsel og lysing etter veger i jakttida i andre sine vald skapar lett dårlege forhold. Må ein gå gjennom andre sine vald, så ta kontakt på førehand.

Paragraf 46 om jaging og lokking av vilt.
Vilt må ikkje jagast eller lokkast bort frå andre sine jaktområde. Foring av vilt kan likevel skje som ledd i eit planmessig viltstell.

Paragraf 52 om bandtvang for hundar.
Skal no lyda slik: Om sikring av hund, opptak av laus hund, avliving av hund, reaksjonar mot hundeeigar m. m. skal Hundelova gjelda.

Paragrafane 53, 54 og 55 i Viltlova er no oppheva. Heile kapittel 11 går difor ut.

Våpenlova:

Paragraf 7 om kjøp av våpen.
Den som vil kjøpa eller på annan måte tileigna seg skytevåpen eller våpendeler, må ha løyve frå politimeistaren.
Søknadsskjema på lokalt lensmannskontor, der skal også søknaden leverast.

Paragraf 9 om våpenkort og utlånserklæring.
Våpeninnehavar skal alltid ha med seg våpenkort eller utlånserklæring når han ber eller fører med seg skytevåpen, våpendeler eller ammunisjon.

Paragraf 11 omhandlar utlån av våpen.
Den som har våpenkort kan overlata våpenet til ein annan person i inn til 4 veker, men ikkje revolvar eller pistol.
Mottakar må fylla krava til minstealder og vera skikka til å bera våpen.
Den som låner ut våpenet, skal skriftleg vitna på kva bruk våpenet er utlånt til, våpennr., tidspunkt for utlånet og namn på långjevar og låntakar.
Dette utlånsbeviset skal mottakar ha med seg og det skal fungera som eit våpenkort i utlånsperioden.

Paragraf 14 omhandlar kjøp av ammunisjon.
Den som har våpenkort eller utlånserklæring kan få kjøpa rimelege mengder ammunisjon til vedkomande våpen.

Motorferdselslova:

Paragraf 2 omhandlar lova sitt virkeområde.
Med motorferdsel meinast i denne lov bruk av køyretøy, båt og landing og start med luftfartøy.
Med utmark meinast udyrka mark som etter Lov om friluftslivet § 1 ikkje reknast som innmark eller like med innmark. Setervoll, hustomt, engslått, kulturbeite og skogplantefelt som ligg i utmark, reknast i denne lov like med utmark.
Veg i utmark som ikkje er opparbeidd for køyring med bil, vert å sjå på i denne lov som utmark.

Paragraf 3 omhandlar forbod mot motorferdsel i utmark.
I utmark og vassdrag er motorferdsel forbode med mindre det er opna for det i denne lov eller vedtak i denne lova.

Paragraf 6 omhandlar løyve etter søknad.
Når særlege grunnar tilseier det, kan kommunen gje løyve til bruk av motorfartøy eller luftfartøy som elles ikkje kan finna stad etter denne lov eller med heimel i lova.
Transport av jaktutbytte frå elg og hjort er tillate etter forskrift laga med heimel i lova. Av den grunn er det naturleg å rekna det som særleg grunn for å gje løyve etter § 6 i lova.

Paragraf 10 omhandlar forholdet til grunneigar.
Denne lov innskrenkar ikkje grunneigar sin rett til å nekta eller avgrensa motorferdsel på sin eigedom.
Det vil sei at det ikkje er godt nok med løyve til motorferdsel i utmark berre frå kommunen.
Hundelova:

Bandtvangreglar for hund som tidlegare var omtala i Viltlova er no lagt til Hundelova.

Paragraf 6 omhandlar sikring av hund ved bandtvang.
I tida frå 1. april til 20. august skal hund haldast i band eller forsvarleg innegjerda eller innestengt, slik at den ikkje kan jaga eller skada storfe, sau, geit, fjørfe, rein, hest eller vilt, herunder viltet sine egg, reir og hi.
Kommunen kan i heile eller deler av kommunen i bestemt tidsrom gje forskrift om at hundar skal haldast i band eller forsvarleg innegjerda i tillegg til den fastsette bandtvangtida.

I Luster er det utvida bandtvang etter den gamle Bufelova.
Den varer til 15. november, med unntak for bruk av hund til lovleg jakt som kan gå føre seg frå 15. oktober.

Forskrifter laga med heimel i omtala lover.

Viltlova:

Forskrift av 22. mars 2002 nr. 150 om utøving av jakt og fangst.

Paragraf 4 om handlar kva papir som skal vera med under jakt og fangst.
Under jakt og fangst skal gyldig jegeravgiftskort og våpenkort vera med.
Under jakt på storvilt skal dokumentasjon på avlagt skyteprøve vera med.
Dokumentasjon på tilgang til godkjent ettersøkshund skal vera med når det vert jakta elg, hjort eller rådyr.
Lisensjegerar skal ha med personleg lisens.
Eige kontrollkort for villreinjakt.

Paragraf 5 omhandlar aldersgrense for jakt og fangst.
Den som skal jakta på småvilt må vera fylt 16 år og den som vil jakta på storvilt må vera fylt 18 år.
Fangst kan drivast av person som har fylt 16 år, med unntak av fangst av gaupe der aldersgrensa er 18 år.

Under opplæring kan den som har fylt 14 år delta i småviltjakt når vedkomande har samtykke frå foreldre og har forsvarleg tilsyn av jeger som har drive jakt og betalt jegeravgift i minst 3 år.
Det same gjeld for storviltjakt, men då må den som får opplæring vera fylt 16 år og ha fullført jegereksamen og avlagt skyteprøve.

Paragraf 13 omhandlar vilkår for å delta i lisensjakt.
Kva er lisensjakt ?
Krav for å delta i lisensjakt:
- ha betalt jegeravgift for vedkomande jaktår.
- ha godkjent skyteprøve for storviltjakt. € Prøven €
- ha etterkome rapporteringsplikt frå tidlegare lisensjakt.

Paragraf 15 omhandlar våpen under jakt.
Under jakt er det ikkje lov å nytta pistol, revolvar, halvautomatisk våpen av militær karakter eller heilautomatisk skytevåpen.

Under jakt på elg, hjort, villrein, bjørn og ulv er det kunn lov å nytta rifle. Det same gjeld for råbukk i bukkejaktperioden.

Under jakt på elg, hjort og rådyr er det ikkje lov å nytta halvautomatisk rifle med meir enn tre skot i magasinet og eit i kammeret.
Under jakt med halvautomatisk rifle på andre viltartar er det ikkje lov å nytta meir enn to skot i magasinet og eit i kammeret.

Salongrifle kaliber 22 LR kan nyttast til jakt på viltartar opp til hares storleik.

Til jakt er bruk av hagle for meir enn to skot forbode.

Paragraf 16 og 17 omhandlar krav til ammunisjon.
For jakt med rifle skal det nyttast ekspanderande ammunisjon.
For jakt med hagle er det no forbode å nytta blyhagl.

Paragraf 22 omhandlar laus på drevet halsande hund.
Slik hund kan nyttast til jakt på hjort, rådyr, hare, gaupe og raudrev. Under slik jakt på hjort og rådyr skal hunden si boghøgde ikkje vera over 41 cm. (Bandtvangtida)

Paragraf 23 omhandlar krav om godkjent ettersøkshund.
Under jakt skal jaktlag eller person som jaktar åleine ha tilgang til godkjent ettersøkshund.
Dersom slik hund ikkje er med under jaktutøvinga, skal jeger/jaktlag ha med skriftleg avtale om tilgang til ettersøkshund.

Luster ettersøksring yter teneste til dei som ikkje har godkjent hund sjølve. Dette kosta i 2004 kr. 90,- pr fellingsløyve. Hunden kan då nyttast til ettersøk utan at det kostar meir enn dei på førehand innbetalte 90.- kronene pr fellingsløyve.
Leiar for Ettersøksringen er: Magne Urnes, 6870 Ornes Tlf. 57683957. 95073170

Ettersøksringen har vaktordning heile hjortejaktperioden.





Paragraf 27 omhandlar ettersøksplikt, forfølgingsrett og avliving av såra storvilt.
Den som under jakt skadeskyte storvilt, pliktar å gjera det ein kan for å avliva dyret fortast mogleg.
Jeger pliktar å forvissa seg om påskote dyr er treft eller ikkje.
Jegeren og jaktlaget som har skadeskote storvilt, skal ikkje oppta jakt eller påskyta nye dyr medan ettersøk held på. Innan valdet si grense skal ettersøk om naudsynt halda fram ut dagen etter skadeskytinga. På anna vald opphøyre retten til ettersøk og felling ved utgangen av den dagen skadeskote dyr kom inn på valdet.

Dersom pliktig ettersøk fyrste dag er utan resultat, skal jeger eller jaktlag utan opphald underrette jaktrettshavar, kommunen eller nærmaste politimyndigheit om forholdet. Jeger og jaktlaget som har vore med på skadeskytinga, skal utan godtgjering hjelpa viltmyndigheita eller politiet med vidare ettersøk.

Forskrift om jakt- og fangsttider av 11. februar 2002.

Paragraf 1 og 2 omhandlar artar det kan drivast jakt på og jakttider.
Det kan drivast jakt på artar med fastsett jakttid i jakttidsperioden.
Jakttida kan vera ulik i deler av landet.

Paragraf 3 omhandlar delegering av myndigheit.
Fylkesmannen har delegert myndigheit til kommunane for fastsetjing av forskrift i samband med utviding av jakttida for elg og hjort med inntil 14 samanhengande dagar i perioden frå jaktslutt til og med 23. desember når særlege bestandsmessige behov ligg føre.
Kommunane kan også av omsyn til andre brukarar innskrenka jakttida som for eksempel utsetja jakttidsstart, framskunda avslutningspunkt og innføra opphald i jakta. Dette kan gjelda heile eller deler av kommunen.

Forskrift om forvaltning av hjortevilt av 22.03.02.

Paragraf 4 og 5 omhandlar opning av jakt på hjortevilt og minsteareal.
Kommunen lagar forskrift om dette.

Paragraf 6 omhandlar fråvik frå minstearealet.
Kommunen kan fråvika minstearealet med 50% for jakt
på elg, hjort og rådyr.

Paragraf 9 og 10 omhandlar søknad om godkjenning av vald og valdansvarleg representant.
Søknadsfrist for å få godkjent vald er 15. mai. Valdet skal i søknaden oppnemna ein valdansvarleg representant. Denne skal på vera jaktrettshavarane sin representant overfor kommunen og mellom anna rapportera eventuelle endringar i valdet innan 1. april. Er det ikkje store endringar vil valdet få tildelt årleg fellingskvote utan ny søknad.
Det er ikkje høve til å trekka ein eigedom ut av godkjent eller omsøkt vald etter 15. mai.

Paragraf 17 omhandlar rapportplikt.
For jakt på elg, hjort og rådyr skal valdansvarleg representant rapportera årleg fellingsresultat til kommunen på fastsett skjema innan 10 dagar etter jaktslutt.

Våpenlova:

Forskrift om skytevåpen og ammunisjon av 25.01.63.

Paragraf 22 – 5 omhandlar transport av skytevåpen.

Under transport skal skytevåpen vera tomt for ammunisjon. Det skal vera nedpakka i futteral, bag, veske, sekk eller likande. Ved transport i motorvogn skal det i tillegg ikkje vera lett tilgjengeleg, men vera under forsvarleg tilsyn. Reiser ein frå motorvogna skal vital del takast ut og bringast med.

Motorferdsellova:

Nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og islagde vassdrag av 15. mai 1988.


Paragraf 2 omhandlar kva motorkøyretøy kan nyttast til med heimel i forskrifta.

I punkt b heiter det at motorkøyretøy kan nyttast til transport av jaktutbytte ved jakt på elg og hjort.

Sist uppdatert av Torodd Joranger, 01/20/2005