Næringslivet i Luster
Bilete kyr og sauJordbruk

har tradisjonelt vore den viktigaste næringa i kommunen. Kjøt- og mjølkeproduksjon har vore viktig. Luster er den største sauekommunen i Sogn og Fjordane. I enkelte område av kommunen er geitehald viktig.

Det milde klimaet ved fjorden har og gitt høve til fruktdyrking. I dag er ikkje fruktdyrkinga ein særleg sentral aktivitet, men det er dei seinare åra satsa betydeleg på bærproduksjon, både jordbær og bringebær. I dag ligg Luster på topp i Sogn og Fjordane når det gjeld tal dekar med bær.

Nøkkeltal for jordbruket i Luster:
1990
2000
2002
2004
Bruk i drift i alt
474
397
325
300
Bruk med husdyr
420
320
292
253
Mjølkeproduksjon
8 300 t
6 875 t
6 602 t
6 738 t
Slakt
607 t
546 t
552 t
577t
Bærareal
120 daa
505 daa
600 daa
625 daa
Bærproduksjon
100 t
457 t
450 t
550 t

Nøkkeltal for skogbruket
Uttak av skogsvirke:
1998
2000
2002
2004
Omsett gjennom Luster Skogeigarlag m3
537
3.366
2 351
6 867
+ Lokalt foredla (anslag)
1 200
1.500
1 500
1 000
+ Uttak av ved til brensel
2 000
2.000
3 000
2 000
= Total
3 737
6.866
6 851
9 867
= Førstehandsverdi kr
2,2 mill.
4,1 mill.
4,5 mill
2,8 mill.
Skogkultur:
Nyplanting, tal planter
42 000
71.500
82 275
10 000
Suppleringsplanting
10 000
2.000
-
-
Juletre, tal planter
8.500
1 000
-
Planta areal
168 daa
288 daa
330 daa
40 daa
Klargjering av plantefelt
62 «
23 daa
25 daa
0 daa
Rydding av plantefelt
146 «
166 daa
150 daa
0 daa
Kostnader skogkultur
244 764 kr
326.918 kr
300 030 kr
40 000
Vegbygging:
1998
2000
2002
2004
Ferdigstilt traktorveg
1 350 m
2 950 m
2 000 m
1 900 m
Ferdigstilt skogsbilveg
0 m
1 780 m
0 m
2 825 m
Skogavgift:
Inneståande skogavgift pr. 31.12.
268 647 kr
304.564 kr
500 000 kr
500 000 kr
Innbetalt skogavgift
15 976 kr
88.197 kr
98 000 kr
168 000 kr
Utbetalt skogavgift
67 710 kr
70.711 kr
65 000 kr
22 797 kr

Industri
Det har vore satsa for å byggje opp industri i kommunen, og det er lagt til rette med næringsareal. Luster Mekaniske Industri A/S (LMI) er off-shoreretta, med sveising som sitt spesiale. Det er no ein arbeidsstokk på ca. 50 personar ved verksemda.

Ei anna bedrift som har ekspandert kraftig dei siste par åra er Paxar NTP AS som produserer transfers, eller merke for bekledning/tekstil. NTP er teknologisk leiande i sin bransje og eksporterer ein stor del av produksjonen. Over 90 tilsette.

Fjordglas AS produserer vindauge. Dei er nærare 20 tilsette og er inne i ei total modernisering av fabrikken.

Elles finn vi bedrifter innan treproduksjon, betongprodukt, sandblåsing, båtbygging, sjukehusutstyr, reklamebyrå og filmproduksjon.

Det er og fleire entreprenørar i kommunen både innan maskin/transport og bygg/anlegg.

Service
Innan Service har vi eit næringsliv som yter det meste av dei tenestene som trengst. Det er bygt ut forretningssenter i Gaupne ligg kjøpesenteret Pyramiden. I Gaupne vil ein og finne tilbod som:
- rekneskapstenester
- bank
- konsulent innan bygg
- reingjeringsfirma
- datatenester
- bilverkstader osv.

Elles i dei ulike bygdesentra vil ein finne nærbutikkar.

Kraftutbygging
Luster kommune er den største kraftprodusenten i Sogn og Fjordane - ja - faktisk ein av dei største i heile landet.

Dei største fallrettane i Luster vart tidleg på 1900-talet kjøpt opp av framandfolk. Fallrettane skifte mange eigarar før ÅSV fekk hand om Fortun på 1950-talet og bygde ut eit av landets største kraftverk der. For Jostedals- og Leirdøla-vassdraga lengre vest skjedde det ikkje noko før Staten vart eigar av fallrettane og bygde ut på 1970- og 1980-talet.

Kraftutbygginga har gitt kommunen næringsfond og årlege avgifter som primært skal nyttast til næringsutvikling. Dette gjer at kommunen kan tilby tilskot og rimelege lån til næringslivet.

Kraftproduksjonen gjev og ringverknader i form av sysselsetjing; det er 70-80 personar i kraftproduksjon/formidling i kommunen. Desse er tilsette i Statkraft og Hydro Energi. Småkraftprosjektet
Luster kommunestyre vedtok i mars 2003 at kommunen i lag med Luster Energiverk og Luster Sparebank skulle starte opp eit 2-års prosjekt som skulle arbeide med småkraftverk. Gjennom prosjektet skulle ein byggje opp ein lokal kompetanse som skulle kunne gå inn i konkrete utbyggingsprosjekt og vurdere tekniske løysingar og økonomi. Å lose ei utbyggingssak gjennom den formelle godkjenningsprosessen var også ei oppgåve som var lagt til stillinga.

Til å leie prosjektet vart tilsett Torbjørn Tuften. Tuften kom frå stillinga som plansjef i kommunen. Prosjektet har ei styringsgruppe som er samansett av Ernst Veum frå kommunen, Karin Vikane frå sparebanken og Svein Halveg frå energiverket.