Reiseliv
Reiseliv er ei viktig næring i kommunen slik at vi i dag har 7 hotell, 11 campinganlegg, fleire anlegg for hytteutleige, gjesteheimar og pensjonat. Kommunen vert årleg vitja av hundretusenvis av turistar, der Tyskland, Nederland og Noreg representerer den viktigaste marknaden.
For
naturinteresserte
er Luster eit eldorado. Mellom dei mange turistattraksjonane er:
Jostedalsbreen,
Jotunheimen, Sognefjorden
(web-side)
og den eldste stavkyrkja i landet:
Urnes stavkyrkje
.
Ski Sogn
er eit eige satsningsområde der
Sogn skisenter
og
Sogndal skisenter
samarbeider med aktivitetsselskap om utvikling av vinterturisme.
For aktivitetsinteresserte har vi fleire bedrifter med tilbod:
(web-sider)
Jostedalen breførarlag
Norgesguidene
Vetle - Kroken Havkajakk
Ice Troll - bresjøkajakk
Ynskjer du på merka tursti - sjå her
Sognefjellsvegen
som er utpeika som Noregs Første Nasjonale Turistveg går frå Lom til Luster med nærare 100.000 bilar i sesongen frå 1. mai til medio oktober.
Ved å klikke på flagga
nedanfor kan du lese meir om dei mange tilboda som finns i Luster kommune på
Sognefjord.no
.
Sist endra av Anita Bjørk Ruud, 01/21/2010