Kultur og fritid
Samansett bilete - ulike kulturartarMange har forsøkt seg på å forklare ordet kultur. I tillegg til at ordet i seg sjølv betyr å dyrke, er kultur- politikk og kulturarbeid innan den offentlege forvaltninga i stor grad eit verkemiddel for å skape trivsel og identitet - kvalitativt gode opplevingar av kunst, idrett, sang og musikk, teater og lokalhistorie. Men kultur handlar også om det som folk skapar og utviklar i lag, eller kvar for seg. Nokre vil gjerne definere kultur som "alt som gjer livet verdt å leva". I Luster kommune er kulturomgrepet avgrensa til dei områda som tradisjonelt vert omtala som ungdomsarbeid, fritidssyslar og kulturvern. Innanfor kvart av desse uttrykka skjuler det seg mange ulike aktivitetar.

Ungdomsarbeid
Ungdomsarbeid omfattar særleg desse felta: tilskot til ulike fritidstiltak og rus og kriminalitets føre- byggande arbeid kommunen har prioritert.

Fritidssyslar er også samansett av ulike felt som t.d. alle typar nærmiljøtiltak, vaksenopplæring og idrett- og friluftsaktivitetar. Kulturtiltak til lag og organisasjonar ligg også innanfor denne definisjonen.

Kulturvern
Innan kulturvern har Luster kommune valt å prioritere 3 sentrale felt: Lokalhistorisk formidling og bevisstgjering, vern av kulturminne og kulturlandskap gjennom ein eigen kommundelplan og sist men ikkje minst prosjektarbeid med konkrete mål om kunnskapsformidling og heving av informasjonsverdien. Herunder ligg også kommunen sitt engasjement for å få produsert ei samla Gards- og ættesoge for Luster kommune.

Kunstnarisk utsmykking
Tiltak som kunstnarisk utsmykking av offentlege bygningar og anlegg, tilskot til ulike trusamfunn i tillegg
til den økonomiske oppfylgjinga av overføringar til den norske kyrkja og drift av Gaupne idrettshall og Jostedal samfunnshus ligg også til kultur.

Kulturkontoret vil også vera ein ressurs for tillitsvalde i lag og organisasjonar som treng hjelp med søknader og planar, prosjektutvikling og opplæring av nye tillitsvalde.

Bemanning
Kulturkonteret er bemanna med kultursjef og for tida 2 prosjektmedarbeidarar på bygdebok-prosjektet. Kultursjefen har i tillegg funksjonen som barn- og ungdom sin representant i plansaker, koordinator for SLT-prosjektet (Samordning av lokale rus-og kriminalitetsførebyggjande tiltak) og kommunen sin representant i UNESCO si samarbeidsgruppe for Urnes stavkyrkje som er på The World Heritage List.

Sist uppdatert av Else Kalhagen, 01/13/2005