Sjå etter rovdyrspor
Etter kvart som dagane vert lengre og mildare er det sikkert mange som tek seg ein skitur i fjellet. Fjelloppsynsmann Einar Fortun (tlf. 58 68 55 81/976 22 053) er interessert i å få inn observasjonar på rovdyrspor som de måtte koma over. Spor i snøen er lette å sjå, men kanskje ikkje like lett å vite kva dyr spora stammar frå. Vi vil difor her gi nokre tips om kva som er viktig å legge merke til.



Her ser de fotavtrykk av dei fire største rovdyra. HF = Høgre framfot. HB= Høgre bakfot. VB = Venstre bakfot. VF = Venstre framfot.

Ulven
Avtrykka viser fire tær. Framfot: 9,5 - 12 cm langt, 9,0 - 11 cm breitt. Bakfot: 8,5 cm langt, 7,5 - 9 cm breitt. Ulven går mest i trav. Sporrekka rett rettlinja og går målbevisst i terrenget. Ulven nyttar høgdedrag og følgjer ofte skogsbilvegar. For å unngå menneske og for å smyga seg inn på byttetedyr, kan ulven nytta grøfter og låge drag i terrenget.

Feiltolkingar: Sporteikn etter rev, gaupe og hund blir ofte feiltolka som ulv. Ulv og hund kan ikkje skiljast berre på poteavtrykka åleine.

Gaupe
Avtrykket viser fire tær, men ikkje kloavtrykk. Framfot: 6,3 - 11 cm langt, 5,5 - 13 cm breitt. Bakfot: 5,5 - 10 cm langt, 6,0 - 12 cm breitt. Gaupa går mest i skrittgang, men trav er også vanleg. Gaupa held seg ofte i vanskeleg terreng der ho utnyttar høgdedrag og åskantar. Spora går målbevisst i terrenget.
Viktige sporteikn: Gaupa utmerkar seg ved at ho lett bevegar seg i vanskeleg terreng. Ho kjem lett over høge skrentar, klatrar i tre og balanserer langs liggjande tre osv.
Forvekslingar: Gaupe og ulvespor kan lett forvekslast, men gaupa er ikkje så tung som ulven og ber difor lettare i laus snø. Gaupa har større poteavtrykk enn rev.
Gaupa har ei skulderhøgd på 60 - 75 cm. Kropps lengda er 120 - 140 cm. Vekt hann: 15 - 25 kg, ho: 12 - 20 kg. Farge: Raudgrå til gulbrun med få eller mange svarte prikkar. Kvit underside og svart haletupp. Øyro har 3 - 4 cm lange svarte hårduskar.

Gaupespor

Jerv
Det spesielle med jerven er at han har fem potar, og at spora syner også ofte kloa. Framfot: 9 - 18 cm langt, 7- 14 cm breitt. Bakfot: 8 - 12 cm langt, 6 - 14 cm breitt.
Viktige sporteikn er at spora fører til snøholer, under kantar på snøbrear eller i ur. Jerven går også målbevisst i terrenget, og galopp (tre spor) er den mest vanlege framkomsten. Dei fleste hia plasserer han i snøfenner som vert laga under overhengjande bergskrentar.

Jerven har ei skulderhøgd på 35 - 45 cm. Kroppslengda er 70 - 90 cm. Vekt hann: 12 - 18 kg, ho: 8 - 13 kg. Farge: Oversida er mørkebrun til brunsvart. Gulbrunt band over panna, skuldre og langs sidne, og over fremste del av halen. Undersida og føtene er brunsvarte.
Bjørn
Sjølv om det vart sett bjørn ved Berge i Fortun i forfjor, treng vi ikkje rekne med å treffe på han, eller sjå spor av han på denne tida av året. Men vi kan no gjengi måla på spora etter føtene hans likevel. Framfot: 10 - 16 cm langt, 11 - 17 cm breitt. Bakfot: 12 - 26 cm langt, 11 - 17 cm breitt.


Jervespor i galopp


Sist endra av Sentralbordet Luster, 12/23/2005