Spelemidlar 2011
Lag og organisasjonar kan søkje om statstilskot (spelemidlar) til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg og nærmiljøanlegg. Søknaden skal gå gjennom kommunen. Prosjektet må vere med i kommunal plan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse.
For mindre nærmiljøanlegg med ein kostnad på inntil kr. 80.000 er det ikkje søknadsfrist. Desse søknadene vert handsama fortløpande. Meir informasjon om mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg kan du finne på fylkeskommunen sine nettsider.
Spelemiddelsøknadene skal sendast elektronisk. Søkjarar finn søknadsskjema og alle vedleggsskjema på nettsida idrettsanlegg.no. Her ligg og lenker til publikasjonar som er relevante i søknadsprosessen.
Frist for å søkje om spelemidlar i Sogndal kommune er 1. oktober 2010
Meir informasjon om ordninga kan du få i tenestetorget, eller du finn det på heimesida under tenester og skjema og kultur. Du kan lese meir om tilskotsordninga på kulturdepartementet sine nettsider.
Siste nyhende:
/blank1x1.gif/$File/blank1x1.gif) | 07.09.2010 |
/blank1x1.gif/$File/blank1x1.gif) | 07.09.2010 |
/blank1x1.gif/$File/blank1x1.gif) | 02.09.2010 |
/blank1x1.gif/$File/blank1x1.gif) | 31.08.2010 |
/blank1x1.gif/$File/blank1x1.gif) | 24.08.2010 |
/blank1x1.gif/$File/blank1x1.gif) | 24.08.2010 |
|
|