A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
omvendt-julekalender-sos-barnebyer

"Omvendt julekalender" på skulen

Solidaritet i førjulstida

No er haustaksjonen til inntekt for born på flukt i/frå Syria avslutta, og me fekk inn 13200 kroner! Det er me stolte av, men like viktig er det at ungane ved oppvekstsenteret lærte om born på flukt og andre ting knytt til flyktningekrisa. Me vidarefører solidaritetsarbeidet no i desember mellom anna med "Omvendt julekalender" på skulen. Dette er eit opplegg laga for skular der me kvar dag ser ein liten videosnutt frå ulike born sin situasjon rundt om i verda, og elevane her kan avtale å gjere små jobbar heime som dei får pengar for frå foreldra og leverer i ein lukka konvolutt kvar tysdag fram til jul (ingen ser om det er pengar i konvolutten eller ikkje). Sjå gjerne dagens kalenderluke i lag heime!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS