Om Solvorn oppvekstsenter

Solvorn oppvekstsenter med skule, barnehage og SFO, er plassert i sjarmerande Solvorn. Dette er ei av dei fine bygdene i Luster kommune, og som er med på å gjera kommunen så unik som den er. Bygda ligg ved Lustrafjorden, og oppvekstsenteret har passeleg gå-avstand ned til stranda og det historiske strandsitjarmiljøet. Rett over fjorden, på Ornes, ligg Urnes stavkyrkje, som er på UNESCO si verdsarvliste. Strandsitjarmiljøet og verdsarven er noko elevane lærer om og vert kjende med i undervisninga. 

Skule og barnehage har ulike fellesaktivitetar gjennom året. I nærleiken til oppvekstsenteret har me ein felles naturplass med gapahuk og benker, og som er ein glimrande arena for leik og fysisk utfalding.

Barnehagen er éin-avdelingsbarnehage med 18 plassar for barn 1-5 år. Skulen er 1-7 skule, og i år er det 17 elevar ved skulen.

SFO

Dette er eit populært tilbod. Elevane får vera med på ulike aktivitetar både ute og inne og nyttar nærområdet aktivt. SFO lagar sin eigen årsplan der elevane får gjera seg ulike erfaringar og bruka ferdigheitane sine.

Skulemiljø

Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse og trivsel. Dette har alle tilsette på skulen ansvar for.

§9A i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og reglane skal gjelda både i leksehjelpsordninga og i SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing.

Skulen si aktivitetsplikt skal sikra elevane eit trygt og godt skulemiljø. Aktivitetsplikta har desse delpliktene:

1. Plikt til å følgja med

2. Plikt til å gripa inn

3. Plikt til å varsla

4. Plikt til å undersøkja

5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)

Når du melder frå om at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal skulen undersøkja saka, lytta til eleven, samarbeida med føresette og setja inn tiltak når det er behov for det (aktivitetsplan). 

Ta kontakt med skulen; kontaktlærar eller rektor, dersom du opplever at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Du kan også kontakta helsestasjonen på telefonnummer 57 68 56 05.

Statsforvaltaren i Vestland
Dersom elev eller føresette seier frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan (aktivitetsplan) som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen har føresette høve til å påverka. Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke, kan eleven eller føresette kontakta Statsforvaltaren, som vurderer om skulen har gjort det den skal.  

Informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland

Ein trygg skuledag utan mobbing

Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Informasjon om mobbeombodet i Vestland

 

Andre aktuelle nettstader

Utdanningsdirektoratet:
Skolemiljø
Mobbing og mistrivsel – kva skal skolen gjera?
Nullmobbing (nullmobbing.no)

Senter for IKT i utdanningen si nettside om personvern, nettvett og digital dømmekraft:
http://www.dubestemmer.no/

Råd og utval

Samarbeidsutval (SU) / Skulemiljøutval (SMU)

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld samarbeidsutval:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Samarbeidsutval (SU): 

  • Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skulen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.
  • Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

 Medlemmer av Samarbeidsutvalet 2023/24:

  • Representantar frå FAU:​ Irene Haugen, skule

                                           Steffen Hilleren

                                           Solveig Nordengen Hatlevoll, barnehage

                                          Henrik Kvam, barnehage

  • Representant frå elevrådet: Lukas Haugen Bjarnason
  • Representant frå undervisingspersonalet: ​​Gro Anita Røren
  • Representant frå øvrige tilsette: Irene Hundershagen
  • Representant frå kommunestyret: Marianne Bugge
  • Representant frå pedagogisk personale barnehage: Berit Haganes
  • Representant frå kommune: Grete Marie Skårhaug Solvi

Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld FAU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Foreldreråd (FAU):

  • På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.
  • Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.
  • Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

Foreldregruppa i kvar klasse vel ein klassekontakt og ein vara for denne. Desse to er tillitsvalde foreldre i klassen og har som oppgåve å vere felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. FAU ved Gaupne skule består av alle klassekontaktene frå 1. - 7. klasse. FAU møtes fleire gonger i løpet av skuleåret for å jobbe med saker som vedkjem samarbeidet mellom heim/ skule og andre saker som kan betre situasjonen for borna våre. FAU vel eit styre. Frå dette styret møter leiar og nestleiar i samarbeidsutvalget (SU) for Gaupne skule.

FAU skuleåret 2023/24:

  • Leiar:
    Irene Haugen, klassekontakt 5.-7. kl.
  • Nestleiar:
    Steffen Hilleren, klassekontakt 1.-4. kl.
  • Skrivar:
    Ingrid Fraas, klassekontakt 1.-4. kl.
  • Medlem:
    Ole Inge Skagen, klassekontakt 5.-7. kl.

Arbeidsoppgåvene for FAU dette skuleåret vert i hovudsak å arrangera aktivitetar i klassane, samt den praktiske gjennomføringa av jule- og sommarfesten.

Samarbeid med heim - skule/barnehage

Skulen/oppvekstsenteret ynskjer eit tett samarbeid med føresette som er tufta på likeverd og respekt for kvarandre. Det er viktig at ein kommuniserer godt begge vegar. Dersom det skulle oppstå vanskar, vil tidleg og felles innsats som regel løyse problemet.

Det er viktig at foreldra held seg oppdaterte ved å sjå i mappa til elevane. Elevane får vekeplan/arbeidsplan kvar veke. På desse planane vil ein i tillegg til timeplan, vekemål og lekser/heimearbeid, også få informasjon om t.d. turar, konsertar og andre planlagde aktivitetar. 
Når foreldra til eleven ikkje bur saman, sender me heim informasjon til den av foreldra som har det daglege ansvaret. Dersom begge ynskjer informasjon, kan dei gje melding til kontaktlærar om dette.

Føresettportalen - Visma Flyt Skule/Visma Flyt Barnehage  
Luster kommune brukar Visma Flyt Skule som skuleadministrativt system. For barnehage nyttar ein tilsvarande system; Visma Flyt Barnehage. Tilsette og føresette kan logga seg inn den tilhøyrande app`en Foresatteportalen og enkelt senda meldingar mellom heim og skule/barnehage. Føresette loggar inn med ID-porten. 
 
Foreldremøte
Alle klassar har foreldremøte i byrjinga av skuleåret. Då går lærarane i klassen gjennom mellom anna felles reglar og ordensreglement, klassen sine reglar og rutiner, «Dette forventar skulen av deg», korleis ein arbeider med læringsmiljø i klassen, elevane sine rettar i høve til opplæringslova kap. § 9A, skulen sine satsingsområde og drøftar foreldresamarbeidet i klassen. 1.-4. og 5.-7. har val av klassekontakt og vara for denne. Desse to er tillitsvalde i klassen og har som oppgåve å vera felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/skule. 

 

Utviklingssamtalar
To gonger i året vert føresette inviterte til utviklingssamtale/foreldresamtale saman med kontaktlærar og lærar. Eleven kan vera med på heile eller deler av samtalen. Ein går gjennom eleven si faglege og sosiale utvikling. Ein set i fellesskap opp mål for vidare utvikling.
Barnehagen gir tilbod om to foreldresamtalar i året, ein haust /vår, er ein tek opp utviklinga og behova til barnet. Ved behov/ynskje vert det også sett opp samtalar utanom.