A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Sommar

Då er sommarferien her. Elevane gledde seg til velfortent ferie i dag. Dei siste vekene har gått til øving og turar. I dag fekk elevane sjå video frå "Den levande skogen", og det var kjempekjekt å få sjå att :) Me har flinke elevar, og dei kan vera stolte! Til filmen vart det spandert is, og elevane fekk kosa seg med det dei hadde med seg. Til slutt på dagen var alle samla i hallen til merkeutdeling, symjemerke og idrettsmerke, og alle fekk. Me takka fint for no til Olav og Mikael med ei helsing og gåve frå skulen, sidan dei skal begynna på skulen ved Skjolden oppvekstsenter.Lukka til der, Olav og Mikael:). Så måtte me også takka for no til Tone Helen som skal tilbake til barnehagen ved Indre Hafslo oppvekstsenter. Lukka til der!

Me ynskjer alle elevar og føresette ein god og fin sommar!

Helsing alle tilsette.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS